7 minute read

Jugoslavia i oppløysing

Norske soldatar på fredsoppdrag i eit Jugoslavia i oppløysing

Den 13. februar 1992 fekk det norske FN-sekretariatet i New York spørsmål om Noreg kunne bidra på Balkan i eit militært oppdrag som ennå ikkje var vedtatt. Tilbakemeldinga var positiv. Åtte dagar seinare vedtok Tryggingsrådet å sette inn fredsbevarande styrkar i det tidlegare Jugoslavia.1 Den militære eininga med kortnamnet UNPROFOR skulle etablere fire demilitariserte soner for å verne sivilbefolkninga i den serbiskdominerte delen av Kroatia. Allereie 10. mars var eit fly med 100 norske soldatar og befal på vengene mot sør, som den første kontingenten til FN-styrken på Balkan og dei første FN-soldatane som nokon gong var sette inn i Europa.2

Advertisement

Sommaren og hausten 1992 blei innsatsområdet for UNPROFOR utvida til Bosnia-Hercegovina. Handtering av oppgåvene der blei snart den dominerande verksemda til FN-styrken i det tidlegare Jugoslavia. Noregs bidrag vart utvida fleire gonger, både når det gjaldt mannskap, lokalisering og verkefelt. Sentrale oppgåver for nordmennene var sikring av transport med humanitære hjelpesendingar, andre transportoppdrag, drift av feltsjukehus og anna sanitetsteneste, luftambulanse, observasjons- og overvakingsoppdrag, samt hjelp til sivilbefolkninga.2,3,4

Etter at Dayton-avtalen om avslutning av krigen i Bosnia-Hercegovina var underskriven, blei hovudansvaret for internasjonal militær innsats i landet overført frå FN til NATO i slutten av desem-

246 JUGOLAND

ber 1995. Styrken med kortnamnet IFOR (Implementation Force) med 60000 personar var rekruttert både frå medlemsstatar i NATO og frå samarbeidsland. Operasjonen førte til den største forflyttinga av militært mannskap og materiell på det europeiske kontinentet sidan andre verdskrig. For Noreg innebar deltakinga i IFOR at norske soldatar for første gong kunne bli involverte i «skarpe» NATOoppdrag.2

IFOR var materielt, styrkemessig og organisatorisk langt betre rusta til oppgåvene enn det UNPROFOR hadde vore. IFOR kunne ta «tøffe» avgjerder og hadde stridande avdelingar til å sette makt bak krava. Etter eitt år blei NATO-styrken halvert. Kortnamnet vart endra frå IFOR til SFOR (Stabilization Force). Skiftet signaliserte endring av profilen på oppdraget.2,3

Frå årsskiftet 1995–96 til utgangen av 1999 deltok nordmenn i ein nordisk-polsk SFOR-brigade nord i Bosnia-Hercegovina saman med mannskap frå Sverige, Finland, Danmark, Polen og baltiske land. Sentrale oppgåver var å støtte attreisinga av infrastrukturen i samfunnet, sikre tryggleiken for befolkninga, halde stridande partar frå kvarandre, hjelpe internasjonale organisasjonar som dreiv humanitært arbeid, merke minefelt og bidra til minerydding. NATO-styrkane var dessutan viktige for at det kunne gjennomførast val i landet, både nasjonale val hausten 1996 og lokalval året etter.2,3 Nordmennene fekk eit godt forhold til lokalbefolkninga, noko som kom klart til uttrykk da oppdraget blei avslutta i november 1999.2

Den norske Telemark-bataljonen, som var oppretta i 1993 med profesjonelle heiltidssoldatar til eventuell utrykking for NATO, fekk sin internasjonale debut da eit kompani derfrå tenestegjorde for SFOR 1997–99. Kompaniet blei etter kvart gitt krevjande utrykkingsteneste med høg beredskap og heile Bosnia-Hercegovina som verkefelt.2

KRISTIAN HAGESTAD 247

Noreg i SFOR-styrken i Bosnia-Hercegovina 1998. (Foto: Torgeir Haugaard – Forsvaret)

Frå januar 1993 bidrog Noreg også i eit tredje land frå det tidlegare Jugoslavia, nemleg republikken Makedonia (nå Nord-Makedonia). Norsk mannskap inngjekk her i ein nordisk FN-bataljon som skulle overvake grenseområda til Albania og Serbia (inkludert Kosovo). Deltakinga skjedde etter ønske frå den makedonske presidenten, som frykta at krigshandlingane på Balkan skulle spreie seg til hans eige land. I perioden 1995–99 deltok vel 800 nordmenn i operasjonen i Makedonia.2,4,5

Neste hovudarena for norske soldatar i internasjonal teneste blei

248 JUGOLAND

Kosovo. Etter at NATOs bombekrig mot Serbia var avslutta i juni 1999 (jf. neste kapittel), blei det oppretta ein NATO-leia fredsbevarande styrke for innsats i Kosovo. Styrken, som var heimla i resolusjon 1244 frå FNs tryggingsråd, fekk kortnamnet KFOR. På det meste tenestegjorde meir enn 50 000 soldatar frå 30 ulike land. Det første norske mannskapet kom tidleg på hausten og fekk hovudkvarter litt utanfor hovudstaden Priština. Ifølge Forsvaret har norske styrkar aldri operert så autonomt innanfor eit NATO-oppdrag som i Kosovo.2 Sidan 1999 har om lag 3 500 nordmenn gjort teneste i KFOR.

Sentrale oppgåver i Kosovo var å opprette ro og orden, halde tryggleiken ved like, sikre tilbakekomst av flyktningar (både dei som returnerte frå andre land, og dei som var internt fordrivne), fjerne miner samt verne minoritetar som serbarar og romfolk mot åtak og trakassering frå den albanske majoriteten. Fleire norske soldatar har fortalt forfattaren at dei før tenesta hadde ei svartkvitt-tenking om «farlege» serbarar og «snille» albanarar, men oppdaga til si overrasking at det var enklare å komme overeins med serbarane enn med albanarane.

Til tider kunne det gå tøft føre seg, og nordmenn kunne sjølve komme i livsfare. I mars 2004 slost norske soldatar mot demonstrantar ved landsbyen Čaglavica. Albanarar ville lynsje serbarar i byen. Dei blei stoppa av ei norsk KFOR-avdeling, som med det redda mange serbiske liv. Da demonstrantar gjekk til åtak på KFOR-styrken, opna soldatane eld. Seks albanarar blei råka, minst to av dei vart drepne.6

Summerer ein talet på norske deltakarar i dei ulike FN- og NATOoperasjonane i Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Makedonia og Kosovo frå 1992, kjem ein fram til om lag 14 000, fordelte på nesten 30 ulike operasjonar. Talet varierer litt i ulike oversikter, grunna ulik praksis for registrering av personar som har deltatt i fleire oppdrag. Tolv personar mista livet under tenestetida på Balkan i peri-

KRISTIAN HAGESTAD 249

oden 1993–2002, derav sju i Bosnia-Hercegovina, fire i Kosovo og éin i Kroatia.2,7,8

I seinare evalueringar av den norske militære innsatsen på Balkan er det påpeikt at starten av engasjementet kom brått på. Oppretting av dei første avdelingane skjedde som hasteoppsett med lite tid til førebuing av mannskapet på situasjonen og oppgåvene dei gjekk til. Utviklinga vidare bar også delvis preg av improvisasjonar, både når det gjaldt introduksjon før avreise, støtte under tenesta og oppfølging etter heimkomst.9,10,11

Mange av dei som kom tilbake etter teneste på Balkan, bar på mental bagasje med sterke inntrykk og opplevingar. Overgangen til kvardagen heime etter avslutta oppdrag var stor og kom brått på for mange.

På 1990-talet kom eg i samtale med ein erfaren offiser under eit kurs på Forsvarets høgskole. Da han fortalte om nyleg heimkomst frå Bosnia-Hercegovina, spurte eg interessert kor lenge han hadde vore der. Han blei stille, auga vart blanke, så kom det: «For lenge! Eg såg så mykje fælt. Nå grin eg så lett.» Seinare har eg talt med og intervjua fleire veteranar frå oppdrag i det tidlegare Jugoslavia. Ingen er uberørte av opplevingane. Nokon seier at dette plar dei ikkje prate om. Dei har opplevd at få er interesserte i deira minne og erfaringar, og at enda færre evnar å forstå.

Enkelte fekk varige helseproblem. Generelt sett har fleire studiar vist at ca. fem prosent har utvikla symptom på posttraumatisk stress-syndrom etter deltaking i internasjonale militære oppdrag. Dette er også rapportert blant veteranar frå Balkan.12 Men fleirtalet har klart seg bra. Dei fleste meiner oppdraget var meiningsfylt,

250 JUGOLAND

og at dei fekk gjort ein god jobb, sett i forhold til kva ressursar dei hadde til rådvelde.9

Lærdommar frå dei militære oppdraga i det tidlegare Jugoslavia har fått konsekvensar for strukturen til det norske forsvaret med større vekt på utanlandsoperasjonar.13 Erfaringane på Balkan har også vore viktige for utforming av betre førehandsinformasjon, oppfølging under tenesta og ivaretaking etter heimkomst for personell i internasjonale militæroppdrag.5

1. Schreiner Brakestad A. Med blå beret på Balkan – utdanning til norske FN- og NATO-oppdrag i det tidligere

Jugoslavia. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO, 2017: s. 26. 2. Norsk militær innsats i tidligere Jugoslavia 1992–2000.

Oslo: Forsvarets overkommando, 2000. 3. Espolin Sletmo M. Norske veteraner fra FN- og NA-

TO-operasjoner. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO, 2010: s. 38–39. 4. Reiermark L. Balkan i flammer – et 20 års minne. Sjekkposten nr. 3–2011: s. 16–18. 5. St.meld. nr. 34 (2008–2009). «Fra Vernepliktig til veteran» Om ivaretakelse av personell før, under og etter deltakelse i utenlandsoperasjoner. Oslo: Forsvarsdepartementet, 2009. 6. Veum E, Øverås Knudsen S. Norske soldater drepte sivile. NRK, 25.02.2007. 7. Liste over norsk militærpersonell drept i tjeneste i etterkrigstiden. Wikipedia. 8. Dødsannonse. Halden Arbeiderblad, 15.09.1994: s. 17. 9. Schreiner Brakestad A. Med blå beret på Balkan – utdanning til norske FN- og NATO-oppdrag i det tidligere

Jugoslavia. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO, 2017. 10. Espolin Sletmo M. Norske veteraner fra FN- og NA-

TO-operasjoner. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO, 2010. 11. Larsen R P. Norske soldater i Kosovo – erfaringer ”rett fra levra”. Lysaker: Sypress forlag 2006: s. 274. 12. Knudsen Ø. Sykepleiererfaringer fra militære fredsoperasjoner i det tidligere Jugoslavia. Masteroppgave i sykepleievitenskap. Oslo: UiO, 1999. 13. St.meld. nr. 38 (1998–1999). Tilpasning av Forsvaret til deltagelse i internasjonale operasjoner. Oslo: Forsvarsdepartementet, 1999.

KRISTIAN HAGESTAD 251

This article is from: