Størjefeber Makrellstørja – kystfolk fortel Linda B. Karlsen
Boka er utgjeven med støtte frå kommunane Askøy, Austevoll, Brønnøy, Kvinnherad og Øygarden, og frå Bekkjarvik Eiendom AS, Br. Birkeland AS, Lerøy Seafood Group ASA, Austevoll Melaks AS, North Sea Shipping Holding AS, Troland Lakseoppdrett AS, Fiskarlaget Vest og Sør-Norges Notfiskarlag.
Foto: Forside: Makrellstørje, Martin Falklind. Bakside: Ørebåt på fangst. Sverre A. Børretzen, Aktuell/ NTB. «Fremad II» SF-94-SU, 1966, Oddvar Hausken. Forfatterportrett: Håvard Melvær.
Design: Design Baltic. Trykk: Dardedze holografija.
© Orkana forlag 2022. Orkana forlag as, 8340 Stamsund.
ISBN: 978-82-8104-526-2 www.orkana.no post@orkana.no
Innhaldsliste
Føreord ............................................................................................................................. 9 Innleiing 11
NORSK TUNFISK I VERDSKLASSE ............................................................................ 19
1 Havets konge ................................................................................................................. 19
2 Ein fisk med lange tradisjonar i norske farvatn .................................................................. 26
STARTEN – DET MODERNE NOTFISKET TEK FORM ............................................ 31 3 Notfisket på Helgeland etter Warholm-modellen ............................................................. 32
4 Vestlandspionar på Helgeland i 1950 ............................................................................... 47
FRÅ GYLNE ÅR TIL NEDGANG OG FISKESLUTT – 1950–1986 69 5 Eventyr og størjefeber 71
KYSTFOLKET FORTEL .................................................................................................. 87 6 Fem unge menn på fiske ................................................................................................ 87
Speidaren i tønna 89 Karsten Karlsen
Frå størjefiskar og størjemerkar til havforskingsdirektør ................................................. 97
Odd Nakken
Speidaren på styrhustaket .......................................................................................... 101 Trygve Hellesøy
Den allsidige dekksmannen ........................................................................................ 104 Ingve Torgersen
Stuert og størjefiskar ................................................................................................... 108 Oddvar Hausken 7 Mannen på havet – i medvind og motvind..................................................................... 118 8 Til sjuande og sist gjeld det ikkje å gje seg. Punktum. .................................................... 146 9 Bakkemannskapet. Sjølvstendige kvinneliv i størjetid ................................................... 152
Skipper-kona .............................................................................................................. 158
Magdalena Torborg Klepsvik
Notbas-kona .............................................................................................................. 162
Astrid Marie Hufthammer
Husmora med flagget til topps .................................................................................... 166 Marta Aud Troland
7
10 Sløying av kjempefiskar .............................................................................................. 172
Hoggaren ................................................................................................................... 177 Nils Håpoldøy
Sløyar-kona 182 Randi Håpoldøy
11 Gode år og omstilling for tilknytte næringar ................................................................. 185
I farens fotspor på ei nothengje ................................................................................... 190 Ole Andreas Kalvenes
Skipsbyggjaren og den første stålbåten – «K.S.K.» 196 Tørris Skaaluren
12 Ilandføring, omsetning og eksport .............................................................................. 202 Fiskehandlaren ........................................................................................................... 207 Hallvard Lerøy jr.
STØRJA KJEM ATT – NYTT FISKE I BEREKRAFTIG PERSPEKTIV ........................ 213 13 Norge vert medlem i ICCAT ........................................................................................ 213 14 Ny forsking kjem i gong. Kva veit vi no om størja i norske farvatn? ............................... 220
15 Det nye fisket. Kontinuitet og endring .......................................................................... 227 Med brennande interesse for norsk sjømat ................................................................. 230
Linn Theres R. Nekkøy
Arvtakaren 232 Tore Jan Hillersøy Ein talsmann for fritidsfiskarane 239 Øyvind Fjeldseth
16 Det raude gullet i havet 242 Sushikokken 250 Roger Asakil Joya 17 Fiske og havbruk? 256 Størjeoppdrettaren ..................................................................................................... 259 Jan-Helge Dahl
OPPSUMMERING ....................................................................................................... 264 TAKK! .............................................................................................................................. 265 Notar ............................................................................................................................... 268 Kjelder .............................................................................................................................. 274
8
Føreord
Brått, midt i livet, kan det koma eit ønskje om å sjå seg attende. Små gløtt frå fortida kan bli verdifulle for både den det gjeld, og andre. Det starta med at eg ville vita meir om farfar min, Konrad Karlsen. Han drukna på havet under eit størjekast midt på 1950-talet. Far, Karsten, var då ein ung størjefiskar. Han var med då ulykka skjedde, og vart utgangspunktet for denne boka. Familiebåten «K.S.K.» og mannskapet kom i hovudsak frå den vesle øya Ramsøy utanfor Askøy nord for Bergen. Båten var oppkalla etter dei tre brørne Karl, Sigurd og Konrad, som dreiv han. Det er ein båt som vert hugsa som ein av pionerane, og blant dei fremste med sesongrekord i landet.
Med bakgrunn i den dramatiske familiehistoria, som eg visste for lite om, vart det eit driv til å få far til å fortelja. Det resulterte i at den pensjonerte skulemannen og rektoren heldt foredrag og viste bilde og filmar om sine unge år på størjefiske for fullsette salar. Eg har ringt han jamt og trutt frå Austlandet til Vestlandet i ein fireårsperiode. I oppstarten laga han også hjelpeillustrasjonar om tema som kasting og fangstreiskap og forklaring av faguttrykk som for meg og dei som no veks opp, er framande.
I ungdomsåra arbeidde eg om somrane ved Austevoll fiskeindustri. Fleire somrar kom det
japanske frysebåtar dit. Etter nokre månader drog dei lasta med størjer til heimlandet. På den tida var både det utanlandske mannskapet, digre fiskar og rå sushimat eit framandt syn på ei øy vest i havet.
Eg har tidlegare skrive slekts- og lokalhistorie som eg gav ut i 2018.1 I denne boka har eg med intervju og forelesingar frå far i åra 2015 til 2018. Etter ei tid kom fleire personportrett inn. Det vart meir og meir tydeleg for meg at skal ein læra om kysthistoria vår, skjer det best gjennom å lytta til ulike folk som er knytte til næringa, og som har opplevd ho. Å driva eit notfiske på den største tunfisken i verda, makrellstørje, eller størje, som oftast er brukt i munnleg tale, er rekna for å vera eit fiske fullt av fart og spenning. Den historiske framstillinga famnar minst 70 år, om enn tyngda ligg på det som skjedde i 1950- og 60-åra, då Noreg hadde eit stort størjefiske.
Makrellstørja er uventa komen attende til våre farvatn og gjev nytt liv til boka sitt tema. Til mi overrasking oppdaga eg at her eg er busett på Austlandet, veit folk mest ikkje kva ei makrellstørje er. Ordet størje har dei knapt høyrt. Om eg seier tunfisk, er dei med. For det er sushi. «Kvar kjem tunfisken frå, som de nyttar i sushirullar her?» spurde eg ein tilsett på ein sushibar. Svaret var kontant: «Frå havet.»
9
Eit av siktemåla med boka har vore å byggja bru mellom gammal og ny tid. Det inkluderer forskinga på 2000-talet, som berre havforskarar og fagfolk har skrive publikasjonar om, og det er ikkje alltid like enkelt for folk flest å forstå. Frå nær sagt kollaps i bestanden har internasjonalt samarbeid og forsking vist at det er mogleg å få til ei berekraftig utvikling i fiskeriet. I dag er det såleis eit nytt norsk fiske i gong. Eit ønskje
har og vore å syna fram eigenskapar ved sjølve den norske makrellstørja, som er lite framstilt i fiskerilitteraturen vår. Det er altså ei bok om fisk – og folk.
Linda B. Karlsen Sperrebotn, Våler Oktober, 2022
10
Innleiing
Havet med sitt enorme matkammer har alltid vore viktig for Noreg. Det er ikkje det minste rart når vi veit at kystlinja vår er ei av dei lengste og mest produktive. Ein mild golfstraum er med på å skapa rike næringsførekomstar. Det har gjort det attraktivt for makrellstørja å koma hit på sommarbeite i tusenvis av år. Denne store tunfisken ser ut til å ha blitt utnytta som matfisk på kysten vår frå forhistorisk tid, og etter kvart vart harpunfiske nokså vanleg. Men det var notfiske, snurpenotfiske, etter det som no vert kalla ein pelagisk fisk, stimfisk i overflatelaga, som hadde framtida for seg og er tema for boka. Not var velkjent i fleire fiskeri. Flaskehalsen var å finna sterke nok nøter til å tøyla den ustyrlege størja.
Boka er delt i ein fagleg, allmenn del som framstiller eigenskapar ved fisken og makrellstørjas betydning i Noreg. Kystfolket sine forteljingar utgjer den største tyngda i boka og er samla i ein del, Kystfolket fortel. Denne delen er bygd på samtalar og intervju og har med innleiande tekstar, som viser den meir generelle ramma rundt det personane skildrar.
Den historiske framstillinga tek utgangspunkt i tre hovudfasar. Under delen Starten – det moderne notfisket tar form, får ein kjennskap til notfisket som tok til rett etter andre verdskrig på Helgeland. Omkring 1949–1950 reiste dei første størjefiskarane frå Vestlandet nordover for å
ta del i det nye fisket. Fiskeriet gjekk så inn i ein ny fase og er skildra under delen Frå gylne år til nedgang og fiskeslutt 1950–1986. Frå sesongen 1950 flytta tyngdepunktet seg til Vestlandet, og særleg i dåverande Hordaland fylke. Hovudfokus i boka er lagt til dei gylne og eventyrlege åra for størjefiskarane på 1950-talet og byrjinga av 1960-talet. I denne perioden gjorde mange båtar langs kysten seg berømte med dei gode fangstane. Fisket fann si særeigne form, organisert med størjebruk (størjenot/fartøy som vart nytta særskilt på størjefisket, sjå s. 40. Utrustning – fartøy og reiskap) og sidenæringar, og eit heilt apparat for fiske, mottak og eksport vart etablert på kort tid. Fisket gjekk tilbake og tok heilt slutt i 1986. Men den største tunfisken i verda er no attende i våre farvatn etter eit ganske langt fråvær. Det engelske ordet comebacket er ofte brukt i fagartiklar og presse, og det er såleis nytta også her under den historiske delen Størja kjem att – nytt fiske i berekraftig perspektiv.
Det er viktig å ha i minnet at størjefisket med not slik det føregjekk i den første etterkrigstida, må sjåast ut frå si samtid. Fisket var den gong fritt og utan tiltak for å avgrensa uttaket av bestanden, som reguleringar, kontroll og sanksjonar som ein ser i dag. Ein kan ana eit tidlegare optimistisk syn på naturressursane i havet: Dei
11
var utømmelege. Men det var velkjent for alle på kysten at fiskeria kunne variera, både over tid og geografisk. Den gjengse oppfatninga, blant både fiskarar og fagfolk, var her som i andre land at fiskebestandane var meir eller mindre konstante. Ein av tankane var at fisken over tid kunne vandra over store avstandar. Når størja vart borte ein stad, ville ho dukka opp att ein annan stad. Det var nok fisk å ta av. Det var berre om å gjera å bli flinkare til å henta han opp av havet. Rett nok hadde havforskarane alt då det moderne størjefisket starta, funne ut at fiskeria også veksla med gode og dårlege årsklasser. Dette var kjent også blant fiskarane. Havforskarane tok ikkje til med kartlegging av størja i norske farvatn før utpå 1950-talet. Då var det alt teikn til nedgang i det norske fisket, og det døydde etter kvart ut og vart også redusert i andre land. Då vart det også internasjonalt retta fokus på om det var overfiske og ein redusert bestand som slo ut.
Uro over utviklinga i det internasjonale fisket gjorde at ein eigen organisasjon, Den internasjonale kommisjon om bevaring av atlantisk tunfisk (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas – ICCAT) vart bestemt oppretta i 1966, med sekretariat i Madrid. Noreg var ikkje med frå starten, men meldte seg inn i ICCAT seinare.
Framtida for makrellstørja ser ikkje lenger svart ut. Bestanden er rekna for å vera sunn og berekraftig etter å ha vore nesten på randen av ein kollaps for berre nokre tiår sidan. Noreg har bidrege til å få ei meir ansvarleg og berekraftig forvaltning på plass gjennom ICCAT. Vi har
såleis eit godt internasjonalt renommé som berekraftig forvaltar av eigne og delte bestandar. Internasjonalt samarbeid, satsing på forsking og strenge reguleringar med tilhøyrande kontroll syner at det har vore mogleg å få til ei berekraftig utvikling i det norske størjefisket.
Poenget med god forvaltning av fisk og hav er å ta vare på ressursane som lever der. Det sentrale er at vi ikkje fiskar havet tomt, men tvert imot haustar på ein slik måte at vi kan halda fram med å leva av den skattkista som havet er. Det må med andre ord vera nok fisk att i havet til neste generasjon. For fiskaren inneber det at levebrødet vert beskytta. Difor er forsking og berekraftig forvaltning viktig – for både bestanden, økologien og næringa.
Det er gledeleg at størja er å sjå her på nytt. Det går i dag føre seg eit nytt norsk konsesjonsog kvotebasert størjefiske med små kvotar og ein mindre flåte, i motsetning til fisket tidlegare. Dei fleste av dei moderne notbåtane som no deltek, er frå Vestlandet.
Berekrafta til eit fiskeri er ein kontinuerleg prosess. Forskingsbasert kunnskap vert òg betre heile tida. Fiskerinæringa vert oppfordra til å utvikla nye fangstmåtar som kan bidra til å verna ressursen. Eit nærliggjande perspektiv er å ha kunnskap om at teknologisk utvikling kan bidra til å løysa problem, men dilemma kan oppstå. Med ny teknologi vert fisket langt enklare for fiskarane. Ein hake, eit dilemma ved all teknologisk utvikling, er at fisket vert meir effektivt, på godt og vondt. Samstundes gjeld det å stimulera til forsking og finna fram til nye løysningar for å auka verdiskapinga i det som
12
no vert kalla havnæringane. Eit døme her kan vera den gryande størjeoppdrettsnæringa. Det var etter 1970 at oppdrett av laks og aure slo gjennom i Noreg. Frå norsk hald vart det i 2014 gjort gjennombrot med startfôring av yngel og settefisk av størje. Spørsmålet er om størjeoppdrett i framtida vil vera ei næring i tillegg til fisket.
Ei fiskerihistorie handlar framfor alt om menneskeliv. Dei vert borte, og historiene med dei – om ikkje nokon fangar og formidlar dei vidare. I boka set eg søkelyset på kystfolket og har eit breitt perspektiv på norsk kystkultur i etterkrigstida. Desse kystfolka skreiv sitt eige fiskerieventyr på den tida då det kokte av makrellstørjer i fjordar og på havet langs kysten. Det er ikkje meint å heroisera, men heller tvert imot å gje ein hyllest til dei alminnelege kvardagsmenneska: fiskarar og kystkvinner som streva med å gjera jobben sin, som ofte var tung. Desse var ikkje redde for å ta i eit tak. Målet var å få ein betre leveveg og auka levestandard for seg sjølve og familiane. Det er viktig å få dokumentert deira innsats og kva det betydde. Dei gav seg aldri. Eit anna gjennomgåande perspektiv i boka er å få fram pionerånda som syner seg i næringa og driv ho fram. I boka er det trekt fram einskildpersonar som er føregangsmenn av betydning for det tidlege fisket. Dette er personar som er først ute med noko nytt, og som kastar seg ut i det ukjende. Kven var så desse fiskarane som tok opp kampen mot dei kjempemessige og lynkjappe tunfiskane? Det var eit heilt nytt fiske for dei, og utstyr og fangstreiskap var i starten slett ikkje tilpassa kreftene storfisken kunne visa.
Utvalet av informantar og forteljarar
Boka baserer seg først og fremst på samtalar med kystfolk som deler kunnskap og fortel om sine opplevingar, og dessutan på kjeldestudium og fakta frå forskarar. Det har vore nødvendig å gjera eit utval. Blant veteranane har det vore vanskeleg å finna attlevande og folk som enno har eit friskt minne og kan å vera informantar over tid. På det tidspunktet eg møtte dei, var dei eldste i alderen 75 til 103 år. Dei er frå Vestlandet, det kystområdet der størjefisket betydde mest.
Eg har intervjua i alt 18 personar. Hovudforteljarane er i tillegg til far tidlegare størjefiskarar frå dåverande Hordaland fylke. I tillegg fortel ein stuert og størjefiskar frå Karmøy i Rogaland. Fem eldre menn skildrar korleis fisket føregjekk då det var størjefeber på kysten. Dei var alle med båtar som fiska godt, og fleire av dei var på toppbåtar med størjerekordar. Vi følgjer dei på turar i fjordane og på havet og får historier om storfangstar og konkurransen dei imellom for å bli beste båt. Det høyrer til eit fiskarliv.
Det er lagt vekt på å finna fram til fiskarar som hadde ulike roller og ansvarsfelt på størjefisket. Det gjev rom for å skildra at fisket var eit teamarbeid, der kvar mann måtte utføra si oppgåve for å lykkast: Karsten Karlsen frå Askøy/ Austevoll stod i tønna og speida etter størje, Trygve Hellesøy frå Øygarden (tidlegare Hjelme/ Herdla) skildrar korleis det var å stå på styrhustaket og speida. Ingve Torgersen, også frå Askøy, var dekksmann, og tidlegare havforskingsdirektør Odd Nakken frå Øygarden starta i ørebåten (hjelpebåten) og vart seinare assistent
13
på størjemerking. Stuert og størjefiskar Oddvar Hausken er frå Karmøy kommune. Det synest som om historiene og opplysningane dei deler om størjefisket, har felles trekk – sjølv om fisket kan ha føregått på ulike fangstområde. Eg vonar beretningane kan levandegjera det særmerkte størjefisket. At det dei formidlar, kan representere det typiske; eit allmenngyldig perspektiv. Det er også å vona at det vekkjer minne og gjev gjenklang hos folk som tok del i fiskeriet, og i tillegg har interesse for dei som ønskjer å få eit innblikk i fisket, slik det moderne, kommersielle størjefisket med notreiskap utvikla seg.
Boka utvidar perspektivet, og tre kystkvinner, bakkemannskapet, fortel om livet heime medan mennene var på størjefisket. Magdalena Klepsvik, Astrid Hufthammer og Marta Aud Troland er enkjer etter størjepionerar frå Austevoll. Kvinnene var sjølve limet i mindre kystsamfunn. Dei hadde ansvar for at alt var på stell, både i heimen, for ungar, eldre, gard og dyr. Fiskeribølgja, meldingstenesta for fiskeria med eigen radiofrekvens, stod på dagen lang. Kom karane snart heim med fangst? Størjefisket føregjekk om sommaren og hausten og kom i tillegg til dei andre sesongfiskeria mennene tok del i. Typisk nok skulle størjefiskarane på feltet når det var på den travlaste tida heime, for dei som hadde gard.
Eg har også møtt folk frå tilknytte næringar, herunder båtbyggjaren og arbeidsfolk på gamle nothengjer. Her fortel sløyaren Nils Håpoldøy og kona hans, Randi Håpoldøy frå Askøy, om eit sløyaryrke som fekk ein viktig funksjon med å ta hand om desse store fiskane. Dette var menn
som spesialiserte seg på å sløya størjer, og som difor vart kalla sløyarar. Båtane som vart nytta, gjekk også under fellesnamnet sløyarar.
Det var tungt arbeid å vøla dei store størjenøtene av bomull, og det vert eit gløtt inn i arbeidet som føregjekk med dei svære nøtene på dei gamle nothengjene. Ole Andreas Kalvenes skildrar arbeidet som føregjekk på nothengja i Bekkjarvik i Austevoll. Ei nothengje (hengje, hengja) er eit byggverk som står på pålar og er kledd med tak berre i øvre halvdel. Her vart størjenøtene av bomull/hamp barka (impregnerte) og tørka, slik at nøtene skulle halda seg lengst mogleg.
Skipsbyggjaren Tørris Skaaluren frå Rosendal i Kvinnherad formidlar korleis størjebåtar rusta seg med kraftigare motorar, og korleis overgangen var frå tre til stål som byggjemateriale. Fiskehandlaren Hallvard Lerøy jr. frå Bergen fortel om korleis store mengder fisk vart ilandført og eksportert med tog til Italia då han var ung. Dette er såleis ei bok om meir enn sjølve fisket og korleis det var organisert i høve til andre fiskeri. Sider ved næringskjeda, frå hav til bord, er med. Det inkluderer innslag om utstyr, tilverking og eksport, og om marknaden – forbrukarane –og størje som mat.
Deltakarane står i sentrum. Dei har fått høve til å vektleggja det som har vore viktig når dei ser seg attende i tid. Eit minne er ikkje alltid fakta, men det er slik historiene har blitt for dei. Fleire generasjonar seinare er det no blitt ein del av kysthistoria vår. Eg har etter beste evne forsøkt å behandla dei eg har intervjua, med respekt, og dei portretterte har godkjent tekstane. Ut frå
14
det store innsamla materialet er det heller korte portrett eg har laga. Det som er med, er det som har fengsla meg, og som eg vil dela vidare.
I tillegg til nære portrett er boka krydra med mindre sitat frå utvalde folk som eg har snakka med undervegs, tidlegare fiskarar, etterkomarar av størjepionerar og representantar for den nye kystflåten som i dag har fått tildelt kvote. Det er slikt dei har uttrykt i ein samtale som kan fargeleggja typiske trekk ved fisket – formidla av folket på kysten sjølv.
Frå det nyare fisket fortel Linn Theres R. Nekkøy frå Florø i Kinn kommune og Tore Jan Hillersøy frå Bulandet, Askvoll i Sogn og Fjordane. Linn Theres har vore kombinert fiskar og stuert på «Bluefin». Tore Jan er reiar og skipper på «Hillersøy», som var den første båten som fekk fangst i norske farvatn i vårt tusenår. Han var også på fisket frå midten av 1960-talet og utover og formidlar forskjell på fisket før og no. Felles er deltakinga deira på årsmøta i ICCAT. Dei var dei første med fiskarrøynsle som deltok, og representerte Norges Fiskarlag.
Sjølv om boka har hovudfokus på notfiske, er det teke med eit portrett frå sports-/fritidsfiske som i dag vert drive av ei relativt stor gruppe som får ein liten bit av den norske kvota. Øyvind Fjeldseth er fiskeribiolog og fagleg ansvarleg for fisk i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF). Han fortel om fritidsfiskarar som tek del i merkeforsøka i regi av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, slik at forskarar kan følgja fisken på si vidare vandring.
Sushi er favorittmat for mange, og i dag er det nok fleire som først og fremst knyter tunfisk
til det japanske kjøkkenet. Sidan størje har hatt ei svært lang historie i landet vårt, må ho ha vore eit innslag i kosthaldet. Så kvifor slo ikkje størja riktig an i matvegen her heime då fisket var stort? Det er ikkje lett å svara på det, men faktum er at det aller meste av størjekjøtet på 1950- og 60-talet vart eksportert til europeisk hermetikkproduksjon, sidan også til den japanske marknaden med sine høge prisar. Michelinkokk i sushi, Roger Asakil Joya frå Stavanger, syner fram den mest eksklusive fisken i verda. Det raude gullet i havet – nye produkt på den norske marknaden: sushi og sashimi.
Oppdrett av makrellstørje er kanskje framtida i tillegg til fiske? Norsk gjennombrot frå Fiskeri og ny biomarin industri – SINTEF Ocean AS med produksjon av størjeyngel har gjort oppdrett av fiskearten mogleg. Pioneren på feltet, størjeoppdrettar Jan-Helge Dahl frå Lofoten, fortel om vegen fram.
Kjelder og litteratur
I arbeidet med boka er munnlege kjelder dei viktigaste. Intervjua er gjort i tidsrommet 2018 til 2022. Covid-situasjonen prega prosessen og gjorde det vanskeleg å møta eldre folk i heimane deira. Kommunikasjon vart utfordrande, for det er ikkje alle eldre som nyttar e-post. Å bruka mobiltelefon kunne bli hindra av problem med å høyra. Eg valde difor å ta korte, men heller hyppigare samtalar. Nære familiemedlemmar har hjelpt til. Brevskriving er gildt, også i nyare tid. Det var lagt planar for å ta foto av informantane i naturlege miljø, men dette vart
15
også vanskeleg å få til ved nokre høve. Her har lokale journalistar hjelpt til, og nokre av informantane har skaffa relevante foto. Fleire av informantane har også skrive og sendt inn tekstar ut frå intervjuskjema som på førehand var laga til den einskilde.
Lydopptak har vore eit viktig hjelpemiddel, for å unngå misforståingar og stilla unødige spørsmål. Samtalane, på telefon eller ved direkte møte, har resultert i timevis med lydopptak. Eg har forsøkt å skriva ned så korrekt som mogleg, og noko er gjengjeve som direkte tale og er kombinert med skildringar og andre opplysningar. Det er lagt vekt på å få fram det fiskarspråket som vart nytta i 1950- og 60-åra, for å ivareta denne delen av fiskerihistoria. Språk er identitet. Personane kjem frå ulike stader, så det er dialektforskjellar. Ein del særmerkte dialektord førekjem, og det er forsøkt forklara undervegs. Det er òg å vona at tydinga er å skjøna ut frå samanhengen, konteksten, orda er nytta – og at de ikkje stoppar opp, men held fokus på historiene som vert fortalde.
Sidan språket også har ein kommunikativ funksjon, er det nytta ordinær nynorsk. Språket utviklar seg, og ord og uttrykk vert borte om dei ikkje vert skrivne ned. Eg har lagt vekt på å få fram uttrykk dei eldre fiskarane nytta, så presist som mogleg. Som ei lesarstøtte er det samla fotografi, skisser av kasteteknikk og opplysningar om fartøy, reiskap og utstyr. Det er meint for dei som ikkje kjenner så godt til størjefisket slik det tidlegare vart drive med not. Ny teknologi og omstrukturering av fisket gjer at denne informasjonen langt på veg er historie.
Det er elles med litteratur frå ulike felt. Det kan merkast at opp gjennom tidene har størje vore nytta som eit vanleg omgrep på fiskar som var usedvanleg store. Det gjer studiar spesifikt på makrellstørje vanskeleg. I tillegg synest temaet å vera sparsamt og lite systematisk omhandla av historikarar gjennom tida. Det kan vera naturleg at kvardagsfisket til folk er mindre vektlagt når dei store fiskeria vert skildra i litteraturen.
Sjølv om det er lite om størjefisket i større oversiktsverk i fiskeri- og kysthistoria, finst det litteratur. Om sjølve fisken, makrellstørja, har eg nytta norsk litteratur der det har vore råd å finna. Her har pionerforskar Johannes Hamre (1929–2019) ved Havforskningsinstituttet vore ein sentral bidragsytar med nyttig informasjon som framleis held stand. Om utviklinga av størjefisket er særleg boka til forfattar Magnus Tangen, Størjefisket på Vestlandet, frå 1999 viktig som bakgrunn. Han skriv detaljert om den årlege utviklinga av fisket, og om meir enn Vestlandet, sjølv om kjeldene mest er derifrå, og særleg frå Hordaland. I denne boka er det henta historiske opplysningar frå pionertida, og informasjon om størjebåtar/flåten og fangstresultat/ rekordar er vektlagt. Vidare er årsrapportane frå Fiskeridirektøren i 1950–1964 nytta i den historiske framstillinga, saman med statistikkpublikasjonen Norges Fiskerier, som er utarbeidd av Fiskeridirektøren og publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg er årsmeldingar frå Hordaland Fiskarlag for sesongane 1950–1964 nytta. Arkiv i Nordland i Bodø har protokollar med opplysningar om størjefisket for Nordland
16
Fylkes Fiskarlag. Informasjon om båtane i boka er henta frå Register over merkepliktige norske fiskefarkostar av Fiskeridirektøren og Sjøfartsdirektoratets kartotekkort. Frå andre regionar enn Vestlandet er det skrive artiklar frå fisket på Helgelands-kysten etter andre verdskrig. Her har artiklar av Kåre Laukholm, Tore Drevvatne og Anton Ramfjord vore gode å støtta seg til. For den sørlege delen av landet er nytta Skagerrak. Fiskerens historie frå 1996 av Hartvig Dannevig og Jo van der Eynden. Andre regional- og lokalhistoriske bøker er Karl Egil Johansen si Fiskarsoge for Hordaland 1920–1990 frå 1990, og Bjarne Myrstad si Vestlandsfiske frå 1996. Vidare har Austevollsoga – Kultursoge I frå 1986 mykje nyttig informasjon om fisket. Om kystkvinnene si rolle har bøkene til Åsa Elstad si Kystkvinner i Norge frå 2004, Harald Norstrand si Kystkvinner: liv og lagnad frå 2000 og Husmorboka: Et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass, skriven av Iris Furu i 2016 – saman med ein artikkel av Eli Skeidsvoll frå 1994 – vore viktige kunnskaps- og inspirasjonskjelder. Men
det finst lite som er skrive med perspektivet kvinnene og størjefisket. Sentrale føregangsmenn på størjefisket er skildra i boka Fiskarhøvdingar langs vestlandskysten av Magne Misje i 2000. Det finst også TV- og radioprogram frå NRK om størjefisket på 1950- og 60-talet. Den nyleg prisløna svensk filmserien Fiskarnas rike er informativ om tilbakekomsten av makrellstørja.
Om verfts-, reiskaps- og annan utstyrsindustri er det særleg henta opplysningar frå Norges fiskeri- og kysthistorie, Bind III. En næring i omforming 1880–1970, Nils Kolle (red.), 2014. Boka til Trygve Sørvåg, Englandsfeber: Nordsjøfarten 1940–45 – mennesker og steder 60 år etter, har vore til inspirasjon når det gjeld oppbygning av portrettdelen.
Når det gjeld litteratur og kjelder etter 2000, er det lite å finna på norsk. Det har resultert i at eg har knytt kontakt med ei knippe av dei fremste fagfolka i landet på sine felt. Det er vektlagt å ha ei bok rik på bilde som syner både båtar, folk og fiskevær på kysten.
17
Kroppen til makrellstørja er muskuløs med elegante linjer. Spisse, gule småfinnar lyser opp langs buken og den elles så blåsvarte, metalliske ryggen. Dette er blant dei raskaste og største av alle beinfiskar på kloden: Vi snakkar om den aller største tunfiskarten i verdshavet. Ein kompakt muskelbunt som i forma liknar på ein torpedo. Kroppen er robust og straumlinja, aerodynamisk. Kvar minste detalj på denne arten er tilpassa til å symja raskt, vera uthaldande og ha kraft. Fisken har trong for mykje næringsrik mat. Det finn han i rikelege mengder i våre farvatn om sommaren. Fotograf: Brian Skerry.
18
NORSK TUNFISK
I VERDSKLASSE
Det er liksom litt meir sus og stas å nytta det trauste norske namnet makrellstørje – eller berre størje, som denne tunfisken er kalla frå gammalt av her heime – enn det engelske namnet Atlantic bluefin tuna eller det latinske Thunnus thynnus. Ordet størje kjem frå det norrøne styrja og kan vera ei avlydsform av stor, noko som peikar i retning av stor fisk. Namnet til slekta Thunnus er frå latin og er avleia frå det greske thynnos, som truleg viser til fisk som styrtar av stad. Dette er den einaste av alle tunfiskane som gjestar våre farvatn.2 Som pelagisk og oseanisk fisk er størja å finna i opne havområde, men kjem sesongmessig til våre farvatn.
Det er to bestandskomponentar eller førekomstar som har utbreiing i det nordlege Atlanterhavet: Den vestlege makrellstørjebestanden gyter i området ved Mexicogolfen Den austlege bestanden, som denne boka handlar om, gyter først og fremst i Middelhavet og er den som i all hovudsak kjem på beitevandring i Norskehavet, Nordsjøen og langs norskekysten. Det er dei aller største individa som kjem hit, til deira nordlege levegrense.
Veslebroren til makrellstørja er den langt mindre norskatlantiske makrellen (Scomber
scombrus) med dei karakteristiske stripene i grønt og blått fargespel.3 Desse slektningane er begge utprega stimfiskar, svært aktive og raske i rørsla og glupske jegerar. Den vesle, proteinrike makrellen er blant dei høgast rangerte fiskeslaga på menyen til makrellstørja.
Ibuande eigenskapar gjer makrellstørja særs tilpassingsdyktig til klimaskifte når ho flyttar seg der det er mat. Ho fer mellom gyteområde i varme hav og næringsvandring i kaldare farvatn der det er gode beitetilhøve. Så er det også slik at fisken ikkje bryr seg om landegrenser. Det er ein vandrande bestand som tek ulike vegval. Det fører han inn i ulike internasjonale soner. Det er mildt sagt vanskeleg å halda styr på kvar den vidfarne tunfisken fer. Slikt vert det politikk av.
1 Havets konge
Ofte er det teke i bruk biletlege termar når makrellstørja skal skildrast, slik som: havet sitt gull eller diamant, Ferrari og havet sin RollsRoyce og Formel 1. Med tilsvarande ordlyd følgjer ei inndeling av unike eigenskapar ved denne storfisken.
19
Skjematisk kart over utbreiinga og gyteområde for vestleg og austleg atlantisk makrellstørje. Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.
Formel 1
Formel 1 er eit løp i den øvste internasjonale klassen av motorsport, der snertne, fargerike bilar konkurrerer i høg fart. På verdshavet står størja i ein særklasse ved at ho greier å leggja etter seg store distansar i eit høgt tempo med knappe svingar og oppbremsingar så sjøspruten står. Formel 1-størja legg ut på ei lang reise for å koma på sommarbeite til kysten vår, og denne ruta har det eksakt same fiskeslaget gjort i tusenvis av år.
Det er ein kombinasjon av kroppsform og teknikk som gjer fisken til ein glitrande symjar. Over kort tid kan han halda ein jamn høg fart,
såkalla cruise-speed. Som ein av dei raskaste beinfiskane i havet går det fort. Farten er over kortare strekningar observert til nærare 70 kilometer i timen. På ein augneblink kan størja slå over til ein endå hurtigare symjeteknikk, burst-speed, som gjev ein toppfart på kortare distansar.
Denne tunfiskarten har to rygg-bryst-bukfinnar og ein gattfinne. Den bakre rygg- og gattfinnen er stive strålefinnar. Mellom desse og halefinnen er det karakteristiske småfinnar, gulfarga og sjølvlysande. Ein trur at funksjonen er å halda stimen samla.4 Den fremste ryggfinnen er ein strålefinne som kan faldast saman i
20
ei fordjuping i ryggen, slik mange jetfly kan gjera med vengjene. Det vitnar om fart.
Fiskarar fortel at størja er særs var og kan «snu på ein femøring». Storfisken er såleis kjapp i vendinga, og på ein augneblink fer dei i alle retningar. Treng størja å setja opp farten ytterlegare for å koma seg raskt unna, er det mykje som tyder på at ho til og med kan tømma magesekken som ein fluktrespons.
Den grenselause globetrotteren er i stand til å flytta seg over enorme avstandar på relativt kort tid. Eit pioner-merkeforsøk utført av Johannes Hamre ved Havforskningsinstituttet i mai 1962 synte at på femti dagar kryssa ei vaksen makrellstørje Atlanterhavet; ein strabasiøs og krevjande tur like frå eksotiske Bahamas-øyene til Bergen.5 Eit nytt norsk satellittmerkeforsøk i 2018 syner vandringsmønsteret til ei makrellstørje merkt utanfor Bergen.6 Ho gjekk frå byks i overflata til dykk på 487 meter. Det viser at fisken har sumt gjennom temperaturar frå 17,2 °C like ned til 3,5 °C . Han har og gått frå luftige hopp til djupdykk. Dette stadfestar kor god symjar makrellstørja er.
Tungvektaren
Den austlege makrellstørja, fødd i Middelhavet, treng 19 til 21 varmegradar for å gyta. Gytinga føregår i juni–juli på spesifikke område rundt Balearene, Sicilia, Malta, Kypros og i libyske farvatn. Først gyter den største, så den mindre fisken noko seinare. Egga vert lagt partivis i ope vatn med eit gyte-intervall på ein til to dagar.7 Om naudsynt kan størja la vere å gyta eit år. Det er rekna som ein livsstrategi, ein overlevingsmåte,
for å sikra arten best mogleg reproduksjon og vekst.
Ei stor hostørje på 270 til 300 kilo kan gyta opptil ti millionar egg i løpet av ein sesong.8 Egga vert klekte etter få dagar, og dei små larvane er nokre millimeter lange med stort hovud, store kjevar og pigghale som den einaste av Thunnus-arten.9 Fort på plass kjem så dei velutvikla finnane, og sporden får den typiske kløfta. På eiga hand kan då småtassane symja rundt og tek til seg av drivande planktonorganismar i øvste vasslag. Veksten er formidabel, og størja er rekna for å vera mellom dei fiskeartane i havet som veks snøggast. Størja vert i gjennomsnitt tjue år, men kan bli tretti år gammal òg. Ved optimale tilhøve kan levetida verta opp mot femti år.
Etter å ha gytt legg fisken ut på næringsvandring i Middelhavet og primært i Atlanterhavet. Det er storstørjene som først legg ut på den strabasiøse næringsvandringa. Dei fer ut det litt tronge Gibraltarstredet og vidare ut i Atlanteren for å finna mat og veksa seg store.10
Det er ein lang distanse størjene legg etter seg når dei vandrar til våre breiddegradar, men til gjengjeld landar dei i eit av dei beste matfata i verda. Etter å ha feita seg opp utover sommaren og hausten skal tunfisken attende dit han kom frå. Som laksen fer han attende til fødestaden når han skal gyta.
Fyrbøtaren
Ibuande eigenskapar gjer makrellstørja særs tilpassingsdyktig der ho flyttar seg i høgt tempo for å finna mat. Størja har ei enorm forbrenning
21
Vandringsmønster av ei makrellstørje merka utanfor Bergen i 2018. Legenden er felt inn for vandringsruta og er den mest sannsynlege ruta når ein reknar ut frå modellar. Havforskningsinstituttet (Ferter et al., 2018).
og ein høgare kroppstemperatur enn temperaturen i sjøen rundt.11 Dei fleste fiskeslaga tilpassar seg og har stort sett same kroppstemperatur som temperaturen i vatnet rundt seg, det vil seia vekselvarme. Om vatnet er åtte gradar, er til dømes ein aure åtte gradar inni seg. Størja er derimot jamvarm. Uavhengig av kor varmt det er i sjøen der fisken ferdast, regulerer han den indre temperaturen i kroppen og kan halda seg opptil 7–10 °C over sjøtemperaturen.12 Slik sett kan muskelbunten ha eit mykje høgare aktivitetsnivå og utvida leveområdet sitt til kaldare farvatn enn ein heilt vekselvarm art. Størja kan auka temperaturen betydeleg i vitale organ som
hjernen ved behov.13 Det krev likevel enorme energimengder å oppretthalda ein så høg temperatur. Når makrellstørja kjem til kysten vår i juli–oktober, er temperaturen i sjøen ganske kald, rundt 12 til 15 gradar. Sjøtemperaturen vil vera heilt avhengig av område, tid på året og ikkje minst djupn størja oppheld seg på. Størja sin fysiologiske eigenskap gjer at ho kan tilpassa seg høge vatntemperaturar (opptil 30 °C) og kalde (ned til 3 °C) og oppretthalda ein høgare kroppstemperatur enn sjøen rundt seg.14 Dersom det er 15 gradar i sjøen, kan indre temperatur vera 25 gradar. I kalde nord lyt størja fyra
22
godt opp i omnen for å oppretthalda ein høg kroppstemperatur. Makrellstørja er uvanleg blodrik til fisk å vera og har eit stort og vidt forgreina blodkarsystem.15 Fiskarar fortel at blodet er rykande varmt når dei handsamar fisken. Det er hemoglobinet i blodet som gjev den raude fargen til fiskekjøtet, og er med på å frakta oksygen rundt i kroppen. Myoglobinet kan dekkja trongen for oksygen til musklane i berre nokre få sekund. Makrellstørja treng rikeleg med friskt sjøvatn for å få nok oksygen. Det får ho ved å symja. Dersom størja mistar fart og står stille, vil mangel på oksygen føra til kveling, og fisken druknar.16 Det er som ein vedomn: Utan brensel og nok oksygen sloknar flammen.
Vekstkurve, opplysning er henta frå Hamre 1962: 123. Oppsett: Forfattaren.
I flokk og følgje Tunfiskarten er ein utprega stimfisk. Generelt vil ein stim variera i forma og er knytt til kva fiskane føretek seg. Ein diger fiskestim på vandring eller som beitar, er lett å sjå i stille ver. Eldre fiskarar fortel om størjer som held seg innanfor eit område for å beita, nærast i ei sirkelform, som dei kalla ein størjeknute, ei størjeåte eller ein størjedott. Vart det oppdaga størjer frå båtane, kunne fiskarane seia: «Der er ein dott!» Det kan tenkjast at ordet dott kjem frå det engelske ordet «dot», som tyder flekk og er knytt til ei lita mengd av noko, som ein skydott, tåkedott.
I ein størjedott kan det såleis vera alt frå få fiskar til større stimar, kalla flak. På ein sjøstrekning kan fleire dottar syna seg samstundes. Det er fortalt om ti til tjue dottar innan hundre nautiske mil i luftlinje. Storstørja går gjerne i
flokkar på opptil 50–70 fiskar. I småstørjedottar kan det vera kjempestimar på opptil tusen individ.17 Fiskane sym saman i tette grupper som tilpassar fart og retning til kvarandre. Stimfiskar kan lettare enn eit einskild individ gjera søk over større område etter mat. Dei unge fiskane har difor særleg nytte av å gå i stim. Under angrep frå andre rovdyr står dei sterkare.
Det er til å undrast over: Korleis greier dei å finna vegen? Luktar dei seg fram, eller nyttar dei synet eller lyden, slik kvalen gjer? Er indre kart, kompass og elektromagnetisme funksjonelle hjelpemiddel på vegen? På kva måte kommuniserer dei seg imellom? Er det ein av flokken som sym fremst, eller byter dei på leiarskjorta under ein lengre distanse? Ein kan rekna med at solid livsrøynsle er heilt avgjerande for å klara dei strabasiøse og lange vandringane til våre trakter.
23
Alder cm kg Klassifisering 1 år 64 5 3 år 98 16 5 år 135 45 Ung vaksen
«Småstørje» 7 år 167 87 9 år 196 145 Medium vaksen (9–12 år) 11 år 220 195 13 år 239 255 Gamal vaksen (12 +)
(5–9 år)
Stuert og størjefiskar
Namn: Oddvar Hausken
Fødd: 1942
Fødd: Torvastad, nordre Karmøy, Rogaland
Busett: Same stad
Yrkesfiskar. På størjefisket med «Alkana» i 1957–1961 som stuert og dekksmann. I sesongen 1963/1964 kjøpte han, saman med broren Gunnar (skipper) båten «Mary Ann» R137K. På størjefisket vart «Mary Ann» nytta som følgjar til «Alkana» somrane 1964–1966. Andre fiskeri Oddvar har vore med på, er: brisling og vintersildfiske, Nordsjøfiske etter sild, brugdefangst og industrifiske i Nordsjøen. Foto: I sjøbua er delar av den gamle størjenota, tørka, teken vare på. Foto: Ørjan Iversen, konservator i Karmøy kommune,12.10.2021.
gong.
I 1957 var Oddvar femten år, ferdig med framhaldsskulen og klar for å vera med på størjefisket med familiebåten «Alkana». Denne første sesongen var han med farfaren Peder Hausken, faren Knut (1913–1994) og dei to onklane Arne og Gerhard Hausken. Desse var blant pionerane frå Rogaland i 1950. Oddvar vart lova full lott. Det er nok rettare å seia at han i praksis måtte dela lotten med søskenbarnet Arne. Han var son til skipperen og laut vera heima og røkta minken. Det var ein god deal, tykte gutane.
Aldri smakte vel maten betre enn etter eit vellykka kast
Oddvar Hausken er i sitt ess når han forklarer korleis det gjekk til at han vart stuert: – Eg hadde vore i militæret i Nord-Norge i 17 månader. Der tok eg kystskipperskulen. I tillegg til ordinær militærteneste var eg kokk. Blant anna skulle vi servera mat til pasientar som var på eit sivilt sjukehus som høyrde til leiren. Han fortel at mannskapet på «Alkana» var svært glade for at det kom ein kokekyndig ungdom om bord. Oddvar på si side tykte det var fint å koka, for det var ein vanleg kompensasjon at stuertar ikkje betalte for maten, noko dei andre om bord måtte gjera. – Det er for fin tittel å seia at eg var
108
Det gjeld å følgja med i timen når det er storkast på
stuert, men eg var no god til å opna hermetikkboksar på størjefisket, smiler han godt.
Mannskapet måtte hjelpa til der det høvde seg best. Det gjaldt stuerten òg. Stundom måtte Oddvar i ørebåten, og stundom kasta han karbid i nota. Av og til stod han og speida i tønna: – Det var om å gjera å koma så høgt vi greidde i masta for å få best utsyn. Vi stod oppå tønna òg, seier han.
Fiskarane frå Torvastad nytta sløyarar om veret var godt. Elles brukte dei å sløya sjølve. «Alkana» leverte ofte på fryseriet Iglo i Haugesund, ifølgje Hausken. Det var ikkje alltid at stuerten fekk arbeidsro under matlaginga:
– Du kunne vera heilt sikker på at når eg skulle laga middag, så var det størje i sikte. Då var det å springa opp i slingringa og vera med og kasta. Så var det ned igjen å fortsetja å koka. «Alkana» var ikkje meir enn femti fot. Det var såleis ikkje store plassen for han som skulle stella i stand maten. Heilt ufarleg var det heller ikkje, slår Oddvar fast.
– Vi var ti menn som sov, åt og oppheldt oss på eit lite rom. Det var to plater å koka på, og det vart nytta gass. Det kunne lukta gass der vi sov, fortel han. Måltidet er viktig på fisket. Mannskapet måtte få i seg godt med mat, tidleg og seint. Det gjaldt å finna seg ein høveleg stad å få kvila seg og eta samstundes, for det var fylt til randen i det vesle opphaldsrommet. Ofte var det ein av dei som låg på køyekanten. I dag er ringnotbåtar like flotte som hotell der ein får servert matrettar av alle slag, og dei fleste har nok eigne lugarar.
– Det aller viktigaste stuerten gjorde på fisket i mi tid, var å slenga over ein stor kaffikjele. Det
var fleire av fiskarane som tømde kvit tørrmjølk i kaffien. Dette var boksemjølk, mjølk som var lagd i hermetikk. Eg laga eit hol i hermetikkboksen, og så tømte karane mjølkepulveret i kaffien. Til kaffimat gjekk det ofte i søt kavring eller sukkerbitar som karane duppa i kaffien, minnest han. Oddvar fortel vidare at kvar mann hadde sitt eige kaffikrus. Dei var store og tok nok ein kvart liter. Krusa hang på eit skott. I tillegg var det ein kasse med bestikk og tallerkar til mannskapet. Det var ikkje kokken sin jobb å vaska opp. Mannskapet måtte ta kvar sin tørn. – Det var no i alle fall ein dag i veka at dei var reine på hendene. Men det var ikkje kvar dag dei vaska koppen sin. Det er meir presist å seia ein gong for sesongen, ler Hausken i dag. Stuerten hadde ansvaret for all provianteringa. Det måtte planleggjast innkjøp og bereknast pris. Mannen frå Torvastad gjekk nøye til verks:
– Det var viktig å sikra at det var nok sirup og sukker. Eg kjøpte inn brød for ei veke. Til pålegg var det smør, syltetøy og sardinar på boks. Eg måtte for all del ikkje gløyma å ha nok boksemjølk. Han meiner at mannskapet ikkje leid noko naud i matvegen:
– Vi gjorde alltid det beste ut av det den gongen. Eg kokte poteter og tørrfisk i ei gryte. Når vi fekk størjefangst, kokte eller steikte eg størjerettar. Etter at det store fiskehovudet var fjerna, kunne ein finna ein god nakkekotelett. Det var mørt kjøt utan transmak. Bak augo på fisken var det meir magert kjøt, og det var for snadder å rekna. Eg serverte for det meste kokte poteter og kålrabistappe attåt størjemiddagar. Så var det havresuppe med rosiner og rosinsuppe med havregryn, seier han med eit glimt i augo.
109
«Comme ci comme ça» – så som så
Dei sanitære og hygieniske tilhøva om bord på fiskeskøytene kunne vera så som så. I tillegg var det trongt og klamt når ein skulle få seg søvn. Den pensjonerte fiskaren har ikkje gløymt dei kummerlege tilhøva.
Karmøyværingane hadde ein tre hundre liters aluminiumstank med vatn om bord. Det var eigne vatnreservoar langs kysten der båtane kunna fylla opp tankane, og det vart nytta sjøvatn der det var mogleg.
– Å pussa tenna var det vel ingen som gjorde. Dei eldste tok nok ut tenna (gebiss) og pussa dei når dei kom heim. Det var ingen som kunne vaska seg før til helga. Ein måtte ikkje sløsa med vatn, det var nøye, påpeikar han. Det fanst ikkje toalett, verken på «Alkana» eller «Mary Ann». Oddvar fortel at dei hadde med ei dobøtte av tre, også kalla dopøs. Blant fiskarane var ho kalla Siri. Ho stod på dekket. Det var å gå bak styrhuset.
Men kva med Siri?
Det er godt kjent at noko av det som skil sjøulkar frå landkrabbar, er språket. Om bord i ein båt heiter til dømes bøtte ei pøs, og ei seng vert kalla køye. Styrhus er brua, og kjøkkenet om bord vert kalla bysse. Soverommet heiter lugar, og rommet, salongen, der ein oppheld seg og et, vert omtala som messe. Lista er lang. Fiskarog sjømannsspråket har utvikla seg både gjennom tid og stad. Ein anar at det er mange ord som har engelsk opphav når trapp eller stige heiter leider, som på engelsk er ladder. Ein krok heiter huck. Val av ord og uttrykk er presise omgrep for å unngå misforståingar blant dei som ferdast på havet. Men, kvifor i alle dagar vart dopøsen på dei eldre fiskebåtane her heime heitande Siri? Svar på det den som kan.
Slik kunne ei «siri» vera. Foto: Ryfylkemuseet.
110
Storkast og skivebom
Å fortelja om storkastet høyrer med til eit langt fiskarliv. Det største størjekastet Oddvar fekk oppleva, skjedde vest av Skarvøy. Han var 15–16 år gammal og var i ørebåten åleine, slik praksisen var på «Alkana». Hausken skildrar det strabasiøse arbeidet han tok del i:
– Det var i august–september månad. Vi fekk 308 størjer med bra storleik. Eg sat både på kne og låg på alle fire i båten medan eg nytta ein oppstikkar som eg sleppte ned i nota med eit tau. Eg stakk så ein og ein fisk for å få nota lettare. Fisken dauda ned etter kvart, så arbeidet gjekk greitt. I tillegg nytta mannskapet på dekk ei to–tre meter lang trestong med store håbrannkrokar i enden. Etter kvart som nota vart lettare, kunne dei nytta vinsjen. Eg var ikkje gamle karen og var stuptrøytt. Det var eit svært kast, og vi jobba like til morgonen.
Han kan framleis hugsa at han så vidt fekk med seg ei stemme som sa omtrent slik: «Det er egg til frukost. Du må eta før du legg deg til å kvila.» Men då var gutungen alt sovna i sokkane. Han vakna først til liv då dei var komne til lands.
Karmøyværingen fortel om mykje kav på størjefisket, men vart det fangst, var alt det tunge arbeidet gløymt. Då vart mannskapet spinngalne og mest i ei anna verd. Han skulle gjerne ha opplevd dette fisket igjen. Men ein episode vil aldri gå ut av minneboka til denne fiskarslekta frå Torvastad. Hendinga skjedde 9. september 1967 idet nabobåten frå Karmøy,
«Salvøy», skreiv seg inn i fiskerihistoria med gullbokstavar. Oddvar Hausken skilder nokre bitte små sekund som skulle utgjera ein stor skilnad i størjesoga:
– Far brukte alltid å lytta til radiobølgja. Vest av Brandasund ved Bømlo låg «Alkana» like i nærleiken av «Salvøy», med Peder Kristoffersen som bas. Idet «Salvøy» gjorde det største kastet som nokon gong er gjort her til lands, hadde dei forsøkt å ropa etter «Alkana»: Dei trong hjelp! Nota var stappande full! Far hadde då nett skifta kanal på radiotelefonen og høyrde på vermeldinga. Det trega han på heile livet.
Til denne hendinga høyrer det med at ein annan båt, «Fremad II», som på denne tida var tilhøyrande i Sogn og Fjordane, hadde to radioar og kunne lytta til fiskeribølga samstundes som dei kunne få med seg fiskerimeldingane.140 Dei sette ut lettbåtane og for i retning «Salvøy». Det enda med at dei fekk tjuefem prosent av fangsten som løn for å vera med å berga dette historiske kastet.
Oddvar fortel at det var både gleder og sorger knytte til størjefisket. Mannskapet på «Alkana» var i nær familie. Mora hans Aslaug (1913–2008, jentenamn Skaar, frå Tysnes,) anka (var uroleg) heile livet på at noko skulle skje mennene medan dei var sjøen. Men det var Tiedemanns tobakk tok knekken på faren.
– Den gongen røykte dei fleste fiskarane. Det var nesten til å beundra at dei fekk fyr på sneipen under arbeidet med så mykje størjeblod og sjøsprut, meiner Oddvar.
111