3 minute read

På sju år har dei bidratt til at 500 lærlingar har fått fagbrev

– Ofte er det slik at ein har funne jobb til ein, men treng gjerne jobb til to. I tillegg er det kanskje mange ting ein lurer på med omsyn til bustad, barnehageplass eller liknande. Då skal Nordfjordakademiet tilby ei koordinerande rolle, seier Solheim.

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

Primæroppgåva deira er å følge opp og sikre at dei elevane som ønskjer å gå ut i lære får læreplass og at dei har ei god og meiningsfull læretid.

– Det betyr at vi skal hjelpe dei og bedriftene slik at ungdomane får lære det dei skal og at dei skal ha det bra på jobb og fritid. Læretida skal vere noko dei verkeleg ser tilbake på med glede, seier Tom-Øyvind Solheim.

Starta i 2016

Nordfjord opplæringskontor såg dagens lys i 2016. Det var eit ønske frå lokalt næringsliv og kommune om å styrke lærlingarbeidet, styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, auke tal læreplassar og rett slett skape noko unikt for Nordfjord.

Og hos opplæringskontoret seier dei ikkje lærlingar.

– Dei er så mykje meir. Dei er Nordfjord si framtid, og vi er så stolte over valet dei har tatt med å ta yrkesfagleg utdanning at vi rett og slett kallar dei superlærlingar, skriv opplæringskontoret på sine nettsider.

Dei har difor superbedrifter, superlærlingar, superinstruktørar og superskular. Og dei som jobbar i lag med alle desse er superrådgivarar.

– Misjonen vår er å sikre at flest mogleg fullfører utdanninga si og får eit fagbrev, seier supersjef Solheim.

Manko på lærlingar

I dag består Nordfjord opplæringskontor av over 90 medlemsbedrifter frå Stadlandet i vest, til Eikefjord i sør, Hornindal i nord og Skjåk i aust.

– Eg trur det er veldig få som bur i Nordfjord som veit kor heldige vi er med næringslivet vårt. Vi har ein fantastisk variasjon når det kjem til typar bedrifter og kva moglegheiter ungdomane våre har. Ein viktig del av vårt virke er difor å fortelje ungdomane om moglegheitene, seier Solheim.

Fleire enn 500 lærlingar har sidan 2016 fått fagbrevet i handa, og i dag er over 250 lærlingar under utdanning i 31 ulike lærefag.

Men opplæringskontoret har støtt på ei utfordring. I 2016 var det ikkje nok læreplassar innan til dømes industri, helse eller bygg. Sju år seinare er situasjonen annleis.

– Vi har for få elevar til å fylle læreplassane. Vi hentar om lag 50 prosent av lærlin- gane våre utanfor vår region, fortel Solheim.

Utvidar moglegheitene I dag er dei ni tilsette ved Nordfjord opplæringskontor.

– Vi er veldig opptekne av at dei først og fremst lyttar til seg sjølv.

Solheim meiner samstundes at ei yrkesfagleg utdanning er noko som passar for mange.

– Sjølvsagt for dei som er praktiske, men yrkesfaga er ein kombinasjon av teori og praksis, det er også læretida.

Han meiner at å ta eit fagbrev er noko som utvidar moglegheitene om ein vil gå vidare.

– Om ein vil bli sjukepleiar eller byggingeniør har du ei heilt anna forståing for faget om du har tatt eit fagbrev først. Så då har ein eit godt grunnlag om ein vil gå vidare praktisk eller teoretisk.

Solheim peiker også på at arbeidsmoglegheitene er store.

– Det er utruleg stor arbeidsmanko innan fagpersonell. Men det aller viktigaste er at ungdomane lyttar til draumane sine. Det verste som kan skje er at ein gjer eit omval, og det er slett ikkje feil, seier Solheim, som sjølv er tømrar, har ei lang utdanning innan idrett, har jobba i bank og som lærar.

– Mange forventar at ein skal ha ei rett linje frå skule til arbeidsliv, men slik er det ikkje i dei fleste tilfelle. Vi lærer litt av kvar sving vi er innom på veg mot det endelege målet.

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

Sjå alt du kan bli på www.hivolda.no

Drømmer du om å bli FRISØR?

Å være frisør er gøy, sosialt og skapende. Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av egen innsats umiddelbart?

Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv.

Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling.

Søk enkelt på cancamskolen.no.

Studiestart: august 2023 og januar 2024

Vil du bli kaptein eller maskinsjef?

Vil du ha ei internasjonal utdanning?

Vil du i tillegg sikre deg generell studiekompetanse?

Da kan du ta høgare utdanning innan dekksoffiser eller maskinoffiser på Fagskulen Vestland. Studiet er 2-årig og gir 120 studiepoeng.

Våre studiestader finn du på:

• Måløy – Dekksoffiser og maskinoffiser

• Austevoll – Dekksoffiser

• Nygård i Bergen – Dekksoffisser og maskinoffiser

Søknadsfrist

15. april 2023 Meir

This article is from: