3 minute read

Kristoffer ville bli hjernekirurg eller kokk. Valet han tok har gitt både VM- og OL-medaljar

Kristoffer Westvik Lofnes ville bli kokk eller hjernekirurg, men ønsket om å kome seg raskt ut i arbeidslivet og å få ein variert arbeidskvardag gjorde at han valte restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule.

Han kjem frå ein familie med høg arbeidsmoral, fortel han.

– Eg ønskte sjølv å kome meg ut i arbeid tidleg og ikkje sitte på skulebenken så lenge. Difor blei det eit yrkesfag, og eg hamna til slutt på kokk, seier Lofnes.

Valet om å gå restaurant- og matfag grunngir han med dei mange moglegheitene det gir.

– Det er veldig allsidig. Du kan jobbe kor som helst i verda, og du kan jobbe med uendeleg mykje meir enn å «berre lage mat».

Fekk god rettleiing

Lofnes starta allereie som ungdomsskuleelev å arbeide på ulike kafear og kantiner i Måløy, og han fekk fort smaken på yrket.

– Då eg kom inn på kokkelinja møtte eg fantastiske lærarar som såg kvar elev, men også heile elevgruppa samla. Eg fekk god hjelp og rettleiing, noko som kanskje er spesielt viktig i vår bransje, sidan det handlar mykje om å vere rett person i rett team.

Han er tydleg på at tida på Måløy vidaregåande skule gav han eit godt grunnlag for det som kom seinare.

– Etter dette flytta eg til Bergen og hadde læretida mi på Hotel Neptun. Så fort eg fekk fagbrevet mitt flytta eg til Stockholm der eg var kokk på ei nysatsing på ein restaurant, fortel Lofnes.

Etter eitt år fekk han tilbod om å bli assisterande kjøkkensjef, før han og kjøkkensjefen starta ei event- og cateringbedrift saman. Etter fleire år med arbeid i Sverige flytta han tilbake til Norge, og i 2017 vart han medlem av det norske kokkelandslaget, der han framleis er medlem i dag.

Tok OL-gull med landslaget

– Eg har konkurrert i to VM og eitt OL. Det vart bronse i VM i 2018, gull i OL i 2020 og bronse i VM i 2022. Så det er jo ikkje så verst, smiler Lofnes.

I dag bur Lofnes i Oslo der han driv med konsulting og catering. Han er også matfagleg kreativ leiar på ein ny restaurant i Smestadkrysset.

– Det er utruleg mange moglegheiter innfor yrket vårt. Eg har drive med alt frå foto og matstyling, reklameinnspeling, oppskriftsskriving og det meste innan restaurantdrift, seier Lofnes, og held fram:

– Eg trivst best med variasjonen yrke gir. Ein kan ha mange ulike ting i lufta og jobbe med alt samtidig. Det er nok ikkje alle det passar for, men eg kosar meg veldig med det.

Rosar initiativ Nyleg vart det kjent at Ervik Havfiske kastar seg inn i kampen for å bevare restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule. Gjennom eit nytt samarbeid med skulen ønsker dei å få opp engasjementet rundt eit fag som dei sjølve kjem til å få bruk for i åra som kjem. Selskapet på Stadlandet tilbyr både lærlingplassar og fri tilgang på sjømat til opplæring. Eit initiativ som Lofnes rosar.

– Dette er veldig kult og betyr mykje, spesielt for dei som vil rette seg inn mot den delen av yrket. Men det er framleis viktig at dei som skal ut å ha læretida si beviser at dei kan bli lærlingar, seier Lofnes.

Når det kjem til at verksemda vil gje linja fri tilgang på sjømat til opplæring, gir Lofnes 100 poeng.

– Eg hugsar godt sjølv då eg var lærling. Det var ingen som forventa at eg skulle kunne filetere fisk. Men vi stod i fiskemottaket på skulen og fileterte 200 kilo laks opp til fleire gonger, så dette er ein kvalitet som elevane på Måløy vidaregåande skule vil nyte godt av, seier Lofnes.

MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

VARIERT: – Det er veldig allsidig. Du kan jobbe kor som helst i verda, og du kan jobbe med uendeleg mykje meir enn å «berre lage mat», seier Kristoffer Westvik Lofnes om kokkeyrket. FOTO: MORTEN ein på studiespesialiserande kan velje programfag utifrå kva ein liker og kva ein trur ein vil jobbe med seinare i livet.

GØY MED FRAMFLYT: Marknadsføringsklassa på vg2 gler seg. Her er Elisabeth Gjengedal, Tuva Rundereim og Sandra Rundereim under årets Framflyt.

STORT OPPLEGG: Det er ikkje nokon spøk å arrangere Framflyt. Her under årets Framflyt då konferansegjestane var på veg inn i salen.

BRA MILJØ: Elevane på studiespesialiserande meiner det både er godt klasse- og skulemiljø. – Slik som dette står vi kvar dag, smiler Andrea.

– Vel det vi synst er gøy

Elevane er einige i dette:

– Det kjekkaste er programfaga og å velje dei faga vi synest er gøy. Eg har valt økonomi, marknadsføring og engelsk, seier Hedda.

Ho har sett korleis ungdomsbedrifter jobbar med ungdomskonferansen Framflyt og neste skuleår skal ho vere med og arrangere den.

– Eg gler meg! Det verkar både kjekt, spennande og utfordrande å arbeide med ulike oppgåver knytt til konferansen.

– Eg liker også marknadsføring fordi det er noko heilt anna enn det vi har gjort tidlegare. Det er eit fag ein uansett får bruk for, seier Kristoffer.

– Eg tenker for tida berre på språkreisa til Frankrike som vi snart skal reise på, ler Andrea.

This article is from: