1 minute read

Opnar skulen for det sosiale to dagar i veka

To dagar i veka held Måløy vidaregåande skule ope etter skuletid. Her kan elevane ete middag, gjere lekser eller berre vere sosiale.

– Vi har alt mellom 15 og 30 elevar som kjem på open skule, fortel miljøkoordinator Lillian Lyng ved MVS. På open skule får ein tilbod om gratis middag, ein har bordtennis, sjakk, brettspel og kort, ein kan spel i gamingrommet, bruke treningsrom eller buldre og ein har open verkstad og ope bibliotek. Det er også ofte konkurransar og spel som quiz og bingo, og av og til ulike temakveldar og kurs, basert på ønskjer frå elevane.

I tillegg til middag kan ein kvar dag ete frukost på skulen. Gjennom Draumeskulen, med mål om å skape eit læringsmiljø der ein opplever tryggleik og tilhøyrsle, får brukt ressursane sine og psykisk helse blir fremja, har skulen elevmentorar.

– Ein søker om å bli det, og så vel vi ut to elevmentorar på kvart programområde. Dei har laktivitetar gjennom skuleåret. Nyleg hadde ei gruppe vaffeldag og dei har også hatt Kahoot og beste klassebilde-konkurranse.

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

This article is from: