1 minute read
Studentane er «garantert» jobb. Skulen vil ha fleire klasser
Med nytt skulebygg til 45 millionar på veg håpar skuleleiinga ved Fagskulen
Måløy at fylket opnar for fleire maritime klassar ved Måløy vidaregåande skule. Administrativ leiar Inger Vedvik
Nygård ved fagskulen peikar på moglegheitene som opnar seg i og med at Vestland fylkeskommune har vedteke å bygge eit nytt og større bygg til fagskulen.
– Då håpar vi at vi også kan starte opp nye linjer. Vi har godkjenning for studiet Leiing i havbruksoperasjonar, men har ikkje plass til å starte opp dette studiet i dei lokala vi har i dag.
Skulesenteret på Tennebø, med vidaregåande skule og høgskule samlokalisert, kan bli eit kraftsenter innan maritime og marine fagutdanningar, trur ho.
– Det er ein veldig etterspurnad etter både dekksoffiserar og maskinoffiserar. Vi på fagskulen skulle ønskt at fylket oppretta fleire maritime klasser ved MVS. Med kombinasjonen vidaregåande skule, lærlingordningar og den maritime fagskulen kan lokal ungdom ta heile utdanningsløpet sitt i Måløy og ende opp i godt betalte jobbar, ofte med gode turnusordningar, seier ho.
GJERT MYRESTRAND gjert@fjt.no