Foto: Visit FjordKysten.
FJALER Fjaler byr på flotte natur- og kulturopplevingar. I kommunesenteret Dale kan du besøke Jakob Sande tunet, der den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906-1967) er fødd og oppvaksen. I dag eit senter for forteljekunst, med omvisingar og kulturarrangement. Over bygda troner Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen, ein internasjonal residens, for kunstnarar, designarar og arkitektar. Vi anbefaler ein tur til den flotte Badevika nær sentrum, fottur til idylliske Fossedalen, eller ein padletur til Laukelandsfossen. Er du glad i lokal mat og gode smakar må du få med deg eit besøk til Leonards Forlaavelse på Hellevik. Her finn du også ei perle av ein interiørbutikk. Like ved ligg kulturminnet Nilsbua, der du kan oppleve gamal kystkultur. Frå Jensbua Kystkultursenter kan du bli med på segltur med Bakkejekta, ein kopi av Noregs eldste bevarte båt. Like ved kan du også besøke den herskaplege sorenskrivargarden Lillingstonheimen og bli med på ein afternoon tea. I Korssund kan du sjå Olavskrossen, reist kring år 1030 i samband med kristninga av Noreg. På Lammetun like nær kan du oppleve Lammetun Kystfort, eit godt bevart kystfort frå siste verdskrig.
30
HØGDEPUNKT: • Teaterfestivalen i Fjaler 9. – 12. september • Jakob Sande tunet • Kulturvandring i Dale • Lammetun Kystfort • Olavskrossen i Korssund • Segltur med Bakkejekta • Dagsturhytta Vidsyn, Bygdeheia • Laks og sjøaurefiske i Flekke og Guddalsvassdraget • Leonards Forlaavelse • Heileberget 761 moh • Afternoon tea hos Lillingstonheimen • Laukelandsfossen
fjordkysten.no