1 minute read

Går IMA IKT: – Vi liker at det er så fritt her og at vi får jobbe med våre eigne prosjekt

Aydan, Noodee, Tumas og

Vitalii er glad for at redigering og programmering er ein stor del av skulekvardagen deira.

Aydan valde informasjonsteknologi og medieproduksjon fordi han er mest interessert i data og programmering.

– Og fordi nokre lærarar har sagt til meg at eg er flink i programmering, smiler Aydan Molenaar, og legg til:

– Eg har ikkje angra på valet.

Han er likevel usikker på kva han kjem til å jobbe som seinare, men er ganske sikker på at data kjem til å vere ein stor del av arbeidsdagen.

Styrer mykje av tida sjølve – Eg har lyst på ein jobb der eg kan jobbe heimafrå og styre mi eiga tid. Derfor er dette utdanningsprogrammet eit godt val, seier Noodee Phongsai.

Ho liker godt måten arbeidet dei skal gjere blir lagt opp på.

– Det er så fritt og ein får gjere det ein vil og som ein synest er interessant. Vi finn blant anna eigne prosjekt som vi får tilbakemelding på, seier ho.

Tumas Slizys er einig:

– Prosjekta kan handle om programmering, redigering, filmproduksjon, plakatlaging eller foto til kampanjar. Det er ganske kjekt.

Vitalii Harnaha kom til Norge frå Ukraina for berre eitt og eit halvt år sidan og liker seg godt.

– Det er mykje som er kjekt. Eg er glad i å jobbe med Photo Shop og redigering, og så synest eg det er interessant å lære nye språk. No har vi begynt å lære JavaScript, seier han.

Nokre jobbar med å lage spel og snart skal dei lage appar.

– Det er ganske tungt å lage spel fordi det tar lang tid å programmere, seier Tumas.

Trivst på hybel og på skulen Han og Aydan kjem frå Bremanger, medan Noodee kjem frå Stryn. Alle tre bur på hybel, medan Harnaha bur i Måløy.

– Det er ganske kjekt å bu på hybel her. Men vi bur i Blålid så av og til er det litt langt å gå til skulen, smiler Aydan.

– Og så er vi av og til på open skule og et middag, seier dei.

Elevane rosar klassemiljøet og føler dei er blitt godt kjende.

Vitalii snakkar framleis engelsk med klassevennane, men har lært ein del norsk. Og ti- mane er på norsk. – Då lærer eg også meir norsk. Men det er vanskeleg å forstå av og til, men viss det er noko eg ikkje forstår, så spør eg lærarane og dei forklarer meg det alltid. Klassemiljøet er også bra, eg har ikkje sett nokon vere stygge med andre.

KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no

This article is from: