4 minute read

Namn og omgrep – definisjonar og forklaringar

Denne oversikten omfattar ord som er knytte til geografi, historie, etnisitet og religion. Fleire av dei namna og omgrepa som er omtalte, kan definerast på ulikt vis. Oversikten viser kva tydingar forfattaren legg til grunn.

Aust-Europa – dei europeiske landa som hadde kommunistisk styre under perioden for den kalde krigen.

Advertisement

Det austromerske riket – sjå det bysantinske riket.

Austerrike-Ungarn, også omtalt som dobbeltmonarkiet – realunion i Sentral- og Søraust-Europa mellom keisardømmet Austerrike og kongedømmet Ungarn 1867–1918. På Balkan omfatta riket Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, store delar av Serbia og mindre deler av Montenegro.

Den autonome serbiske republikken Krajina – ein «stat» som bestod av fleire serbisk-kontrollerte område i Kroatia, som eksisterte frå desember 1991 til august 1995, og som aldri fekk noko internasjonal godkjenning.

Balkan (Balkan-halvøya), også omtalt som Søraust-Europa – halvøy som grensar til AdriaterhavetogDet joniske haveti vest,Egearhavet og Marmarahavet i sør og Svartehavet i aust. Det er usemje om kor den nordlege grensa går. I denne boka er følgande statar inkluderte i Balkan: Dei eks-Jugoslaviske landa, Albania, Hellas og Bulgaria.

Berlin-kongressen – kongress i Berlin 1878 med representantar

304 JUGOLAND

for Tyskland, Austerrike-Ungarn, Frankrike, Italia, Storbritannia,RusslandogDet ottomanske riket. Formålet var å revidereein avtale mellom Russland og Det ottomanske riket frå mars same året etterkrigen mellom dei to landa 1877–78. Eitt punkt i avtalen var anerkjenning av Serbia som sjølvstendig stat. Eit anna var at Austerrike-Ungarn kunne gå inn i Bosnia-Hercegovina, som formelt likevel skulle høyre til Det ottomanske riket.

Bosnia – den nordlege delen (ca. 80 prosent) av staten Bosnia-Hercegovina. (Namnet blir av mange brukt om heile staten Bosnia-Hercegovina).

Bosniak – slavisk person som religiøst og/eller kulturelt er muslim, og som bur i eller stammar frå Bosnia-Hercegovina. I Jugoslaviaperioden blei bosniakar kategoriserte som «muslimar».

Bosniar – innbyggar i Bosnia-Hercegovina.

Det bysantinske riket, også omtalt som Det austromerske riket – oppstod som resultat av keisar Konstantins flytting av hovudstaden i Romarriket til byen Bysants, som snart fekk namnet Konstantinopel, seinare Istanbul. Etter delinga av Romarriket i vest- og austriket år 395, levde austdelen vidare fram til 1443, da Det ottomanske riket erobra Konstantinopel.

Delrepublikkar – medlemsrepublikkane i den sosialistiske føderalstaten Jugoslavia: Slovenia, Kroatia, Serbia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Makedonia.

Eks-Jugoslavia – summen av sjølvstendige statar i dag, som tidlegare inngjekk som del av Jugoslavia; Slovenia, Kroatia, Serbia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Makedonia og Kosovo.

Fristaten Kroatia (NDH) – fascistisk lydstat til Tyskland og Italia 1941–45; omfatta mesteparten av Kroatia, heile Bosnia-Hercegovina og ein del av Serbia.

Hercegovina – den sørlege delen (ca. 20 prosent) av staten Bosnia- Hercegovina.

KRISTIAN HAGESTAD 305

Jugoland – ein minnepark nord i Serbia om Jugoslavia. Omgrepet kan også brukast i overført tyding om positive element i føderalstaten Jugoslavia.

Jugoslavia – «landet til sørslavane», eksisterte i fullstendig form 1918–91 (med unntak av krigsåra 1941–45), i redusert form 1992–2003. Det kan skiljast mellom tre historiske fasar: 1. Det første Jugoslavia, 1918–41. Kongedømme.

Namn 1918–29: Kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar.

Namn 1929–41: Kongedømmet Jugoslavia. 2. Det andre Jugoslavia, 1945–91. Føderal republikk.

Namn 1945–46: Den demokratiske føderasjonen Jugoslavia.

Namn 1946–69: Den føderale folkerepublikken Jugoslavia.

Namn 1969–92: Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia(SFRJ). 3. Det tredje Jugoslavia. Den føderale republikken Jugoslavia, 1992–2003, med Serbia og Montenegro.

Kominform – Kommunistisk informasjonsbyrå 1947–56, dominert av Sovjetunionen, avvikla som ledd i avstaliniseringa i Aust-Europa.

Kosovar – innbyggar i Kosovo.

Oriental(sk) – noko(n) som er frå eller er prega av Orienten.

Orienten – eit uklart avgrensa geografisk område, som inkluderer Midtausten og andre «ikkje altfor fjerne» asiatiske land.

Ortodokse kyrkjesamfunn – kristne kyrkjer som stammar frå «aust-kyrkja» i romarriket med hovudsete i Konstantinopel (seinare Istanbul), og som i 1054 blei skilt frå «vest-kyrkja» med hovudsete i Rom (i dag den romersk-katolske kyrkja). Store ortodokse kyrkjesamfunn er den gresk-ortodokse, den russisk-ortodokse og den serbisk-ortodokse kyrkja.

Det ottomanske riket, også omtalt som Det osmanske riket ellerOsmanarriket – eit imperium med hovudsete i Tyrkia, som ek-

306 JUGOLAND

sisterte frå1299til1923 med si største utbreiing på 15–1600-talet, og som var lokalisertrundt den austlege delen avMiddelhavet.

Provinsar – to område i Serbia, som gjennom historia har hatt varierande grad av autonomi; Kosovo (1945–99) og Vojvodina (1945–).

«Rest-Jugoslavia» – Serbia og Montenegro, det som var tilbake av Jugoslavia etter at dei fire andre delrepublikkane hadde brote ut; fram til Montenegro gjekk ut i 2006. Offisielt namn 1992–2003 var «Den føderale republikken Jugoslavia». I 2003–06 var unionen lausare og heitte «Serbia og Montenegro».

Sentral-Europa, også omtalt som Mellom-Europa – eit ikkje klart definert omgrep. I denne boka omfattar det følgande statar: Sveits, Tyskland, Liechtenstein, Austerrike, Slovenia («alpine land»), Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn («Visegrád-gruppa»), samt Romania.

Slaviske folk – folkeslag iaustlege delar av Europa,som har felles avstamming og kulturell likskap,som utgjer den største indoeuropeiskespråkgruppa iEuropa, og som vandra inn frå 500-talet.Etter språk og leveområde kan dei delast inn i aust-, vest- og sørslaviske folk.

Sørslaviske folk – slovenarar, kroatar, serbarar, bosniakar, montenegrinarar, makedonarar og bulgararar.

Søraust-Europa – sjå Balkan.

Tsjetnik – nasjonalistisk serbar som er involvert i friviljug geriljakrig eller annan paramilitær verksemd; kjent frå kampar mot tyrkarane på 1800-talet, Balkan-krigane 1912–13, første verdskrig, andre verdskrig og borgarkrigane på 1990-talet (Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Kosovo).

Vest-Balkan – Eks-Jugoslavia pluss Albania.

Vest-Europa – dei landa i Europa som ikkje hadde kommunistisk styre under perioden for den kalde krigen.

Vestlege land, også omtalt som Vesten – Vest-Europa pluss USA og Canada.

KRISTIAN HAGESTAD 307

This article is from: