3 minute read

Flyttar skulen til sørlege strøk

1 veke, 45 elevar, 80 ulike idrettar fordelt på 500 aktivitetar, i 20 varmegrader på La Santa –Det er oppskrifta på ei lykkeleg 3. klasse på idrettslinja på Firda.

For niande gong har Ole Morten Mardal, lærar i idrettsfag på Firda vidaregåande skule, med seg 3. klasse idrett til treningsanlegget Club La Santa på Lanzarote i Spania.

– Eg er overtydd om at dei i løpet av denne veka får fylt på batteria, seier han.

Dei mørke månadane

– Neste år blir det jubileum, smiler han, og fortel at dette er første turen sidan 2020. Då rakk dei så vidt å sende av garde eit kull i februar, før koronaen tok over verda.

Idrettsklassa har hatt som tradisjon å reise vekk ei veke i starten av siste semesteret, men tidlegare har turen som regel gått til Oslo eller andre plassar innanlands.

– Januar og februar er mørke og kanskje litt tunge månader, noko som vi merkar godt på humøret til elevane i denne perioden. Då vi oppdaga Club La Santa for nokre år sidan, vart vi overraska over kor bra det var der. Det er eit kompakt anlegg med fantastiske trenings- og aktivitetsfasilitetar, seier han.

Mykje å velje i

Monica Helen Fløtre Ulvestad, Sofie Ja- kobsen og Dorte Maria Heggheim var trøytte, men på same tid full av ny energi, då vi møtte dei to dagar etter heimkomsten frå varmare strøk.

– Det har vore så kjekt! Vi er sjølvsagt litt slitne etter ei veke full av aktivitetar, men på same tid har vi fått tid til å kose oss og vere sosiale på kveldane òg, seier Sofie.

Anlegget på nordvestkysten på Kanariøya Lanzarote, har eit stort utval av idrettar. Her kan dei besøkande velje alt ifrå vannsport som SUP og vindsurfing, til CrossFit og aerobic, dans, yoga og ballsport. Til saman 80 idrettar, fordelt på 500 ulike aktivitetar var tilgjengeleg.

Ved hjelp av ein app kunne elevane velje kva idrettar og aktivitetar dei ville vere med på, alt etter kva som var ledig den dagen.

– Det var veldig mykje forskjellig, og dei fleste var lagt opp som gruppetimar, der det var først til mølla som gjaldt. Vi har fått prøve oss på mykje, og har absolutt ikkje kjeda oss, seier Sofie.

Frå morgon til kveld Aktivitetane går frå åtte om morgonen til sju om kvelden, men jentene starta endå tidlegare enn det.

– Ja, vi og fleire andre starta med morgonjogg halvsju. Men det var heilt frivillig, altså, smiler Monica Helen.

– Etter det var det felles morgongymnastikk for heile anlegget. Det var ein fin måte å starte dagen på, seier Sofie.

På ettermiddagen kunne dei slappe av, med restaurantar og butikkar inne på området.

Dei tre innrømmer at det nok var litt hardt å stå opp og møte til time i Trivselshallen dagen etter heimkomsten, men kjenner at dei på same tid har fått litt ny energi inn i skuledagane på Firda.

– Denne turen har gitt oss ein heilt annan måte å bli kjende med klassa på, seier Dorte Maria.

– Det har vore eit veldig deilig avbrekk, og gir god motivasjon for dei siste månadane no inn mot eksamen, konstaterer Monica Helen.

Knirkefritt

Lærar Mardal hadde med seg to kollegaer på turen som saman hadde ansvaret for 45 ungdomar.

– Ein kan kanskje tenke at det er litt stressande, men det er det absolutt ikkje. Ungdomane skal organisere dagen sin sjølv med minimum tre aktivitetar, og dei har eit vell av ting å finne på.

Einaste krava lærarane har sett til elevane er at dei skal møte opp til eit kjapt fellesmøte klokka åtte om morgonen. Om kvelden må dei vere inne på romma igjen seinast klokka ti.

Ifølgje Mardal har det gått knirkefritt. – Null problem. Fleire av dei flirte litt når vi fortalde om innetida før vi reiste ned. Men etter å ha vore i aktivitet heile første dagen, var alle bra trøytte når kvelden kom, smiler han.

Fri frå vurdering

– Eg trur dei har godt av ei slik veke, der dei kan senke skuldrene litt. Der nede får ungdomane fri frå vurderingsskulen for ei veke, og kan fylle på med opplevingar og utfordringar, seier Mardal.

Han har stor glede av å ha med seg klassa på tur, og ser allereie første kvelden at humøret er stigande.

– Du ser det på dei, når dei legg seg for kvelden så gleder dei seg til neste dag, og kva dei skal finne på då. Eg trur dei får ein ny giv av dette. Dei er til og med mindre på mobilen, det er ein fin bonus, smiler han.

SIRI CECILIE FLATJORD siri@firdatidend.no

This article is from: