2 minute read

Blir sett og tatt vare på

med ulike tema og vere tilgjengelege for spørsmål og gje råd.

Bli kjent-dag ne. Her får dei servert nykokt havregraut, brødmat med godt pålegg og yoghurt med ulike gryn for dei som ønskjer det. Eit populært tiltak, viser oppslutninga. Elles dannar gode varmrettar, salatbar og heimelaga bakverk eit godt grunnlag for all aktivitet som går føre seg i dette hjartet av skulen.

Fredagen i første skuleveka er ein merkedag ved Stryn vidaregåande skule.

– Då har vi Bli kjent-dag for heile skulen. Då handlar det om skulemiljø og det å bli betre kjent på tvers og utanfor klasserommet, fortel miljøkoordinatoren.

– Her er alle engasjert og i sving. Vg3 organiserer kjekke samarbeidsaktivitetar, mentorar og kontaktlærarar følgjer klassane rundt om på stasjonar og tilsette grillar og serverar god mat og drikke. Denne dagen er den beste avslutninga på ei elles så hektisk første skuleveke.

Hybelbuarane får servert gratis middag med dessert fleire gonger i månaden. Miljøkoordinator, rådgjevar og kantinepersonalet står bak dette tiltaket.

I kantina finn ein biljardbord, bordtennis og airhockeybord som skapar nye vennskap på tvers av trinn og retningar. I tillegg er det temadagar med leik

Det vert lagt stor vekt på ivaretaking av elevar, både hybelbuarar og heimebuande, ved skulen. Team for elevteneste med helsesjukepleiar, rådgjevarar, miljøkoordinator og miljørettleiar er til dømes tilgjengeleg for samtaler og støtte for elevane til ei kvar tid.

Elevmentorar

– Innleiingsvis i året har vi stort fokus på klassemiljø. I framkant av skuleåret har vi utdanna elevmentorar som er med på å ta i mot dei nye elevane. Desse mentorane er elevar som har søkt om å få oppdraget, dei gjekk sjølve på vg1 året før, og kjenner såleis til ein del av problemstillingane knytt til det å vere ny på ein skule. Vi har 2–3 mentorar per klasse, fortel Dispen.

Desse er med frå første skuledag. Dei tek i mot dei nye, viser dei rundt og gjennomfører Bli kjent-aktivitetar i klasseromma, og fungerer som ei god støtte saman med kontaktlærar. Klassen dei har fått ansvar for skal dei følgje opp gjennom heile skuleåret, gjennomføre klassebesøk

Elevstyrt skule

Skulen har desse tilboda: Byggog anleggsteknikk, Tømrar og betongfag, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Kombinasjonsklasse, Sal, service og reiseliv, Teknologi- og industrifag, Transport- og logistikkfag, Studiespesialisering og Landslinje i skiskyting.

No er det snart duka for vårens største eventyr ved Stryn vgs.: Elevstyrt skule.

– Dersom du sit i elevrådsstyret ved Stryn vidaregåande skule betyr det at du utgjer leiinga av elevstyrt skule. I to dagar leier elevane skulen heilt åleine, fortel miljøkoordinatoren.

– Dei tilsette reiser bort. Vg3 studie og vg2 yrkesfag er då ansvarlege for å undervise, drive kantine, reinhald og drift – alt som høyrer med i ein skulekvardag. Og dei er så dyktige!

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

ELEVMENTOR: Viktig for trivsel og tilpassing for nye elevar.

Trivsel Viktige Stikkord

og moro, der lette konkurransar og sosiale aktivitetar skal bidra til eit positivt og samlande skulemiljø. Her går det i alt frå Hawaiiog beachparty, til rosa dag og afterski. I tillegg markerer ein alt frå uhøgtidlege dagar som vaffeldag, til meir viktige dagar med fokus på psykisk helse og trafikktrygging.

Juleballet ved Stryn vidaregåande skule vert omtalt som ei magisk oppleving, med festpynta kantine dekt til fest. Vg2 og vg3 bidreg på ulike måtar, frå rigging til pynting og program. Tilsette lagar alt av mat og er kveldens servitørar og vertar.

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

Viktig med trafikktrygging

Trafikktryggingsdagen er ein stor og viktig dag ved Stryn vidaregåande skule. Dagen er eit samarbeid mellom skulen, naudetatane, helsefag og Statens vegvesen. Her får elevane bevege seg gjennom åtte ulike stasjonar, alt frå hjarte-lungeredning og hjartestartar til å vere først på ulukkesstaden med politi, brann og ambulanse. Alle elevane får vere vitne til ei simulert ulukke der naudetatane undervegs viser og forklarar korleis dei går fram for å berge ut menneske i ei bilulukke.

This article is from: