1 minute read
Smarthuset er i ferd med å ta form
Smarthuset ved Eid vidaregåande skule tek form. Gleda var stor då Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane overleverte ein storsjekk på 750.000 kroner til satsinga.
Øystein Nes frå Inviro innrømmer at eit prosjekt som Nordfjord Smarthus kostar, og at budsjettet for lengst er overskride
– Då er det fantastisk kjekt å få dette tilskotet til prosjektet, smiler han.
Veks fram
Smarthuset veks sakte, men sikkert fram rett ved Eid vgs, og elevane er i full gang med jobbinga. Nokre jobbar på taket, andre blandar sement. Her er litt å gjere enten du går bygg, betong, elektro eller design. Smarthuset er eit samarbeidsprosjekt, og det er elevar frå Eid og Stryn vidaregåande skule som er involvert. I tillegg er 36 lokale Nordfjord-bedrifter med på prosjektet.
– Dette er eit stort Nordfjordprosjekt, stadfestar Nes.
I det nye smarte huset vil ein ta i bruk den nyaste og beste teknologien både innan bygg, elektro, data og automasjon, og gjere den tilgjengeleg. Her kan ein kome og sjå kva moglegheiter som finst der ute. Samtidig får elevar, studentar og næringsliv nytte bygget til læring, utvikling og innovasjon.
Viktig med rekruttering
– Det er kjekt å følgje dette pro- sjektet, og for oss er det naturleg å gi eit tilskot, seier Ørjan Skåden, banksjef for bedriftsmarknad for Nordfjord i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Han viser til at dei er opptatt av rekruttering.
– Gjennom smarthuset får ein rekruttering på ein heilt annan måte. Her er det elevane sjølve som gjere jobben. For oss er det også viktig at så mange bedrifter er med, seier han.
Samfunnsnyttige tiltak
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå banken til samfunnsnyttige tiltak. Gåvene skal bygge opp om visjonen om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og fremje verdiane; mangfald, trivsel og utvikling. Nyleg vart sjekken på 750.000 kroner overlevert.
– Ei av dei viktigaste oppgåve våre er å støtte opp om slikt som dette. Vi skal vere med på fleire tilsvarande prosjekt i framtida, lovar Skåden.
– Vi håper dette vert eit bygg som heile regionen kan vere stolte av, seier Øystein Nes.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no kalt næringsliv med profilering på bilar, kontorveggar eller med logo. Du får planlegge eit interiør, lage bilreklame, skape spennande vindaugsutstillingar og bruke folieskjærar og laserkuttar. Ein er også med på å lage modell for operaen til hausten.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no