1 minute read
Elevane satsar på ny musikal i år
Eid vidaregåande skule har i mange år satsa tungt på oppsetjing av musikalar. Etter nokre år med pause vil ein igjen sette musikal på agendaen.
Dei synst det er på tide.
– Frå komande skuleår vil vi tilby fag som leiar inn mot teaterproduksjon/musikal, fortel avdelingsleiar Bente Olseth. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord, som inneheld kino, bibliotek og operasal.
– Det er viktig at vi brukar dei fasilitetane som er her, og det er naturleg når vi har operahuset vegg i vegg, seier ho.
– Og så har vi gode erfaringar frå tidlegare år. Ein musikal vil styrke samhaldet mellom elevane, og vi ser det som endå viktigare no etter pandemien, seier Olseth.
Med teaterfag/musikal kan ein kople inn mange fag; som trevirke for å byggje scene, FBIE, frisør og elektro.
– Tilbodet vil gi fleire fag, noko ekstra, meiner avdelingsleiarane.
Utnytte alle gode ressursar
– Med dette ønskjer vi utnytte alle gode ressursane vi allereie har ved skulen, seier rektor Alf Reidar Myrstad.
– Studiespesialiserande er teoretisk, og tanken er at med teaterfag/musikal vil ein få bruke elevane på ein annan måte. Vi veit frå tidlegare at mange utan sceneerfaring har blomstra når ein har sett opp musikal, fortel dei.
– No er det endå viktigare at vi gjere slike ting. Bryte mønster. Vi satsar på ungdom og framtida. Vi ser behovet for å lage noko som kompenserer etter koronapandemien, ei tid som var tøff for alle, seier han.
Bønn til rektor
Han innrømmer at mange elevar har vore på rektor sitt kontor med oppfordring om at ein igjen set opp musikal ved Eid vgs.
– No har vi gjort ein omstrukturering, og sett at vi har rom for å få det til. Samtidig veit vi at det har vore sakna sidan 2020, den gong ein berre hadde ei internt oppsetting, seier Myrstad.
– Vi må satse. Det vert organiserast som eit prosjekt – og det er viktig for skulen og for kulturskulen. Her er det moglegheit til å vise seg fram, og det går ein raud tråd gjennom skuleløpet, fortel rektor.
Med operahus og operasal vegg i vegg er det dumt å ikkje bruke fasilitetane.
– Vi er jo sambuarar, seier rektor og ser mot operasalen.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no