Sirdalmagasinet 2-2020

Page 53

Hyttedølen

Mimrestund har gull i munn

Ivar Losnedal, pensjonert norsklærer med hytte i Solheimsdalen, har feriert i Sirdal siden han var liten guttunge og er stadig oftere i Sirdal. Her deler han Sirdalsbetraktninger fra sitt ståsted som hyttedøl.

O

ptimismen som hang i lufta i sist Hyttedøl, lava ned som snø i løpet av vinterferien. Me som har levd ei stund, har sett liknande scenario før. Nå får me bare sitje roleg i båten og ikkje provosere vergudane til omkamp om påskesnøen. I dei såkalla gamle dagar hugsar eg stort sett bare snørike vintrar. Nå er minnet i slike samanhengar ofte ein upåliteleg følgjesvenn – men statistikken gir meg noko støtte. KJØPET. Me kjøpte gamle filialen vinteren 1962. Visning – med 3-4 timars køyretid kvar veg – var ei urimeleg øving på den tida. Me blei heller forklart stad og utsjånad og skulle leige han – med opsjon på seinare kjøp – som det heiter på fotballspråket. Gode av sveitte etter å ha spadd oss inn i høge brøytekantar – forlet me bilen – med snø til spagaten – på jakt etter vinterparadiset. På den tida var ikkje utvalet alarmerande, så me oppdaga snart konturane av eit tak nokre symjetak lenger framme. Det vart seint kveld før me endeleg nådde ned til døra og kunne stige inn i fryseboksen. Med meir lys og meir varme synte innsida seg å vere både sjarmerande og særprega. Likevel vart den nyvunne idyllen snart forstyrra av eit meir presserande problem; Kor var utedoen? Neste dag vitja med Sigbjørn – storbonden på den eine av Solheimsgardane – og fekk nyttige tips. Med skistavane som søkjepinnar kjende me snart eit hardt materiale og starta dei arkeologiske utgravingane. Nokre timar seinare kom heile herlegdomen til syne – ei slags open løysing med utsikt ville vel meklaren sagt. Eg trur ikkje sistnemnde plussfaktor eller dei enorme snømengdene det året, var avgjerande for kjøpet. Me hadde vore på ulike plassar i dalen tidlegare. Sjølv har eg ennå minne frå strabasiøse sledeturar og fine opplevingar i bakkane mellom Sinnesgarden og Neset. Men avgjerda blei starten på sirdalslivet mitt og skulle framover bli ein viktig og usliteleg tråd i livsveven. PÅSKE OG KØ. Det nærmar seg påske og 13.000 rogalendingar skal snart invadere dalen med 300 fastbuande nord for Dorgefoss. Det blir høgtid for kø – frå kampen om parkeringsplassar til skipromenering i dei mest parfyrmerte løypene. Hos GP slynger radene av folk seg rundt reolane, og det er ikkje alltid like lett å sjå kva kø ein høyrer heime i. Nostalgien seier meg at kaoset ikkje var mindre på tidleg 60-tal – trass i færre folk og to butikkar i tillegg – Vesstun landhandel

Nedsnødde biler ved Solheim, 1967. Foto: Magnus Espedal fra boka «Sirdal»

og Tjørhom handelslag. Innanfor lokalet til sistnemnde var det trangt om plassen. I samla flokk kjempa folk seg fram til disken. Her blei handlelista resitert, varene funne fram og prisane skrive ned på blokka. Deretter vart det hovudrekning – med minnetal og kontroll. Reknemaskinen hadde ennå ikkje sett Tjørhoms lys. Slik gjekk ein heil dag til handling – på ski med Lauritz Bergendahl på ryggen. Bilen skulle me spa fram 2. påskedag PERSPEKTIV. Eg trur det vert ei framifrå påskeveke. Lågtrykka må vere brukt opp – nå står vårsola for tur. Me hyttefolk skal vere takksame der me sit utanfor våre komfortable og velutstyrte buplassar. Men mykje vil ha meir og nokre får aldri nok. Dei siste åras fattigslege trong til stadig å byggje større, dyrare og meir luksuriøst er både umusikalsk og lite sjarmerande. Han bommar på tidsånda og er ein kunnskapslaus spegling av framtida. Dermed ikkje sagt at me skal drøyme oss bakover og romantisere fortida – ho var for slitsam til det. Men me skal heller ikkje gløyme historia vår. Når Hunnedalen er stengd og me noko grinete må køyre om Tonstad, hugs da at ein gong stoppa bussane på Omlid. Her stod bøndene med hest og slede og frakta proviant og byfolk fram til ulike gardar og stølar oppover i dalen. Lenge sidan? Litt før mi tid – men etter Svartedauden.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.