2 minute read

Superlærlingane får viktig praksis ute hos det lokale næringslivet

For å sikre rekruttering for framtida har lokale bedrifter innan treindustri i Nordfjord etterlyst meir lokal utdanning. No vert det nytt tilbod ved Eid vidaregåande skule.

Nytt for komande skuleår er vg2 Treteknikk på Nordfjordeid, for dei som har gått bygg og anlegg i Stryn eller Måløy.

– Vi har laga eit opplegg, der dei går saman med industriteknikk i nokre fag, og der dei har praksis ved Norgesvinduet Bjørlo på Eid, Nordvestvinduet i Almenning eller Hagen i Stryn. Dette er noko bransjen har etterspurt, og som vi legg til rette for, fortel rektor Alf Reidar Myrstad ved Eid vgs.

– Bransjen står i ein situasjon der dei signaliserer at det er vanskeleg med rekruttering. Her ved skulen har vi derimot det utstyret næringslivet brukar ute i fabrikkane, så vi kan ta opplæringa her, seier avdelingsleiar Ove Lillestøl.

Svært fornøgd Hans Roger Starheim, dagleg leiar ved Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid, er svært fornøgd med det nye tilbodet.

– Dette er noko vi innan trevare har etterspurt. Vi må prøve å sikre oss rekruttering, og må passe på å få ungdom til fabrikkane våre gjennom lærlingordning. Ungdom som går i praksis eller har læretida ute i bedrift har gjerne moglegheit til å få fast jobb seinare, frir Starheim.

NAM: F.v. Henrik

V. Vedeld, Esekiel

H. Henden, Rune Hellenes og Olav

H. Johnsen skryt av Eid vgs – og ikkje minst «bollefredagen».

FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

Livsnerven er rekruttering – Det viktigaste er å få fleire ungdommar til å jobbe innan treteknikk og produksjonsteknikk. Det står mykje utstyr oppe på skulen, som vi også har her ved fabrikken. For oss er det viktig å sikre oss ungdommen for framtida, innrømmer han.

– Livsnerven er rekruttering. Vi må bruke millionar av kroner på moderne maskiner, og utfordringa er å ha tilsette som kan bruke dei. Vi treng ungdommen, påpeikar Starheim.

Superlærlingar Norgesvinduet Bjørlo har i år også fire superlærlingar i hus. – Superlærlingane våre har vi berre gode erfaringar med, og det ser ut til at også dei trivast. Vi har fire kjekke superlærlingar her hos oss, noko som viser at det går fint an å ta utdanninga og jobb i nærmiljøet, seier Starheim.

• Vi har eit opplegg, der dei går saman med industriteknikk i nokre fag og har praksis ved Hagen i Stryn, Norgesvinduet Bjørlo på Eid eller Nordvestvinduet i Almenning.

Alf Reidar Myrstad, rektor Eid vgs.

Ungdom i dag tar også mykje lettare maskinparken som er i dag. Dei unge har vakse opp med datakunnskap som eldre tilsette ikkje har fått med morsmjølka, og maskinene ein brukar blir meir og meir avansert.

– Det vi har minst av er ungdom, fortel avdelingsleirane. Gjennom «superlærling»ordninga har dei også utdanna fleire instruktørar blant avdelingsleiarane.

– Nordfjord Opplæringskontor gjer ein viktig jobb for oss og også andre medlemsbedrifter med tanke på rekruttering for framtida gjennom Superlærlingordninga. har gjort det enkelt for oss å ta inn fleire lærlingar, meiner Starheim. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

This article is from: