1 minute read
Her er einaste plassen du kan bli frisør
– Her får du variasjon i kvardagen, meiner Henriette Holmen Nesbø frå Svelgen. Ho har lyst å bli konkurransefrisør.
Nordfjordeid er einaste staden i gamle Sogn og Fjordane der du kan velje frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Hit kjem elevar frå heile fylket.
Elevane var i full gang med å krølle hår då vi kom. Her er klasserommet forvandla til ein frisørsalong. Elevane lærer til dømes om oppbygging av håret, og korleis ein kan behandle håret utan å skade det. Tar du fri- sør får du jobbe mykje i praksis. – Spesielt i Sunnfjord har dei vore flinke til å vere lærebedrifter, og i fjor ringde dei frå salongar frå Volda og Ørsta og spurde om vi hadde elevar som trengde lærebedrift. Det hadde vi ikkje, for alle hadde fått seg plass, fortel lærar Marilyn Osmundsvåg. Første året er linja for deg som vil arbeide yrkesretta mot frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, eksponeringsdesignar, maskør og parykkmakar eller profileringsdesignar. Her lærer du form og farge gjennom praktisk arbeid, og du får arbeide med folk.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no