
4 minute read
Innleiing
Vi nævner et Navn Straks syder der mod os …1
Slik skreiv Knut Hamsun i si tid. Diktet hadde ikkje noko som helst med Jugoslavia å gjere. Strofa dukka likevel opp i hovudet mitt under arbeidet med denne boka. Namnet Jugoslavia utløyser hos meg ei sydande blanding av minne om menneske, kultur, bygningar og landskap; faktakunnskap, anekdotar, opplevingar, stemningar, glede og vemod. I over femti år har eg følgt utviklinga i landet som var, og frå 1990-talet i dei nye landa som kom til.
Advertisement
Kva assosiasjonar ein gjennomsnittsnordmann knyter til ordet Jugoslavia, er avhengig av kva generasjon vedkommande høyrer til. For dei som er fødde etter hundreårsskiftet, er namnet i beste fall noko som er nemnt i historiefaget. Nokon kan ha klassekameratar eller andre kjente, som er etterkommarar av flyktningar som kom til Noreg frå Bosnia eller Kosovo. Nokon har kanskje hatt feriedagar ved austkysten av Adriaterhavet; men det er i så fall ikkje Jugoslavia dei har gjesta, dei har besøkt land som Slovenia, Kroatia eller Montenegro.
I generasjonen før dei yngste blir Jugoslavia-namnet mest knytt til krigar på 1990-talet med grove overgrep, omleiring av Sarajevo, etniske utreinskingar, folkemord, flyktningstraumar til Noreg og andre vestlege land, NATO-bombing og norsk deltaking i FN- og NATO-styrkar.
Blant dei i senioralder – frå 60 år og oppetter – har mange høyrt
KRISTIAN HAGESTAD 11
om jugoslaviske fangar i tusental som under andre verdskrig blei sende til Noreg for å arbeide og døy – eller i beste fall overleve, gjort kjent gjennom filmen «Blodveien» frå 1955. Vidare hugsar dei ikoniske bilde av Tito, leiaren gjennom 35 år for ein kommunistisk stat som stod opp mot sjølvaste Stalin. Tito symboliserte eit alternativ til blokkdanninga i internasjonal politikk under den kalde krigen. Likevel var Jugoslavia også eit nært samarbeidsland for NATO-landet Noreg. Nokon av dagens norske seniorar har vore aktive i Norsk-jugoslavisk samband, deltok kanskje i ungdomsbrigadar i Titos land, gjekk partisan-turmarsjar eller besøkte vennskapsbyar i Jugoslavia. Ein del av dei har fått hjelp for reumatiske plager ved helsereiser til Igalo-instituttet ved kysten av Adriaterhavet. Og så minnest dei vinterolympiaden i Sarajevo i 1984, bl.a. med stafettgull til norske langrennsjenter.
Arbeidet med denne boka blir avslutta sommaren 2021. Det året er det 100 år sidan det første Jugoslavia fekk sin første grunnlov; men det er også 30 år sidan den føderale sosialistiske republikken Jugoslavia gjekk i oppløysing. Det er 20 år sidan ein av dei aller fremste og tøffaste aktørane under oppløysingsprosessen, president Slobodan Milošević, først blei arrestert og deretter utlevert til FNs internasjonale krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). For 15 år sidan døydde han på cella si i Haag, før saka hans var ferdig behandla. Så kan vi legge til at det er 50 år sidan uroa slo ut for fullt i den serbiske provinsen Kosovo, og det er 25 år sidan geriljagruppa Kosovos frigjeringshær (UÇK) stod fram. I dette fleirfaldige jubileumsåret er det mange gode grunnar til å hente fram sentrale element frå den fargerike soga til Jugoslavia, landet som var. Like eins er det tid for å sjå nærare på kva som har skjedd og kva som skjer i dag i dei sju landa som kom, da moderstaten ikkje lenger var levedyktig.
Gjennom mange tiår eksisterte det eit svært så spesielt forhold
12 JUGOLAND
Flagget til den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia med den karakteristiske kommunist-stjerna.
mellom Noreg og Jugoslavia. Det var knytt til mange aspekt; historie, politikk, næringsliv, arbeidarrørsle, kultur, friviljuge organisasjonar, yrkesforeiningar, turisme og helse. Enkelte av desse elementa er seinare vidareførte gjennom relasjonar til statar i eks-Jugoslavia. Under og etter oppløysingsfasen for Jugoslavia deltok om lag 14 000 nordmenn i internasjonale militære oppdrag i området. Noreg var også mottaksland for flyktningar; berre frå
KRISTIAN HAGESTAD 13
Bosnia (inkludert første generasjon etterkommarar) bur det nå om lag 19 000 menneske her i landet. Handke-debatten i 2014 (med reprise i 2019) viste at Jugoslavia og eks-Jugoslavia framleis kan utløyse sterke kjensler blant nordmenn.
Ein eigen bolk i boka tar opp forholdet mellom Noreg og Jugoslavia/eks-Jugoslavia. Så vidt forfattaren kjenner til, har dette temaet tidlegare ikkje vore samla framstilt. Det er på tide at så blir gjort.
I 1923 kom det i Noreg ut ei bok av Hjalmar Christensen på over 400 sider med tittel «Byzanz – Balkan». Boka er ei kjærleikserklæring til denne delen av Europa. Forordet startar slik:
Den bog, som her fremlægges, har til hensigt at gi nogle spredte træk af et drama – et af de største og merkeligste i verdenshistorien – at følge nogle af de ledende tråde i en udvikling, hvor der afspeiler sig modsetninger kanske mer farverige end i noget andet afsnit af menneskets tilværelseskamp på vor klode.2
Målsettinga ved skriving av denne boka nesten hundre år seinare, har ligge nær Christensens program den gongen.
Omtale av historie og samtid vil aldri vere hundre prosent «nøytral». Utval av stoff, innfallsvinklar og kommentarar vil avspegle haldningar og interesser hos forfattaren. Denne boka er ikkje noko unntak i så måte.
Takk til alle som med stor velvilje har gitt informasjon og inspirasjon undervegs i arbeidet. Dei er mange!
1. Hamsun K. Bjørnson paa hans 70 Aars Fødselsdag.
I: Det vilde Kor. Kristiania: Gyldendalske boghandel, 1904: s. 98–102. 2. Christensen H. Byzans – Balkan. Kristiania: H. Aschehoug & Co, 1923.
14 JUGOLAND