2 minute read

Med tryggingsråd og rollespel på timeplanen

Kvart år er Eid vgs. engasjert i FN-rollespel – i år med fokus på det borgarkrigsherja landet Mali.

– Elevane som deltok har gjort ein imponerande jobb for å sette seg inn i situasjonen i Mali, seier Elin Monstad, frå FN-sambandet og ansvarleg for rollespelet som elevane gjennomførte nyleg. Tryggingsrådet var samla i Operasalen for å prøve og løyse den omfattande konflikten i Mali. Landet har opplevd ei rekkje terroråtak, militærkupp, konflikt om ressursar og svolt.

Elevane i 3. klasse studieførebuande og påbygg hadde føre- budd seg godt til den viktige dagen. Ville elevane ved Eid vgs. klare å bli einige om ei løysing på den omfattande konflikten?

Linnea Strand og Emma Solheim Fløtre sin jobb under forhandlinga i Tryggingsrådet, var som bakspelarar for dei ulike land sine ambassadørar.

– Vi har lært mykje om korleis

FN fungerer. Det var vanskelegare enn vi trudde. Spesielt det å få gjennomslag når mektige land har vetorett, fortel dei.

TORMOD FLATEBØ tormod.flatebo@fjordabladet

INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

PRAKSIS: Ein stor gjeng med elevar og lærarar og bedrifter er involverte i smarthuset på Nordfjordeid. Her jublar dei over 750.000 kroner til byggeprosessen. ALLE FOTO: INGEBJØRG NILSEN

HUMØR: Leiinga ved Eid vgs. håper mange søkjer. F.v. ass. rektor Ottar Arve Bjørkedal, rektor Alf Reidar Myrstad, og avdelingsleiarar Ove Lillestøl og Bente Olseth. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

– Det er viktig å halde tritt med lokalt næringsliv

Eid vgs. er kjent for å vere ein av dei skulane som er best på utstyr.

Ved studiespesialiserande er det to klasser per trinn. I tillegg kan ein velje påbygg. Ved Eid vgs kan ein også ta vg4 påbygg via nett.

– Det er viktig for fagtilbodet at vi har to klasser per trinn, då vert det eit bredt og godt tilbod for elevane. Det er viktig for heile Nordfjord, fastslår rektor Alf Reidar Myrstad.

– Stabilitet er viktig for oss, og vi tilbyr dei linjene som vi har i år, i tillegg til det nye med vg2 Treteknikk, seier han.

Ved Eid vgs. har du desse linjene å velje i:

- Elektro og datateknologi

- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

- Studiespesialisering

- Teknologi- og industrifag

- Kombinasjonsklasse

- Påbygging til generell studiekompetanse

- Vaksenopplæring

Halde tritt med næringslivet

– Det er kjempeviktig at vi som skule høyrer på lokalt næringsliv, og kva behov dei har med tanke på rekruttering. Vi ønskjer å ha den dialogen og samspelet, seier avdelingsleiar Ove Lillestøl.

BUDSJETTET HAR SPREKT: Derfor var det stor glede over storsjekk på 750.000 kroner til smarthuset på Nordfjordeid.

– Og så er det viktig at ungdommen vår har eit bredt og best mogleg tilbod å velje i, seier assisterande rektor Ottar

Arve Bjørkedal.

– Faga vi har går fint i lag, og vi ser at det er flott å jobbe tverrfagleg. Vi har ikkje veggar mellom avdelingane, fortel Lillestøl.

Han fortel at når skulen kjøper inn utstyr, så er det ikkje til ei enkelt avdeling, men at denne kan nyttast av fleire.

– Og så er vi vel kjent for å vere ein av dei skulane som er best på utstyr. Det har vore viktig for oss, og viser at vi kan halde tritt med næringslivet.

I dag er det 390 elevar ved skulen, og Eid vgs. er dermed den største vidaregåande skulen i Nordfjord.

Skulen er samokalisert med Operahuset Nordfjord, som inneheld kino, bibliotek og operasal.

– Vi er også privatistskule, og organiserer eksamenar for heile Nordfjord, fortel rektor Myrstad.

Saman med Amalie Skram vgs. i Bergen samarbeider ein om ein del fag via digitale løysingar.

– Det er eigentleg fantastisk at ein kan kome og ta eksamenar her, og at vi har sensor som sit klar i Bergen, seier han.

Rektor er stolt over skulen sin, og at det skal vere eit godt miljø på skulen.

– Vi har også open skule og tilbyr leksehjelp, og hjelper til så elevane skal få gode arbeidsvanar, fortel avdelingsleiarane.

INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

This article is from: