2 minute read
Aslak er glad for ekstrapoeng
Elevar frå Sogn og Fjordane som søkjer ambulansefagutdanning får no ekstrapoeng. –Veldig bra, seier helsearbeidarelev Aslak Sætre ved Stryn vidaregåande skule.
Aslak Sætre frå Nordfjordeid går i dag på Vg2 helsearbeidarfag ved Stryn vidaregåande skule. Han hadde eigentleg tenkt å gå Vg2 ambulansefag, men var ein av dei frå Sogn og Fjordane som ikkje kom inn.
Etter fylkessamanslåinga måtte elevar frå Sogn og Fjordane konkurrere med elevar frå heile resten av Vestland om plassane på Mo og Jølster vidaregåande skule.
No skal elevar frå Sogn og Fjordane prioriterast ved Mo og Jølster vgs., medan elevar frå Hordaland skal prioriterast ved utdanninga i Os. Neste skuleår vil Aslak søkje på nytt, og håpar då å få starte på ambulansefagutdanninga.
– Trur du denne nye ordninga vil føre til at ein får fleire lærlingar i Helse Førde?
– Ja, det trur eg. Eg ønskjer sjølv å vere lærling i heimdistriktet, og håpar på å bli lærling for Helse Førde heime på Eid ein gong i framtida, seier han.
Vil hjelpe menneske
– Kva er det som gjer at du gjerne vil ta ambulansefag?
– Eg har lyst til å hjelpe menneske. Og så er det sjølvsagt dette med at det er ein variert kvardag, ingen arbeidsdagar er like.
– Er det nokon i familien din som jobbar i ambulansebransjen?
– Ikkje på ambulanse. Men eg har onkel og søskenbarn som jobbar innan helse.
Læretid nærare heime
Fylkeskommunen og Helse
Førde har i mange år hatt ein samarbeidsavtale om å rekruttere seks lærlingar i året til ambulansefaget. Elevane har gått på Mo og Øyrane vidaregåande skule, og etter fullført vg2 har dei vore dei garantert læreplass i Helse Førde.
Samanslåinga til Vestland fylkeskommune har endra dette. Mange frå Hordaland søkjer seg også til Mo og Øyrane vidaregåande skule. Men dei vil ikkje nødvendigvis ha læretida si her, mange av dei vil ha læretid eller vidare utdanning nærare heime og ikkje hos Helse Førde.
Dette vil føre til at søkjarar frå Sogn og Fjordane blir prioritert.
Aslak Sætre
– Siste år var det berre ein av seks elevar som ville ha læretid i Helse Førde. Dermed får dei ikkje nok lærlingar i ambulansefaget, fortel fylkesordførar Jon Askeland.
100 ekstrapoeng
Lærlingane til Helse Førde får læretid med geografisk spreiing på seks ambulansestasjonar: Vågsøy, Nordfjordeid, Florø, Førde, Sogndal og Lærdal.
ILLUSTRASJONSFOTO
– Geografisk plassering kan vere avgjerande for å inngå lærekontrakt ettersom mange lærlingar ønskjer læreplass nær heimstaden, seier fylkesordføraren.
For å sikre Helse Førde lærlingar har fylkestinget difor vedteke å gje 100 nærskulepoeng til søkjarar frå Sogn og Fjordane til utdanninga på vg2 i ambulansefag i Førde. Tilsvarande skal søkjarar frå Hordaland få 100 nærskulepoeng ved søknad til utdanninga i ambulansefag i Os.
– Dette vil føre til at søkjarar frå Sogn og Fjordane blir prioritert til utdanninga i Førde. Dermed kan vi oppfylle samarbeidsavtalen med Helse Førde, slik at dei kan få tilstrekkeleg med lærlingar i ambulansefag, seier Askeland.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no