1 minute read

– Studiespesialiserande er trygt, kjekt og opnar moglegheiter

– Eg har valt studiespesialiserande fordi eg då har fleire moglegheiter innan høgare utdanning etter vidaregåande, seier Andrea Hagen. Hedda, Adrian og Kristoffer er også glade for at dei valde akkurat denne retninga.

Ein annan grunn for Andrea til å velje studiespesialiserande var fordi det då blei lettare å ta eit utvekslingsår i Frankrike etter første året. Det var viktig for henne og noko ho hadde lyst til å gjennomføre.

Hedda vil jobbe i politiet

– Studiespesialiserande opnar mange vegar vidare i livet og du treng ikkje låse deg til eitt yrke. Sidan eg skal bli politi er dette den utdanninga eg treng, seier Hedda.

– Eg var litt usikker og då var studiespesialiserande veldig trygt å velje. Då kan eg bygge på den utdanninga uansett kva eg gjer etterpå, seier Adrian.

Kristoffer er einig:

– Eg har tre brør som har gått same retninga og dei treivst veldig godt. Det er

• Vi kan ikkje sjå at nokon går åleine. Vi er éi klasse og alle kan snakke med alle. Og alle har sine vennar og sin vesle gjeng.

Kristoffer

Har det kjekt på skulen Elevane skryt av både lærarane og klassemiljøet:

– Sjølv om det er mykje teori på studiespesialiserande, sit vi ikkje berre og les i bøker. Dei fleste lærarane er veldig flinke til å variere timane. Første året hadde vi eigentleg dei beste lærarane vi kunne ha bedt om, og dette skuleåret var lærarane også klare til å ta imot oss og gjere det godt for oss, seier Adrian.

DESSE

ARRANGERE FRAMFLYT I ÅR: Frå venstre Elise Silden, konferansier Elise Silden, Henriette Wik og Marine Otneim etter at Framflyt 2023 var over. FOTO: GJERT MYRESTRAND greitt å sjå kva dei har kunne gjort etterpå også, seier Kristoffer.

– Programfaga er kjekke

– Det opnar utan tvil mange dører og mogelegheiter. Elevane vil ha ein del teori, men lærarane er kjempeflinke til å variere og tenke på kva som er best for elevane, seier avdelingsleiar for studiespesialiserande, Kari Sølvberg.

Avdelingsleiaren forklarer at elevane opplever ein forskjell frå ungdomsskulen fordi

– Det er også veldig godt klassemiljø. Fleire av oss kjenner kvarandre frå før, seier Hedda og Andrea.

Dei meiner også at miljøet på skulen er godt.

– Vi kan ikkje sjå at nokon går åleine. Vi er éi klasse og alle kan snakke med alle. Og alle har sine vennar og sin vesle gjeng, seier Kristoffer.

KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no

Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til naturopplevelser i verdensklasse. Hos oss kan du ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.

NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR

This article is from: