FjordKysten Reiseguide 2021

Page 48

Foto: Visit FjordKysten.

SYKKELFERIE FjordKysten passar perfekt for sykkelentusiastar i alle aldrar, både vår, sommar og haust. Her finn du lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyar som er knytt saman av lokale båt- og ferjeruter. Ta gjerne sykkelen med på øyhopping. Her kan du sykle langs lite trafikkerte og idylliske vegar. Det er lett å kombinere ein sykkelferie med andre aktivitetar som fiske, vandring, kajakk og rafting.

TURTIPS PÅ TO HJUL: •

Solund: Det lett kuperte terrenget gjer Solund perfekt for sykling. Kombiner sykkeltur og øyhopping med den lokale postbåten.

Værlandet og Bulandet: Nordsjøporten, vegen mellom Værlandet og Bulandet, tek deg med over 5.240 meter veg og 6 bruer midt i havgapet. Perfekt for sykling!

Askvoll: Sykle over den nye Dalsfjordbrua og langs fjorden til Holmedal. Ta ein stopp på fabrikkutsalet til Helle Fabrikker, før du sykler vidare langs fjorden til Askvoll. Vi kan og anbefale ein sykkeltur frå Askvoll til Follevåg for å sjå på solnedgangen.

Fjaler: Dette er sykkelruten for deg som ønskjer å kombinere sykkeltur med spanande kulturopplevingar! Sykle gjennom gatene i Dale der du kan besøke Jakob Sande tunet, og sjå kor den folkekjære diktaren vaks opp.

Hyllestad: Ta ein sykkeltur langs fjorden ved Leirvik eller Sørbøvåg og legg inn eit besøk på Kvernsteinsparken.

Florø: Utforsk småbyidyllen i Florø på to hjul eller ta ein sykkeltur på ei av dei vakre øyane i skjergarden rundt byen.

• Måløy: Sykle til Refviksanden eller Kannesteinen. Besøk Vågsberget på veg ut til Kannesteinen. •

Kysten på langs: Kombiner sykkel langs FjordKysten med Norled sitt FJORD- Card, der du kan reise så mykje du vil i 5 dagar med ekspressbåtane og hoppe av og på og sykle utvalde strekningar.

Sjå fjordkysten.no for ruteskildringar på utvalgte sykkelruter.

48

fjordkysten.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
FjordKysten Reiseguide 2021 by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu