5 minute read

«Stemma frå Beograd» – Ljubiša Rajić (1947–2012

Under andre verdskrigen var «stemma frå London» eit kjent fenomen her i landet. Nordmenn med tilgang til radio lytta på sendingane frå BBC, der Toralv Øksnevad informerte om krigsutviklinga og kva som eigentleg skjedde frå dag til dag.

Under NATO-krigen mot Serbia frå mars til juni 1999 blei Noreg kjent med ei anna reportarrøyst, som raskt fekk tilnamnet «stemma frå Beograd». Via telefon- og internettsamband av skiftande kvalitet fekk den norsktalande serbaren Ljubiša Rajić sine usensurerte kvardagsrapportar gjennom NATO-linene til skandinaviske media som Dagbladet, NRK, TV 2 og Sveriges Radio. Artiklane i Dagbladet blei til boka «Dagbok fra Beograd»,1 som Nationaltheatret seinare sette opp som monologforestilling. Rajić blei i løpet av kort tid den mest kjente serbaren for folk her i landet. Men tilknytinga hans til Noreg var av langt eldre dato. Kontakten vart faktisk etablert allereie før han var fødd eller påtenkt. Faren, Radovan Rajić, var nemleg ein av dei jugoslaviske krigsfangane som tyskarane frakta hit til slavearbeid under andre verdskrigen. Etter tre lange år i Trøndelag kom han hausten 1945 tilbake til Beograd, der han i 1947 fekk sonen Ljubiša.

Advertisement

I 1964 kom det brev til Beograd frå ein bonde i Leksvik som hadde hjelpt jugoslaviske fangar under krigen. Nå ville han gjerne ha ein ungdom frå Jugoslavia til hjelp på garden om sommaren. Det vart

286 JUGOLAND

til at Ljubiša reiste nordover.2 Da sommaren var over, blei han elev ved Sund folkehøgskole på Inderøy skoleåret 1964–65.3 Der fekk han verkeleg sansen for Noreg og det norske språket. Han ønskte å studere i Noreg, men det var ikkje lett å få til. Den som fekk til ei opning, var bonden frå Leksvik. Han skreiv brev til kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik, som las opp brevet for statsminister Per Borten. Da Borten drog på statsbesøk til Beograd i 1967, blei det ei løysing.2 Frå hausten 1968 var Ljubiša student ved Universitetet i Oslo, der han i 1975 tok ein glimrande eksamen i nordisk.4

Frå 1977 var han tilsett ved Universitetet i Beograd. Der fekk han ei lektorstilling i norsk og svensk. Lektoratet hans vart kimen til det som under hans leiing skulle utvikle seg til ein nordisk instituttseksjon, det største skandinavistikkmiljøet ved noko universitet utanfor Norden.4 For oss i Vesten er det vanskeleg å fatte kor stor bragd det var å få til ei slik utvikling under og etter krigsåra i Jugoslavia/ eks-Jugoslavia. Sjølv karakteriserte han jobben sin på universitetet som ein kombinasjon av forsking, undervisning, organisering, sosialt arbeid, samfunnsaktivisme og sponsorjakt.2

Det siste punktet i jobben hans fekk eg sjølv demonstrert da eg engasjerte han til å kåsere om situasjonen i heimlandet for ei gruppe nordmenn, som eg reiste med til Beograd. Han ville ikkje ha noko honorar, men tok gjerne mot pengar til materiell i studentundervisninga.

«Eg skal kjempa for å få Universitetet i Beograd til å bli ein god akademisk utdanningsinstitusjon igjen», sa han i eit intervju 1999. «Eg vil ikkje at den serbiske ungdomsgenerasjonen skal betala rekninga for min generasjon sine ugjerningar og øydeleggingar», la han bestemt til.5

I tillegg til jobben ved universitetet dreiv han ei utstrekt verk-

KRISTIAN HAGESTAD 287

semd som foredragshaldar, skribent, tidsskriftredaktør, samfunnsdebattant, tolk, omsettar og gjendiktar. Besøka til Noreg var mange og hyppige. Sjølv karakteriserte han turane hit som «helsereiser», som opplevingar av «normal verkelegheit». Det rike kontaktnettet her i landet kunne han omtale med fargerike kommentarar, som når han fortalte at hans «gamle kjente bytter jobb, bil og ektefelle med jamne mellomrom».

2 Ljubiša kunne betre enn dei aller fleste nordmenn – norsklærarar inkluderte – veksle lett mellom bokmål og nynorsk, både munnleg og skriftleg. I 1996 heldt han foredrag ved ei bokmesse i Oslo. Han starta – utan manuskript – på feilfritt og klart bokmål. Etter ein kort pause heldt han fram på klangfullt nynorsk. Da han etterpå ble spurt kvifor han hadde skifta målform undervegs, svarte han overraska: «Gjorde eg det? Nei, det må ha komme automatisk. Det var slett ikkje planlagt!»6

Siste gong eg trefte Ljubiša, var i 2011, da eg besøkte leilegheita hans i ein bygard sentralt i Beograd. Han hadde det eigentleg travelt, fortalte professoren bak skrivebordet i arbeidsrommet, som var fylt med nordisk litteratur frå golv til tak. Han sat midt i bunker av eksamenssvar frå studentane. Men eit par spørsmål om den aktuelle situasjonen i landet var nok til at engasjementet og taleflaumen tok overhand, replikkane og karakteristikkane hagla raskt og saftig, og heile den neste timen gjekk med.

Samtaletema blei mange og spente vidt: Utfordringane med å få kvardagen til å gå i hop, arbeidsløysa på 25 prosent, korrupsjonen og dei svarte pengane, den serbisk-ortodokse kyrkja som maktfaktor i samfunnet, spelet rundt arrestasjonen av den bosnisk-serbiske generalobersten Ratko Mladić få dagar tidlegare, praksis ved den

288 JUGOLAND

internasjonale straffedomstolen i Haag, relasjonane til andre statar frå tidlegare Jugoslavia, verkebyllen Kosovo og ikkje minst impotente politikarar.

Sidan 2011 har det skjedd mykje i serbisk samfunnsliv

Ljubiša Rajić på heimekontoret i Beograd 2011. Eigentleg rettar han eksamensoppgåver; men må innimellom ta ein telefon, følge ein fjernsynsreportasje og samtale med sin norske gjest.

KRISTIAN HAGESTAD 289

og politikk. Ofte har eg tenkt: Dette skulle eg gjerne fått ein intellektuell og analytisk kommentar om frå Ljubiša. Men den sjansen får eg aldri.

Han hadde lenge hatt planane klare for livet som pensjonist. Han ville skrive ei bok med kunnskap om det skandinaviske. Boka skulle ikkje omtale norsk, dansk og svensk skilt frå kvarandre. Han ville legge til grunn eit felles perspektiv.2 Den boka blei aldri skriven. Etter kort tid med sjukdom tagna stemma frå Beograd for godt så altfor tidleg den 4. juni 2012; nøyaktig to månader etter at han fylte 65 år, som er offisiell pensjonsalder for menn i Serbia.

1. Rajic L. Dagbok fra Beograd. Oslo: Pax, 2000. 2. Folkvord M. Noreg er kurbadet mitt. Klassekampen, 08.04.2000. 3. Infomasjon per e-post frå Sund folkehøgskole, 23.09.2019. 4. Bull T, Jahr EH, Wiggen G. Nekrolog Ljubiša Rajic. Aftenposten 09.06.2012. 5. Toft M. Ljubiša Rajic – røysta frå Beograd. Uniform nr. 11 1999, 25.08.1999. 6. Andersen AT. Våre samband i 40 år. Nettsida til Vennskapssambandet Norge – Vest-Balkan. http://njsamband.ipage.no/historie/

290 JUGOLAND

This article is from: