1 minute read

Vil halde kontakten med Nordfjord-ungdom

Gjennom Nordfjord alumni ønskjer Nordfjordakademiet å halde kontakt med ungdom som reiser ut av regionen for utdanning.

Målet er at Nordfjordakademiet skal halde ungdomane oppdatert om moglegheiter på heimplassen og i regionen elles gjennom utdanningsløpet deira. Dette håpar dei igjen vil lette rekrutteringsarbeidet til bedriftene gjennom eit nettverk smed oversikt over kven som utdannar seg til kva frå regionen vår.

Dei vil også sørge for at bedriftene samarbeider tettare om rekruttering, slik at ein sik- rar både arbeidsgivar og arbeidstakar.

Men dette er berre ei av satsingane til Nordfjordakademiet. – Bakgrunnen for at Nordfjordakademiet var at alle snakka om at det var vanskeleg å rekruttere, kor mange som flytta vekk og ikkje kom tilbake og at vi hadde for lite lokale utdanningstilbod. Difor ville vi lage eit samlingspunkt mellom offentleg og privat næringsliv, som jobbar med rekruttering i kvardagen, seier Tom-Øyvind Solheim, som var med å starte akademiet.

Primæroppgåva er å ha kontakt med dei som søker arbeid i regionen, om det er tilflyttarar eller heimflyttar.

This article is from: