1 minute read

Får nytt «klasserom» til over 100 millionar

Når elevane på fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule startar i august er det med eit flunkande nytt opplæringsfartøy.

– Båten skal vere ferdig 30. juni. Så den kjem til Måløy i byrjinga av juli og vil vere klar til skulestart, seier rektor Ellen Jåvold.

Fartøyet som skal erstatte det gamle som no heiter «Skulebas Senior» er 38 meter lang og båten har ei breidde på 10,5 meter.

Nye Skulebas blir utrusta med trål, line, snurrevad og garn, noko som gir mange moglegheiter til sjøs. Det er elevane på fis- ke og fangst som i hovudsak kjem til å bruke båten, men også naturbruk, akvakultur og dei maritime linjene har noko bruk. Det nye opplæringsfartøyet kostar rundt 100 millionar.

– Dette er ei kjempeinvestering. Det er fylkeskommunen som står som eigar av båten, og så er vi så heldige at vi får lov til å bruke den.

Med klasserom på sjøen får elevane vere med på mykje spennande. Mellom anna har elevar ved MVS sidan 2021 vore med på eit forskingsprosjekt som har ført til at forbodet mot fiske av pigghå er oppheva.

MARIANNE S. ROTIHAUG marianne@fjt.no

This article is from: