FjordKysten Reiseguide 2021

Page 11

Foto: Espen Mills.

KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg plassert i Florø, ein kort spasertur frå sentrum. Her har vi tre museumsbygg og eit stort friluftsmuseum med gamle sjøbuer og tradisjonelt kulturlandskap. Museet skal trygge og formidle natur- og kulturhistorie frå kystsamfunna til Sogn og Fjordane. I utstillingsbygga kan du lære om framveksten av Florø by, sjå nærare på tradisjonelle båttypar eller setje deg inn i petroleumsnæringa i oljeutstillinga. I friluftsmuseet kan du besøke sauene og geitene våre som jobbar med å vedlikehalde kystkulturlandskapet. I hovudbygningen er det mellombelse utstillingar og enkel kafé. Vågsberget handel- og gjestgjevarstad er ein av dei best bevarte av sitt slag i Norge. Den ligg vakkert til 5 km frå Måløy. I sommarsesongen opnar vi bygningane og du kan få ei minnerik reise gjennom den staslege hovudbygningen og den innhaldsrike krambua. Mellombelse utstillingar og enkel kafé i driftsbygningen.

OPNINGSTIDER KYSTMUSEET 21. juni – 15. august: Måndag til fredag kl. 11.00 – 17.00 Laurdag og sundag kl. 12.00 – 16.00

Resten av året: Måndag – fredag kl. 10.00 – 15.00 Sundag kl. 12.00 – 15.00

PRIS: Vaksne kr. 80,- / Honnør, student kr. 50,- / Born (7 – 18 år) kr. 30,- / Born (under 7 år) GRATIS / Familiebillett kr. 170,-

OPNINGSTIDER VÅGSBERGET 24. juni – 15. august: Torsdag til søndag kl. 12.00 – 17.00 PRIS: Vaksne kr. 50,- / Born (0 – 18 år) GRATIS KONTAKT: Tlf. 982 69 854 · ksf@misf.no · kyst.museum.no

fjordkysten.no

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.