ROSinfo 2/20

Page 16

FOKUS

S J Å PÅ M E G! TEKST: MARIANNE CLEMENTINE HÅHEIM ILLUSTRASJON: NILLE HORGEN, @NILLEILLUSTRATIONS Som barn ropte eg ofte desse orda. Kanskje hadde eg funne opp ein dans, laga eit skodespel eller lært meg å hinke heile vegen over tunet – det viktigaste var at nokon såg. Behovet for å bli sett og bekrefta av dei rundt oss, er naturleg og djupt menneskeleg. Som barn ser vi til foreldre og søsken, seinare til venner og jamaldrande. Andre sine blikk og tilbakemeldingar instruerer, korrigerer og motiverer oss. Å bli bekrefta av andre er ein viktig måte å lære på, og noko vi alle treng. Problema oppstår først når behovet for bekreftelse utanfrå blir for stort, eller får overstyre det vi sjølv måtte tenkje og meine. Å vere ytrestyrt, altså ha fokus på forventningar og krav utanfor oss sjølve, kan føre til at ein ikkje blir kjend med seg sjølv og sine eigne behov. Slik hadde eg det i mange år. Allereie som barn var eg veldig opptatt av kva andre syntest om meg, og ville gjerne gjere alle til lags. Mange val var styrt av mi frykt for å gjere noko feil, få kjeft eller bli avvist. Blikket utanfrå blei etter kvart også viktig for korleis eg såg og oppfatta min eigen kropp. Eg vart tidleg medviten om at ulike kroppstypar blei tillagt ulik verdi, og at det «beste» var å vere tynn. Eg begynte å leike med tanken på å endre på kroppen min for å bli tynnare og dermed betre. Slankeforsøka starta tidleg, motivert av eit ønske om bekreftelse frå andre. Som 13-åring fekk eg min første sommarjobb, og var plutseleg i eit arbeidsmiljø med menneske frå heile verda. Dei var unge vaksne som eg såg opp til og hadde lyst til å bli likt av. Den sommaren begynte eg på ein slankekur som skulle føre til alvorleg anoreksi. Eg trudde kollegaene, særleg han eg hadde eit godt auge til, kom til å leggje meir merke til meg dersom eg gjekk ned i vekt. Eg trudde at kroppen var berar av min verdi. Det gjer vondt å tenkje på i dag, men slik var det eg såg verda den gong.

16

Dessverre verka det lenge som om hypotesen min stemte. Eg gjekk ned i vekt, og folk la merke til det. Eg fekk positive kommentarar som gav meg blod på tann. Eg tenkte at kommentarane berre ville bli fleire og meir positive jo tynnare eg vart, så eg la meg i selen. Kjensla av meistring og kontroll var berusande. Endeleg fekk eg det til. I løpet av kort tid tok maten fullstendig styring over livet mitt. Slankeprosjektet utvikla seg til ei spiseforstyrring som enda med innlegging. Eg stritta imot behandling heile vegen til psykiatrisk avdeling. Eg hadde det vondt både psykisk og fysisk, men ville ikkje endre på noko. Eg ville bli i den skrøpelege kroppen, for eg trudde framleis at det å vere tynn var billetten til kjærleik, aksept og lukke – sjølv om alt i livet mitt peika på det motsette. Vegen tilbake til normalvekt var smertefull. Etter fire månader på sjukehus fekk eg reise heim, litt mindre skrøpeleg enn eg hadde vore, men framleis med kaos i hovudet. Eg tenkte mykje på korleis folk kom til å reagere på vektoppgangen min. Var lei meg for at eg ikkje hadde klart å få meg kjærast medan eg var på det tynnaste, og slik eg såg det, finaste. Andre sine blikk betydde alt. Det distraherte meg nok frå viktige prosessar i tilfriskinga, og gjorde at eg ikkje klarte å nyttiggjere meg den behandlinga eg fekk. Det er vanskeleg å jobbe med eigne tankar og kjensler når ein konstant tenkjer på kva andre synest. Det skulle ta mange år før eg kunne kalle meg frisk. Som 16-åring utvikla eg bulimi, noko som bringa med seg dramatiske endringar både i kvardagen, sinnet og kroppen. Eg var ikkje synleg sjuk lenger, og det var vondt å merke at folk dermed såg meg annleis. Blikka endra seg. Som alvorleg undervektig hadde eg fått merksemd og omsorg, og framande hadde snudd seg etter meg på gata. Det spelte ikkje noka rolle om dei hadde gjort det av sjokk, avsky eller frykt – eg sakna det likevel. Snart stod eg igjen og ropte: Sjå på meg!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.