7 minute read

Dei som møter deg, kven møter dei?

Ny spalte! Dei som m øter deg,

«Vi har hatt det vanskeleg lenge. Dette er siste sjanse. Ungene våre slit og, eg er heilt sikker på at dei merkar at vi ikkje har det bra. Eldstemann fekk akkurat avslag hos BUP og barnehagen har meldt bekymring til barneverntenesta fordi ho yngste berre kranglar og slåss med dei andre borna og tissar og bæsjar på seg istadenfor å gå på do. Eg og er skikkeleg bekymra for ho.» Mannen i familien Nordmann nikkar. Dette er Kari og Ola einige om, men ikkje så mykje meir, viser det seg. Kor skal vi byrje?Etter å ha snakka med dei om det klør eg meg framleis i hovudet, men eg viser dei det ikkje.

Tekst : Angunn Trovåg Mjøs

Kjenner du deg att?Eller kanskje du pleier å løyse slike startvanskar og prioriteringar på tilfredsstillande vis? For eit par år sidan hadde eg fått nok av å kjenne meg så rådvill. Etter årevis med diverse utdanningar og kursing for stadig å utvikle min hjelpekompetanse, sat eg att meir oppgitt enn nokon gong. Skulle eg tilby familien Nordmann Marte Meo? Eller kanskje PMTO? Kva med å eksternalisere familiens vanskar, her må jo bu eit monster i denne heimen som dei kan forhalde seg til på anna vis?ICDP famnar jo alt, kanskje det bør vere starten? Eller bør eg fokusere på tilknyting mellom foreldre og born og gje dei COS-P? Det er vel openbart at sterkare relasjonar i denne familien vil kunne hjelpe desse borna?For øvrig vil borna ha nytte av at foreldras relasjon vert betre, så kanskje parterapi, eller bufferkurs? Om dei vel å gå frå kvarandre, kanskje eit Fortsatt foreldrekurs vil vere tingen?Etter mekling så klart.

Eg byrja å lure på kor den systemiske familieterapeuten eg visste eg hadde i meg hadde blitt av. Eller var eg meir systemisk enn eg var klar over i mine samtalar med klientar? Eg måtte finne ut av dette. Så eg byrja på master i familieterapi, 3.året, ved VID i Oslo og skreiv ein autoetnografi om mi historie som familieterapeut. No fekk eg det mest til å høyrast enkelt ut. Det var det

Eg byrja å lure på kor den systemiske familieterapeuten eg visste eg hadde i meg hadde blitt av.

k ven m øter dei ?

sjølvsagt ikkje. I mi villfaring den første hausten på masterstudiet, nærare bestemt 2019, året før året då verda «samla seg»om covid-19, tenkte eg at eg må jo intervjue nokon om noko for å skrive ein master. Det er jo det som er ein kvalitativ studie. Min oppmerksame vegleiar (eg likar ikkje det nynorske ordet «rettleiar») oppdaga raskare enn meg at eg var eigentleg ikkje så interessert i kva alle andre såkalla systemiske familieterapeutar dreiv med i terapistolen, eg var meir interessert i meg sjølv. Takk for den! Innleiingsvis var eg inspirert av orda «berika»og «besudla». Det var slik eg kjende meg. «Berika» av ei mengd metodikk, men «besudla» som familieterapeut. Men desse omgrepa funka slett ikkje på nynorsk, som eg fann ut eg måtte skrive på. Og kanskje heller ikkje i ei akademisk masteroppgåve. Så andre ord vaks fram hos meg; inspirasjon og integrasjon vart etterkvart dekkande for kva eg heldt på med. Kva hadde inspirert meg til å bli den familieterapeuten eg var der og då og korleis og kva hadde eg integrert og ikkje integrert av kunnskap? Kva rolle spela epistemologi i dette? Forskingsspørsmåla vaks fram.

Som einaste informant i min kvalitative studie, autoetnografien, kunne eg i skuggen av samfunnets koronanedstenging, stenge meg inne med laptopen. Å skrive akademisk om meg sjølv krevde mykje av meg. Det krevde nok mykje av vegleiaren min også. Han strauk over, stramma opp, pirka og var tålmodigheita sjølv. Eg ville jo helst skri ve ein sjølvbiografi, ein roman eller lyriske

Så eg stramma meg opp, lærte meg akademisk skriving og skreiv ei utradisjonell tradisjonell masteroppgåve med tematisk analyse av mitt datamateriale.

tekstar; eller i det minste illustrere med kunstneriske bilete inni kapitla om teori, analysemetode og drøfting. «Uaktuelt», fekk eg vite. Så eg stramma meg opp, lærte meg akademisk skriving og skreiv ei utradisjonell tradisjonell masteroppgåve med tematisk analyse av mitt datamateriale. Datamaterialet var heile mitt liv! Ingen kunne ta meg på å finne feil tema, ingen kunne ta meg på å utelate noko eller vere blind for mi eiga rolle i studien og ingen kunne gjere ein tilsvarande studie med same funn. I god sosialkonstruksjonistisk and konstruerte eg mine funn. Det vil seie, eg såg på korleis eg i mine kulturar, både heime i oppveksten og no, på arbeidsplassane mine med mine kollegaer og i høgskulestystema med mine medstudentar hadde konstruert kva som var viktig gjeldande kunnskap, kva som var rett og god terapi og korleis utøve den (denne lange setninga hadde vegleiaren min sjølvsagt bedt meg dele opp, men her avgjer eg!). Eg er meg i mine kulturar. Autoetnografi står for akkurat dette; meg i mine kulturar og korleis eg vel å framstille dette i ei skriftleg eller grafisk form. Eg fann ikkje overraskande ut at eg har vore særskilt oppteken av gode spørsmål, sosialkonstruksjonisme, systemisk terapi, hypotesar, ikkje-vitande posisjon, reflekterande team, vald og seksuelle overgrep, og kjensler og kropp som høgst tilstadesverande i terapi. I tillegg kjem all metodikk eg har vore oppteken av for å utvikle meg sjølv og mitt repertoar. Eg såg på kva arbeidskontekstar eg har vore delaktig i og korleis desse kulturane forma meg og gav retning for vidareutvikling. Det å vere familieterapeut og arbeide for barneverntenesta som «tiltak» har prega meg mykje. Då vi for nokre år tilbake «oppdaga» tilknytningsteori, tenkehjernen og kjenslehjernen vart dette svært styrande for korleis vi kollektivt tenkte om familiane vi møtte. Eg vart svært deterministisk av dette. Det var som om eg «visste» korleis det ville gå med borna eller «visste» kvifor foreldre sleit med å vere foreldre. Eg likte ikkje meg sjølv då eg oppdaga kor eg var i ferd med å gå i mi tenkning om familiar eg møtte. Også fleire andre tema valgte eg å dykke i. Korleis eg har brukt hypotesar i mitt arbeid har vore interessant å sjå på i fugleperspektiv. Eg ser at over mange år har eg gått frå å tenkje i store hypotesar til å tenkje meir i små hypotesar. Dei store hypotesane kom nok frå barneverntenestas skildringar som eg på eit vis adopterte som «sanningar». Med erfaring fann eg ofte at desse hypotesane ikkje var nyttige for meg og eg valgte å ha meir tru på eigne hypotesar. Desse var meir knytt til familiedynamikk og psykososial fungering mellom menneska i familien. No tenkjer eg at eg lagar meg små hypotesar som eg

Det er ikkje noko innovativt eller særskilt med mine tankar om hypotesar, kjensler og kropp,men eg trur ikkje eg er åleine om å famle med integrasjon av ulike tema.

relativt umiddelbart testar ut gjennom spørsmåla mine. Eg fann ikkje overraskande ut at eg har vore godt inspirert av Paolo Bertrando her (Bertrando,2007). Eg ser også at eg har hatt og framleis har stort fokus på kjensler og kropp i terapirommet. Eg famlar nok framleis med korleis eg plasserer dette systemisk teoretisk sett, men eg tenkjer at det heile mennesket har med seg kjensler og kropp som gir informasjon både innover til mennesket sjølv og utover til andre menneske, så dette høyrer naturleg med i terapi for meg. Her har eg vore inspirert av Tom Andersen. Det er ikkje noko innovativt eller særskilt med mine tankar om hypotesar, kjensler og kropp, men eg trur ikkje eg er åleine om å famle med integrasjon av ulike tema. Det hjalp imidlertid svært godt for meg å kategorisere kunnskap i terapiintern og terapiekstern kunnskap. Eg takkar Magne Mæhle og hans artikkel for mi oppdaging av desse omgrepa (Mæhle,2001). Å skrive ein autoetnografi var i stor grad for meg å vere sjølvrefleksiv og å ta sjølvrefleksivitet til eit neste nivå. Kven er eg i møte med mine klientar? Kven er terapeuten dei møter? Mine verdiar, haldningar, fordomar, forforståingar, måtar å tenke på og måtar å forhalde meg til kjensler på har eg i stor grad frå min oppvekst. Dette kunne eg studert mykje nærare. Eg kunne også studert mykje nærare korleis eg er og har vore sjølv som mor, men eg såg på samanhengar særskilt mellom alle foreldrevegleiings- prgramma eg har utdanna meg til å gje andre foreldre og på korleis mine foreldre var foreldre for meg. Eg såg også på korleis det å drive parterapi påverka mitt eige parforhold og omvendt. Eg vart både stolt av oss, enno meir fornøgd med parforholdet og utfordra det med kjensler eg tok med meg heim frå

This article is from: