Adventnytt 2020 12

Page 6

NYHETER

Dametreff på Horn i Brønnøy Av Torgunn Skoglund Dei fire førre åra har vi damer på Helgeland hatt glede av å treffast på Dønna. Der har vi hatt dametreff i Berfjord, ein stad med fine fasilitetar for vårt bruk. I år vart det annleis på grunn av den mykje omtala koronaen. Då opna Bitten og Edy Pigato velvillig heimen sin for oss så vi kunne vera der i staden. Dei driv kombinert gardsbruk med kjøttkyr og sal av skinn. Vi fekk tre flotte dagar der frå 11. til 13. september. For å koma dit, reiste eg først til Sandnessjøen. Derifrå bar det med bil og to ferjer før vi kom fram ei noko regnfull og blåsande helg. Men det spela inga rolle, for vi hadde det godt og varmt innomhus og kvarandre imellom. Vi var ni damer samla. Vi kom frå Hadeland i sør til Mo i Rana i nord. Vi vart ynskte hjarteleg velkommen av vertskapet. Fire av oss overnatta i ei hytte i nærleiken. Dei andre heime hos nokon. Første kvelden samla vi oss i den herlege nybygde stova deira med varme fargar og møbler frå Portugal. Vi åt god mat, som Edy laga til oss. Han jobba på kjøkkenet medan vi damer berre kosa oss og prata. På sabbats føremiddag handla leksa om at vi skal vitne om det vi har opplevd med Jesus . Difor la vi det opp slik at dei som

ville, fekk lov til å fortelja om livet sitt med Jesus. Det vart nære og varme ord som då kom fram. Vi har alle opplevd noko av kvart, og vi fekk seia det som det er. Det trur eg er sunt og godt. Og så lærer vi kvarandre å kjenna på det viset. Jesus har støtta oss på ulikt vis gjennom åra. Oppturar og nedturar har avløyst kvarandre. Etter dette hadde Gunnhild Franzen gudsteneste der ho fortalde om si livsreise frå barndom og fram til no. Ho spela gitar til sangane vi sang. Ei rik stund hadde vi der. Etter dette var det atter eit herleg måltid. Å sitja til bords i lag og eta god mat kan ikkje overvurderast. Det er ei samkjensle med gode historier og lått og løye som gjer inderleg godt. Etter det fór tre av oss opp til holet i Torghatten. Det er ein spennande tur for dei som ikkje har vore der før. Bitten og eg fór på kunstutstilling til ei dame som det viste seg at eg kjende frå før. Fin kunst på eit gammalt småbruk la endå meir rikdom til dametreffet for oss som var der. På kveldstid hadde vi eit møte til. Bitten las frå ei gammal poesibok frå hennar ungdom. Det har runne ein del vatn i havet sidan vi var pur unge, ja. Nye perspektiv har kome til. Til kvelds fekk vi herleg heimelaga vegetarisk pizza. Kokken Edy fornekta seg

ikkje. Det smaka herleg. Søndagen var vi først på omvising i huset der Edy sel skinn. Det var fiskeskinn, krokodilleskinn og slangeskinn. Kanin­ skinn, kuskinn og sjølvsagt saueskinn. Her var vesker av korkeik frå Portugal. Eg må nemna eit stort skinn sydd saman av små restebitar. Det var i mange lekre fargar. Eit syn å sjå. Sjølvsagt handla vi litt når vi først var der. Det vert nok ein og annan julegåve frå Horn skinn i år ja. Det var ikkje slutt enno. I nabolaget ligg noko som heiter Hildurs Urterarium. Det er ein serveringsstad med ein flott urtehage rundt. Spennande bibelhage er det også der med urter og planter nevnt i Bibelen. Regnet sila ned over både oss, trea og blomane. Vi var også inne der og såg i dei gamle, fine stovene og dessutan eit flott nytt selskapslokale. Ein stad å koma innom og bli berika, det og. Før vi tok på heimveg, fekk med oss kvar si øskje med små egg frå vaktlane Bitten og Edy har. Før det vart vi vist omkring i drivhuset der dei dyrkar mellom anna paprika og tomatar, derimellom ein svart sort. Allsidige folk med eit spennande liv utpå garden på Horn i Brønnøy. Bitten har også full jobb i Brønnøysund. Her lever dei det gode liv på landet. Takk til ekteparet Pigato for ei fantastisk helg.

Det skjedde i de dager For folk flest går tankene oftere til Jesus i julemåneden enn på noe annet tidspunkt i året. Du kan glede andre med en lenke til Hope Channels programmer om juleevangeliet. Del en lenke på Facebook, i et elektronisk julebrev eller bruk QR-koden i et julekort. Hos Norsk Bokforlag kan du kjøpe fine julekort med QR-kode til et program med juleevangeliet. http://bit.ly/NBF-QRjul. Bruk denne koden for å linke direkte til oversikten over programmene med juleevangeliet: http://bit.ly/DeDager Du kan også kopiere denne QR-koden inn i dokumenter på papir.

6

Adventnytt 12-2020


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.