ROSinfo 2/20

Page 8

FOKUS

Å SJEKKE INN SOM MENNESKE TEKST: MARIANNE CLEMENTINE HÅHEIM FOTO: PAAL AUDESTAD Det kan ta tid å introdusere Ingeborg Senneset, for ho har mange roller og er engasjert på mange frontar. Blant anna er ho journalist, forfattar, foredragshaldar og utdanna sjukepleiar. I 2017 kom boka Anorektisk, som gjennom dagboknotatar og blogginnlegg gir eit innblikk i Senneset si lange historie med anoreksi og tvangslidingar, og skildrar korleis ho opplevde åra som pasient i psykiatrien. Bak seg har ho blant anna tre år som inneliggande pasient i sjukehus. I dag er Ingeborg Senneset ein ressursperson som blir spurt om å gi sine perspektiv på alt frå psykiatri til vaksinar. Ho har også vore ei stemme for betre behandling av rusavhengige, og fleire gonger trekt parallellar mellom anoreksi og ruslidingar, blant anna i eit portrettintervju med =Oslo i 2017. Eg ringer henne for å snakke om avhengigheit, temaet for denne utgåva av ROSinfo. Ordet «avhengigheit» gir fort assosiasjonar til skadeleg avhengigheit av for eksempel rusmidlar, men kan bety og omfatte mykje meir. Kva rolle har avhengigheit spelt i ditt liv? – Som dei fleste andre, trudde eg som yngre at avhengigheit gjaldt dei vi kalla «narkomane». Heldigvis har vi kome dithen at vi ikkje lenger automatisk snakkar med nedlatande språk som knyter det så sterkt til kriminalitet. No snakkar vi heller om rusavhengige og rusbrukarar. – Sjølv har eg kjent kor tilfeldig det var at eg hamna akkurat i anoreksi. Eg sleit mykje som barn, og eksperimenterte med former for sjølvskading i eit

8

forsøk på å lindre det vonde eg bar på. Så las eg heilt tilfeldig ei bok som blant anna skildra ei jente som hadde anoreksi, og i mitt hovud verka det kjempelurt – ein måte å skade seg på som var heilt usynleg. Det vart jo synleg til sist, men ikkje før mange år etterpå. Eg utvikla ei avhengigheit til spiseforstyrringa, til å bruke mat og svolt for å halde meg stabil. Eg brukte ustabilitet for å handtere ein annan ustabilitet. Tenkjer du at mat eller fråvær av mat kan fungere som rusmiddel? – Samanlikninga mellom spiseforstyrringar og ruslidingar er god når det gjeld utgangspunktet, men ikkje lenger så god når ein begynner å sjå på konsekvensane. Det er heilt andre sosiale og økonomiske utfordringar viss du brukar rusmidlar. Det kan vere utruleg dyrt å ha bulimi eller overspisingsliding, for eksempel, men det er ikkje samanliknbart med å bli involvert i kriminelle miljø. Det er ulike sjukdommar på mange måtar. At det som er din rus, er tilgjengeleg på nærbutikken, er ikkje nødvendigvis ein fordel. Du kan aldri fjerne deg frå eit matmiljø, som du i ein annan grad kan frå eit rusmiljø. Du må lære deg å leve med riktig dose. Og så går det jo i periodar. Ein er ikkje dømt til å vere elendig resten av livet. – Det som har vore viktig for meg, er først og fremst å bryte ned den heilt misforståtte pidestallen som anoreksi står på. Eg har oppfatta det som at anoreksi står øvst på ei slags rangering av sjukdommar, og at ein tenkjer at den som har anoreksi, liksom har mest kontroll. Så kjem dei med «mindre kontroll», som personar med bulimi og overspisingsliding, og så rus under der igjen. Rusbruk har jo til og med blitt sett på som kriminelt. Eg har lyst til at dei skilja skal brytast ned. Det som skil ein med anoreksi frå dei andre, er at den med anoreksi har to problem samtidig – ei undervekt og ei psykisk liding.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.