
1 minute read
Suksessen frå i fjor kjem att
from Posisjon 2023-3
by GeoForum
GeoForum Hordaland og Plan og Temadata Utvalet (PTU) inviterer til fagadag på Opus XVI 6. desember frå 9 til 15.
Kom, ta morgonkaffien saman med eit spanande menneske du ikkje har møtt før, som er like interessert i plan og temadata som du. Få fagleg påfyll og nyt ein lunch, med to rettar, i Brasseriet på Opus XVI. Diskuter første økt av dagen under måltidet, eller berre gled deg til resten av dagen.
For her kjem det eit program som har deg i fokus, tettare kopling av folk og fag innan plan og temadata. Programmet er i arbeid, men me kan røpa at det vert innslag både om kvikkleirekartlegging i ein vestlandskommune, oppfølging av «Kritiske punkt i elvar og vassdrag» og kan henda eit velforvalta hjortevald? For kva er ikkje temadata?
Mykje har skjedd sidan i fjor, me er ivrige etter å fortelja og gje deg ein dag med fagleg innhald, erfaringsutveksling og gode diskusjonar.
Set av dagen allereie no; 6. desember, kom! Me gler oss til du kjem.
Meir informasjon finn du etter kvart på GeoForum.no
