Metaforum - September 2021

Page 12

! e t l a p s Ny

HVA E R D U Dei som m øt er d eg,

«Vi har hatt det vanskeleg lenge. Dette er siste sjanse. Ungene våre slit og, eg er heilt sikker på at dei merkar at vi ikkje har det bra. Eldstemann fekk akkurat avslag hos BUP og barnehagen har meldt bekymring til barneverntenesta fordi ho yngste berre kranglar og slåss med dei andre borna og tissar og bæsjar på seg istadenfor å gå på do. Eg og er skikkeleg bekymra for ho.» Mannen i familien Nordmann nikkar. Dette er Kari og Ola einige om, men ikkje så mykje meir, viser det seg. Kor skal vi byrje? Etter å ha snakka med dei om det klør eg meg framleis i hovudet, men eg viser dei det ikkje. Tek st : An gu n n Tr ovåg M jøs Kjenner du deg att? Eller kanskje du pleier å løyse slike startvanskar og prioriteringar på tilfredsstillande vis? For eit par år sidan hadde eg fått nok av å kjenne meg så rådvill. Etter årevis med diverse utdanningar og kursing for stadig å utvikle min hjelpekompetanse, sat eg att meir oppgitt enn nokon gong. Skulle eg tilby familien Nordmann Marte Meo? Eller kanskje PMTO? Kva med å eksternalisere familiens vanskar, her må jo bu eit monster i denne heimen som dei kan forhalde seg til på anna vis? ICDP famnar jo alt, kanskje det bør vere starten? Eller bør eg fokusere på tilknyting mellom foreldre og born og gje dei COS-P? Det er vel openbart at sterkare relasjonar i denne familien vil kunne hjelpe desse borna? For øvrig vil borna ha nytte av at foreldras relasjon vert betre, så kanskje parterapi, eller bufferkurs? Om dei vel å gå 12

Metaforum - september 2021

frå kvarandre, kanskje eit Fortsatt foreldrekurs vil vere tingen? Etter mekling så klart.

Eg byrja å lure på kor den systemiske familieterapeuten eg visste eg hadde i meg hadde blitt av. Eg byrja å lure på kor den systemiske familieterapeuten eg visste eg hadde i meg hadde blitt av. Eller var eg meir systemisk enn eg var klar over i mine samtalar med klientar? Eg måtte finne ut av dette. Så eg byrja på master i familieterapi, 3.året, ved VID i Oslo og skreiv ein autoetnografi om mi historie som familieterapeut. No fekk eg det mest til å høyrast enkelt ut. Det var det


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.