2 minute read
– Elevane på YSK Helse stiller svært sterkt både i vidare utdanning og i arbeidslivet
Elevane på YSK Helse ved Måløy vidaregåande skule er glade for at dei får lære veldig mykje om kroppen, prøve seg i ulike tenester, får teori og praksis hand i hand og ikkje minst at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden.
Elevane som går andre året er på skulen tre dagar i veka og på jobb to dagar.
– God balanse
– Det at vi både går på skule og får vere i praksis er veldig kjekt, seier Andrea Carlson medan ho klipper til ein stomipose til mannen som ligg framfor elevane.
– Då får vi prøve ut det vi lærer, supplerer Malin Mäkäläinen Kassen.
– Det er ein veldig fin balanse. Du lærer noko på skulen, og så kjem du på jobb og får bruk for det. Og dersom vi gjer noko på jobb som vi ikkje heilt forstår kvifor vi gjer akkurat slik, kan vi også spørje på skulen og få forklaring der, seier Malin Solvang.
– Vi får rett og slett bruk for det vi lærer på skulen i praksis og det vi lærer i praksis hjelper oss på skulen, forklarer Lukasz
Cichoracki.
Er innom ulike tenester
Elevane får prøve seg og får erfaring i ulike tenester og elevane har fått sansen for dei forskjellige tenestene. Nokre liker best å jobbe med menneske som er ramma av demens, andre i omsorg, nokre i heimetenesta og andre igjen i miljøtenesta.
– Eg liker godt at det er stor variasjon i alt vi lærer. Vi lærer alt frå kommunikasjon med barn til korleis vi tar på ein sto- mi, seier Malin Gangeskar Fure. Elevane har praksisplass i dei ulike kommunane dei kjem frå, og delar erfaringar og læring når dei er på skulen igjen. Dei diskutere utstyr, måtar å gjere ting på og velferdsteknologi.
– Vi lærer ting heilt klart ting med kvarandre, seier Aurora Lien frå Vanylven som har praksisplass heime.
Dei andre jobbar i Kinn kommune og Stad kommune.
– Dersom ein ser på alle fire åra har elevane praksisplassar både i Måløy og Florø i Kinn, i
Bremanger, i Selje og på Nordfjordeid i Stad kommune, i Stryn, i Gloppen, i Gulen og i Vanylven, forklarer lærar Elvida Grabus.
Mange ballar i lufta
Å gå YSK Helse betyr også mykje arbeid og at ein må dele seg mellom skule og jobb.
– Det er ein del arbeid. Men fellesfaga er tyngre enn helsefaga. Og i helsefaga får vi også hjelp av praksisen, seier Linnea Lillestøl.
Å vere ei lita gruppe i helse- faga ser ikkje elevane på som noko negativt.
– Vi er berre åtte stykke og då blir vi godt kjende alle saman og det er lettare å samarbeide, seier Sandra Furenes Blålid.
Lukasz er einig:
– Eg har det veldig bra som einaste gut i klassa. Eg kosar meg og har god kontakt med alle. Dei er veldig inkluderande. Og å jobbe i helsevesenet er fint og dei treng menn, seier han.
– Får verdifull arbeidserfaring Norunn Stavø, kommunalsjef helse og velferd i Kinn kommune, forklarer at elevane som går YSK Helse stiller sterkt når dei skal vidare i utdanning og arbeidsliv fordi dei får både spesiell studiekompetanse og fagbrev og ikkje minst verdifull arbeidserfaring.
– YSK Helse på Måløy vidaregåande er eit viktig utdanningsprogram for Kinn kommune, og for rekruttering til fag- og høgskuleutdanna helsepersonell spesielt i Måløy-delen av Kinn. Kommunen samarbeider tett med skulen og deltar i YSKråd som er samansett av leiarar frå Nordfjord-kommunar. Kinn kommune tar imot mellom fem og sju nye elevar eller lærlingar kvart år som går på denne linja, alt etter kor mange søkarar som er frå Kinn, seier ho.
KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no