4 minute read
Fantastiske realfagslærarar gav Geir Ola eit hav av «kybernetiske» mogelegheiter
Geir Ola Tvinnereim har gått ein spennande veg vidare etter studiespesialiserande ved Stryn vidaregåande. – Eg hadde tre fantastiske realfagslærarar som inspirerte meg til å gå vidare med teknologi og realfag, seier honndølen som valde sivilingeniørstudiet Kyberteknikk og robotikk ved NTNU.
Han har alltid vore teknisk interessert og hatt ein metodisk tankegang.
– Nysgjerrigheita har drive meg til å utforske og studere nye fagfelt. På ungdomsskulen var eg skuleglad, så når den tid kom var studiespesialiserande eit klart val for meg å ta, seier Geir Ola.
Halde mogelegheitene opne
– Tankar om kvar eg ville ende opp etterpå hadde eg eigentleg ikkje gjort meg, men for å kunne halde moglegheitene opne såg eg det fornuftig å velje realfag, fortel han.
Ved å velje både matematikk, fysikk og kjemi fekk han også ytterlegare to realfagspoeng som kom til nytte då han søkte vidare utdanning.
– På Stryn vidaregåande hadde eg tre fantastiske realfagslærarar, Ann-Cristin Sanden, Odd Nygård og Ola Berge, som inspirerte meg til å gå vidare med teknologi og realfag. Eg kjende meg ikkje nøydd til å ta høgare utdanning, dersom eg ikkje kom inn på eit interessant studium kunne eg når som helst finne på noko anna å gjere. Den fridomen ein får ved å ha spesiell studiekompetanse var noko eg sette veldig pris på tilbake i 2018, seier han.
– For det er absolutt ikkje sjølvsagt å vite kva ein vil gjere med livet i ein alder av 19 år!
Interessa vekt på vgs.
Med bakgrunnen frå studiespesialiserande i Stryn valde han å sjå mot teknologistudia på Gløshaugen, NTNU i Trondheim.
– Desse studia er både tverrfaglege, godt etablerte og velrenommerte. Eg enda med å starte på sivilingeniørstudiet «Kybernetikk og robotikk», eit val eg ikkje ha angra på.
– Kva er kybernetikk?
– Kybernetikk kjem frå det greske ordet kubernets, «styrmann», og er vitskapen om dynamiske system og korleis ein kan styre desse automatisk. Ein kybernetikar brukar datatekniske og elektroniske verkemiddel til å oppnå ein ønska oppførsel på eit fysisk system. Mange ser nok fagfeltet i samband med avansert teknologi som robotar og sjølvkøyrande (autonome) bilar, men vi nyttar slike løysingar kvar einaste dag utan at vi eigentleg er heilt klar over det, seier Geir Ola.
– Som når du skrur på bakaromnen på 200 grader. Då har du forventningar om at omnen blir 200 grader varm og ikkje 150 grader, og det er termostaten
I TYSKLAND: Geir Ola var utvekslingsstudent i Tyskland, noko som gav han både solide tyskkunnskapar, spennande studium og mange gode vener – pluss eit godt springbrett til å jobbe i utlandet seinare. BEGGE som står ansvarleg for å realisere dette ønsket. Dei same kybernetiske prinsippa som blir brukt til å styre temperaturen i dette tilfellet, finn ein også att i styringa av meir komplekse system som fartøy, satellittar, rakettar etc.
Geir Ola sitt første møte med kybernetikken var på ekskursjon til Årdal med kjemiklassen på Stryn vgs.
– Det var to interns hos Norsk Hydro som presenterte studieløpet, og eg vart ganske sjokkert over at det var mogeleg å ta ei slik utdanning i Norge, seier han.
Gjennom studierettleiar fekk han meir info og karriererådgjeving.
Deltidsjobb i fagstaben
Geir Ola rosar studentmiljøet med fadderveka, skihelg i Åre, studentfrivilligheit med UKA, Samfundet og alt anna Trondheim har å by på. Han skryt også av ingeniørstudia der.
– Studieløpet er krevjande, med mange innleveringar og laboratorieoppgåver. Fleire ingeniørdisiplinar må lærast og meistrast i løpet av studiet, seier han.
– Bildet viser til kretsen og kontrollpanelet (joystick) vi kopla saman til eit tilpassa datasystem – eit pingpong-spel, fortel Geir Ola.
Normalt har det vore eitt eller to prosjekt som skal gjennomførast i semesteret.
– Som student har eg mellom anna programmert heisar, designa eit kontrollsystem for eit modell-helikopter og kopla saman og laga programvare for eit pingpong spel!
Alle laboratorieoppgåvene er tverrfaglege og gjort i grupper. På den måten blir ein tidleg introdusert til ingeniørarbeid i studiet.
– Ei ekstra gulrot for å vise gode resultat i eit fag, er at ein seinare kan skaffe deltidsjobb i fagstaben. I ein slik jobb kan ein vere med å utvikle faget vidare og vegleie eller undervise nye studentar. Slike assistentjobbar har eg mellom anna teke på meg for å få eit avbrekk og litt betre økonomi i kvardagen, fortel Geir Ola.
Utveksling og Interrail
I løpet av studiet er det også mogelegheiter for å reise på utveksling. NTNU har samarbeid med ei rekke universitet, og Geir Ola valde å reise til Technische Universität München, TUM.
– Dette er eitt av dei beste tekniske universiteta i Europa. Ved sidan av studia brukte eg dette året til å oppleve utlandet, reise og lære kultur og språk. Når eg ser tilbake så er det det mest intensive året eg har opplevd hittil, seier han.
Saman med venene han fekk gjennom opphaldet reiste han på Interrail igjennom Sentral-Europa, og mot slutten av året hadde han vore innom heile tretten land.
Ekstra kjekt var det å møte på studievener og dermed ha eigen guide.
– Den tyske kulturen og språket vart eg kjend med ved å bu i kollektiv med tre tyskarar og ta språkkurs ved sidan av. Det var nærast ei karakterskapande oppleving å tore å flytte utanlands, dette er noko eg anbefaler alle på det sterkaste å gjere. Eg synest det er skikkeleg stas å ha eit tysk nettverk å kome tilbake til, og utvekslinga er noko eg ikkje skulle vore forutan.
Vegen vidare?
– Kvar går vegen vidare for deg?
– Å studere i 2023 gjev deg eit hav av moglegheiter, og eg skulle gjerne ha gjort meir i løpet av studietida mi. For tida går eg sisteåret og skriv masteroppgåve for energiselskapet Equinor. Eg er generelt utruleg fornøgd med studieløpet mitt, og alt eg har fått gjort i løpet av dei siste fem åra i Trondheim og München. Vegen vidare etter enda utdanning er endå uviss, seier Geir Ola.
– Ei mastergrad opnar mange dører med jobbmoglegheiter over heile landet, også utanlands. Så når spørsmålet melder seg «er du fornøgd med ditt utdanningsval?» kan eg ikkje gjere anna enn å svare «ja, absolutt»!
– Personleg brukte eg lang til på å sette av nok tid til meg sjølv og å strukturere kvardagen. Men trass i vanskelege fag har eg alltid funne problemstillingane interessante som har gitt meg motivasjon til å jobbe vidare.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Framtida er fornybar
Vil du vere med å byggje og drifte framtidas straumnett?