1 minute read
Populært med bollefredag
– Eid er best, meiner ein kameratgjeng vi finn i aulaen på Eid vgs. Stemninga er på topp. Kvar fredag er bollefredag og elevane stiller seg i kø i kantina for rykande ferske og digre bollar. Rune Hellenes, Olav Hopland
Johnsen, Esekiel Hagen Henden og Henrik Vingen Vedeld hiv i seg bollar, medan dei skryt uhemma av skulen.
– Folk bør søke på Eid vgs, er den klare oppfordringa.
– Her er så bra læringsmiljø, meiner Olav.
– Eg prøvde først Stryn, men så kom eg hit. Det angrar eg ikkje på, seier Esekiel.
– Her er mange flinke lærarar, som vil at vi skal gjere det godt, og mange moglege linjer å velje i, som legg til rette for det meste, seier gutane.
– Eid er best, det er berre sånn det er, meiner Henrik.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no