7 minute read

Handke-debatten 2014 – ein norsk «Balkan-krig»

Hausten 2014 blei forfattaren Peter Handke (1942–) tildelt den internasjonale Ibsenprisen for si fornying av teaterkunsten. Tildelinga utløyste ein heftig debatt på mange plan i norsk kultur- og samfunnsliv. Årsaka var ikkje usemje om litterær og teaterkunstnarleg kvalitet hos prisvinnaren, men synet på hans meiningar og handlingar knytte til krigane på Balkan på 1990-talet. Protestane og motprotestane i det offentlege rommet var mange, høglydte, kjenslefylte og prega av sterke ord. Året etter blei debatten samla og kommentert i ein murstein av ei bok på nesten 700 sider.1

Før vi ser nærare på sentrale element i debatten, kan det vere nyttig å rekapitulere nokre fakta om Ibsenprisen og om prisvinnaren 2014.

Advertisement

Den internasjonale Ibsenprisen er ein av dei mest prestisjetunge teaterprisane i verda. Den blir utdelt under Ibsenfestivalen på Nationaltheatret i Oslo. Første tildelinga skjedde i 2008. Frå 2012 blir den utdelt kvart andre år. Ifølge statuttane skal prisvinnaren ha tilført «new artistic dimension to the world of drama or theatre». Ein komité med sju medlemmer utnemnt av Kulturdepartement, peikar ut vinnaren, som får 2,5 millionar kroner og ein statuett av Ibsen.2

Handke vaks opp med slovensk mor i delstaten Kärnten sør i Aus-

280 JUGOLAND

terrike. I 1965 gav han ut sin første roman. Den blei startskott til eit omfattande forfattarskap med romanar, skodespel, høyrespel, lyrikk, essay og reiseskildringar. Bøker av han er omsette til om lag 70 språk. Handke er blitt omtalt som ein språkkunstnar av dei sjeldne og som den fremste tyskspråklege forfattaren i vår tid. Som dramaturgisk sjangerfornyar har han blitt samanlikna med Bertolt Brecht (1898–1956).

Så over til Handkes «brottsverk»: Mannen har eit anna syn på prosessane knytte til oppløysinga av Jugoslavia enn det som har vore og er dominerande oppfatning i Vesten. Og han har ikkje halde meiningane sine for seg sjølv. Handke ser ikkje på Serbia som krigshissar, men som forsvarar av den jugoslaviske idéen; ein idé som kunne vore modell for resten av Europa. Hans oppfatningar kjem bl.a. fram i tre reisebrev frå perioden 1991–96. I 2015 blei desse samla gitt ut på norsk.3 Det eine brevet har tittelen «En vinterlig reise til elvene Donau, Save, Morava og Drina eller Rettferdighet for Serbia». Vidare oppsøkte Handke i desember 1996 Radovan Karadžić, tidlegare president i Republika Srpska, den serbiske utbrytarrepublikken under krigen i Bosnia-Hercegovina. Møtet fann stad på eit tidspunkt da Karadžić var ettersøkt av den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Handke overrekte eit eksemplar av «En vinterlig reise. . .», tilbake fekk han ei signert diktsamling forfatta av Karadžić. Dei snakka så om krigen og bakgrunnen for den.4

Under NATOs bombekrig mot «rest-Jugoslavia» våren 1999 drog Handke to gonger til Serbia, første gongen ei veke etter krigsutbrottet. Året etter blei notat som han gjorde under opphalda, publiserte i bokform. Innhaldet kombinerer engasjement og nøyaktige observasjonar med poetisk kraft.5 På bakgrunn av det han erfarte i Serbia, meldte han seg ut av den katolske kyrkja i protest mot at paven i si påskepreike 1999 ikkje tok avstand frå det massive

KRISTIAN HAGESTAD 281

NATO-åtaket mot eit lite land. Handke har fleire gonger uttalt seg om Srebrenica-massakren i 1995 på måtar som har vekt oppsikt og fordømming. Særleg gjeld det eit intervju publisert i tidsskriftet Ketzerbriefe (Kjettarbrev) i 2011, der han står fram ganske så arrogant. Her er massedrapa omtalte som ein hemnaksjon frå serbarane si side, ikkje som folkemord, og han kommenterer på nedlatande vis organisasjonen av mødrene til offera.6 Handke har seinare sagt at han verken har lese gjennom intervjuteksten eller godkjent den. Han viser også til ein artikkel han skreiv i 2006, der han omtalte Srebrenica som det verste brottsverket mot menneskeætta i Europa etter andre verdskrig. Same året vann han ei rettssak mot den franske vekeavisa Le Nouvel Observateur, som hadde skrive at Handke støtta massakren i Srebrenica.7 I 2004 drog Handke på besøk til Slobodan Milošević, tidlegare president i «rest-Jugoslavia», som da sat fengsla i Nederland. Handke var beden om å stille som forsvarsvitne under prosessen i ICTY, men avslo ønsket. I 2006 deltok han i gravferda til Milošević. Der heldt han ein kort tale på (eit litt stotrande) serbo-kroatisk. Det korte innlegget seier mykje om haldninga hans til Jugoslavia, Serbia og Milošević:

Verda, den såkalla verda, veit alt om Jugoslavia, Serbia. Verda, den såkalla verda, veit alt om Slobodan Milošević. Den såkalla verda kjenner sanninga. Derfor er den såkalla verda fråverande i dag, og ikkje berre i dag og ikkje berre her. Den såkalla verda er ikkje verda. Eg veit at eg ikkje veit. Eg kjenner ikkje sanninga. Men eg ser. Eg høyrer. Eg føler. Eg minnest. Eg spør. Derfor er eg her i dag, nær Jugoslavia, Serbia, nær Slobodan Milošević.8

Så tilbake til Oslo i 2014: Dei fleste som kritiserte Handke og pristildelinga, kjem inn under éin av følgande kategoriar: - Miljø av flyktningar og andre med relasjon til Balkan, først og

282 JUGOLAND

fremst Kosovo og Bosnia-Hercegovina. Typiske representantar: forfattar og samfunnsdebattant Sylo Taraku med bakgrunn frå

Kosovo, Edin Kadribegovic frå Bosnia-Hercegovina-foreininga i

Noreg. - Menneskerettsorganisasjonen Den norske Helsingforskomité, typisk representert ved seniorrådgivar Aage Borchgrevink. - Norsk PEN, organisasjon for skribentar og ytringsfridom, typisk representert ved styreleiar William Nygaard. - Akademiske miljø knytte til menneskerettar. Typisk representant: professor Bernt Hagtvet.

Her er eit lite utsnitt av karakteristikkar som blei Handke til del frå nokre av kritikarane: Ibsengrisen 2014, folkemordsfornektar, mann med sjokkerande etisk blindheit, sentimental og sjølvrettferdig forfattargeni, nyttig idiot for ekstremistane og folkemordarane, foraktar av demokratiske grunnrettar, ufølsom person som finn sardonisk glede i å slynge ut obskønitetar til verdsopinionen.9,10

Blant dei som forsvarte tildelinga, var naturleg nok medlemmer av komiteen for Ibsenprisen, spesielt leiaren Per Boye Hansen og nestleiaren Therese Bjørneboe. Fleire framståande norske forfattarar tok også til motmæle mot kritikken. Mest aktiv og hardtslåande var Karl Ove Knausgård.11 To andre tydelege forfattarstemmer var Jo Eggen og Kaj Skagen. Jon Fosse, Grotten-buar og Noregs fremste nålevande dramaforfattar, som sjølv fekk Ibsenprisen i 2010, uttrykte stor glede over at Handke nå fekk same prisen og meinte debatten var stelt i stand av folk som knapt hadde lese den omstridde forfattaren.12

Interessant nok fekk tildelinga også støtte frå professor Svein Mønnesland, Noregs fremste Jugoslavia-kjennar og medlem av Vitskapsakademiet i Bosnia-Hercegovina. Han har i andre samanhengar sterkt fordømt serbiske handlingar under krigane på Balkan på 1990-talet.13

KRISTIAN HAGESTAD 283

Argumentasjonen til dei som støtta Handke som prisvinnar, var dels prinsipiell, knytt til ytringsfridom og skilje mellom kunstnarisk kvalitet og politiske oppfatningar. Dels blei det hevda at utsegner frå Handke var mistolka, eller at han var ei viktig motstemme til einsidige oppfatningar i Vesten om kva som skjedde under og etter oppløysinga av Jugoslavia.

Da prisen skulle delast ut, venta demonstrantar med høglydt buing og taktfaste rop «fascist! – fascist!» utanfor Nationaltheatret. Handke ville ikkje smuglast inn gjennom ei sidedør, men ville sjå dei som protesterte i auga. Han stoppa og høyrde på kravet om tilbakelevering av prisen. Vel inne i salen blei han derimot møtt med rungande applaus.9 Dagen etter vart det kjent at Handke ikkje ville ta mot prispengane. Ein del av beløpet skulle gå til bygging av eit svømmeanlegg for barn i Kosovo, resten gjekk tilbake til den norske staten.

Jon Fosse sa i 2014 at Handke også burde få Nobelprisen i litteratur. I 2019 fekk Fosse ønsket sitt oppfylt. Vedtaket i Svenska Akademien skapte ny strid, som i stor grad blei ein reprise av det som utspann seg rundt Ibsenprisen-tildelinga fem år tidlegare.

Handke-debatten i Noreg har vore samanlikna med striden om Hamsun. Andre har trekt trådar tilbake til feiden på 1830-talet mellom Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland med sine respektive tilhengarar.14 Uavhengig av slike litteraturhistoriske parallellar kan engasjementet i 2014 tolkast som uttrykk for at hendingane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet engasjerte og påverka folk langt utanfor Balkan, ikkje minst her i landet.

1. Mollerin K J, Hagerup H (red.). Handke-debatten. Oslo:

Kolon, 2015. 2. Guidelines for The International Ibsen Award. https:// www.nationaltheatret.no/international-ibsen-award/ about/guidelines/ 3. Handke P. Jugoslavia Tre reiser. Stavanger: Pelikanen, 2015. 4. Handke und die Reise zu Kriegsverbrecher Karadzic.

284 JUGOLAND

Welt Kultur, 31.10.2010. 5. Handke P. Unter Tränen fragend. Frankfurt am Main:

Suhrkamp, 2000. 6. Dorin A., Priskil P. Interview mit Peter Handke. Ketzerbriefe 169, September//Oktober 2011: s. 40–50. 7. Kulås G. Handke angrar. Klassekampen, 02.11.2019: s. 48. 8. Handke P. Die Motive meiner Reise nach Poarevac,

Serbien – an Milosevics Grab. Online Focus Magazin nr. 13, 2006. (Sitat omsett frå tysk av K. Hagestad). 9. Handke frå pipekonsert til rungende applaus. NTB, 21.09.2014. 10. Hagtvedt B. Ekstremistenes nyttige idiot. Dagbladet, 07.10.2014. 11. Knausgård KO. Nygaards begrensede ytringsfrihet.

VG, 25.09.2014. 12. Fosse: – Handke er notidas viktigaste diktar. Bergens

Tidende. 20.09.2014. 13. Brenna Vollan M. Støtter prisen uansett. Klassekampen, 16.09.2014. 14. Undheim Larsen DE. Striden som aldri tar slutt. Klassekampen. 28.03.2019: s. 26–27.

KRISTIAN HAGESTAD 285

This article is from: