
7 minute read
Noreg i NATO-krig mot Jugoslavia
Islutten av september 1998 var eg på oppdrag i Tyrkia med menneskerettsutvalet i Den norske legeforening. Innimellom møta med tyrkiske kollegaer følgde vi nyhendemeldingar om utviklinga i Jugoslavia, der situasjonen i Kosovo såg ut til å gå frå vondt til verre. Frå NATO-hald med USA i spissen kom det truslar om luftkrig mot Serbia. Da vi ein kveld var på mottaking i den norske ambassaden i Ankara, møtte vi medlemmer av utanrikskomiteen i Stortinget, som var på reise. Dei vi talte med, rista oppgitt på hovudet da spørsmålet om bombing av Serbia kom opp.
Men eit par veker seinare – den 8. oktober – vedtok regjeringskollegiet til statsminister Kjell Magne Bondevik (1947–) «Fullmakt til Forsvarsdepartementet vedrørende eventuelle NATO-operasjoner i tilknytning til situasjonen i Kosovo». Same kveld var den utvida utanrikskomiteen samla på Stortinget til lukka møte med orientering om ei eventuell norsk deltaking i ein NATO-krig.1
Advertisement
Protokollar frå regjeringskonferansar og lukka møte i Stortinget er stengde for innsyn i minst 30 år. Men i Aftenposten 9. oktober stod det ein liten notis, der ein kunne lese: «Regjeringen fikk i går kveld tilslutning fra Stortingets utvidede utenrikskomite om å støtte en eventuell flyoperasjon fra NATO mot serbiske mål …»2
Allereie 8. oktober 1998 fekk skvadronen LIS 338 på Ørlandet
252 JUGOLAND
Stille før stormen: Norsk F-16-fly blir gjort klart for NATO-oppdrag frå basen i Italia. (Foto: Torbjørn Kjosvold – Forsvaret)
beskjed om å gjere seg klar for ein eventuell operasjon i Kosovo. To dagar seinare kom det ordre om avreise. Medio oktober var ein norsk styrke med 210 personar og seks F-16-fly installerte på ein NATO-base i Italia. Da det ikkje blei nokon krig i første omgang, reiste nordmennene heim i starten av november, men kom tilbake 24. januar.3
Litt før midten av mars 1999 besøkte eg – saman med to andre representantar for menneskerettsutvalet i Legeforeningen – Montenegro, Kosovo-provinsen og Serbia. Medan NATO styrte utviklinga mot krig, fekk vi sterke møte med befolkninga. I Priština i Kosovo overnatta vi hos ein albansk familie, som var gjestmilde, men tydeleg urolege for framtida. Ein kosovo-albansk barnelege vi trefte ved det statlege sjukehuset, hadde valt å forbli på post hos dei små pasientane, som sårt trengte kompetansen hans. Men han var under sterkt press frå albanske kollegaer, som ville at han – som dei – skulle boikotte den offentlege helsetenesta.
I Beograd hadde vi eit stormfullt møte med serbiske kol-
KRISTIAN HAGESTAD 253
legaer. Vi møtte ein aggresjon og frustrasjon som var samla opp gjennom år med sanksjonar og internasjonal isolasjon, og nå med bombetruslar hengande over hovudet. Deira oppleving av moralsk dobbeltstandard i Vesten var sterk; at serbarane blei vurderte etter strengare normer enn andre folkegrupper i eks-Jugoslavia. Etter kvart blei tona mildare. Vi fekk takk for at vi kom og blei fortalte at greske og norske legar var dei einaste i Vesten som hadde halde oppe fagleg kontakt med serbiske kollegaer gjennom 1990-talet.
Knapt to veker etter at trioen frå menneskerettsutvalet var tilbake i trygge Noreg, medan nordmenn førebudde seg på påskeferie, braut krigen ut. Allereie dagen etter deltok norske jagarflygarar i ein «skarp» luftoperasjon for første gong sidan andre verdskrig.
I påska 1999 hadde eg legevakt i fire kommunar i indre Agder. Medan bilen rulla over heiene mellom «dalstroka innanfor», storma det i hovudet mitt. Brokkar av påskeevangelium, dagsnyttmeldingar, kliniske vurderingar, medisinsk ballast og ferske minne frå Balkan vikla seg i hop. Eg fekk med meg at statsminister Bondevik ikkje ville stadfeste at Noreg var i krig. Ifølge han deltok landet vårt i «en begrenset militær operasjon».4 Denne omskrivinga saman med NATOs bruk av uttrykket «kirurgisk bombing» slo meg sterkt som misbruk av medisinske omgrep. I kirurgien skal operasjonar ha dokumentert effekt, og gevinsten skal vere større enn biverknader og forventa komplikasjonar.
Men krigen gjekk sin gang vidare, veke etter veke. Det norske mannskapet i Italia utførte sine oppgåver med luftpatruljering, eskorteteneste og jagarsveip med aktiv leiting etter fiendtlege fly. Da
254 JUGOLAND
nordmennene omsider kunne reise heim i slutten av juni, hadde styrken vore i lufta meir enn 2000 timar. Det norske krigsoppdraget for NATO blei offisielt avrunda med ein festmiddag i Ørlandshallen i september. Ifølge Forsvaret var middagen «en verdig avslutning på et godt utført oppdrag».3
Bortsett frå møtet i den utvida utanrikskomiteen i oktober 1998, var spørsmålet om deltaking i NATO-krigen aldri formelt behandla av Stortinget. Alle parti – frå Frp til SV – stilte seg likevel bak krigføringa, men berre SV hadde formelt handsama temaet i partigruppa. Nettopp SV var det einaste partiet der spørsmålet skapte intern uro. Partiet var nær ved å sprekke på saka, og partileiar Kristin Halvorsen (1960–) skal ha fått øydelagt nattesøvnen i eit halvt år.1
Deltakinga i NATO-krigen skapte forbausande lite reaksjonar i det norske samfunnet. Dei kritiske røystene var få, både under «operasjonen» og i etterkant, men ikkje heilt fråverande. Verdikommisjonen – eitt av hjartebarna til statsminister Bondevik – arrangerte to høyringar om temaet i 1999. Der blei det reist kritiske spørsmål, bl.a. om kor vidt manglande FN-mandat innebar at krigen var folkerettsstridig.I sluttrapporten frå kommisjonen kan ein lese:
Når NATOs aksjon i Kosovo kunne finne sted nesten uten at den norske offentlighet var engasjert i debatt, viser det at det trengs mer oppmerksomhet rundt de grunnleggende etiske og verdimessige utfordringene som Norge, Europa, NATO og FN står overfor.5
Eit einstemmig kollegium ved Universitetet i Oslo kom 19. mai med ei fråsegn til regjeringa om krigen på Balkan. Her blei det bl.a. uttrykt «at freden må gis en sjanse ved en pause i krigshandlingene, slik at FNs posisjon og folkerettens autoritet kan gjenopprettes».6 Dagen etter hadde Dagsavisen eit sterkt kritisk debattinnlegg med overskrifta «FN-pakten er krenket». Bak innlegget stod Asbjørn Eide, seniorforskar og tidlegare direktør ved Institutt for menneskerettigheter.7
I juni sendte leiinga i Norges Røde Kors eit skarpt brev til stor-
KRISTIAN HAGESTAD 255
tingspresidenten og statsministeren med overskrift «Krigen og folkeretten». Brevet viste bl.a. til at bruer, vassforsyning, kraftverk og annan infrastruktur i Serbia var blitt systematisk bomba og øydelagt. Dette blei halde opp mot krav i Geneve-konvensjonen om å skilje mellom militære og sivile mål. Det blei også peikt på at regjeringa ikkje hadde nytta seg av sitt eige rådgivande utval, «Kontaktutvalet for folkerett i krig».4
Menneskerettsutvalet i Den norske legeforening informerte sentralstyret i foreininga om arbeidet i eks-Jugoslavia og si vurdering av situasjonen. Utvalet meinte det var «feil å gå til krig mot Jugoslavia for å stoppe konflikten i Kosovo» og påpeikte bl.a.:
Resultatet av bombingen er at både den kosovoalbanske og serbiske sivilbefolkningen lider. Etter mer enn to måneder med intens bombing er NATOs mål ikke nådd. Den etniske rensingen sammen med NATO-bombingen har økt flyktningestrømmen fra Kosovo. … Norge har tidligere spilt en aktiv rolle i fredsarbeidet på Balkan. Som part i krigen er Norges rolle i dette arbeidet svekket.8
Frå Serbia og – ikkje minst – serbarar her i landet kom det sterke reaksjonar mot den norske krigsdeltakinga. Psykiateren Milića Kasanović ved Vest-Agder sentralsjukehus sette ord på kjenslene i eit avisintervju: «Hun synes det er rart å bo i Norge nå. Et land med et spesielt forhold til Serbia og Jugoslavia, men de siste ukene per definisjon en fiende.»9 Ei anna serbarkvinne skreiv dagen etter i eit debattinnlegg: «Jeg kom med sympati for det norske folk. Dette lærte jeg på skolen, og dette følte både mine foreldre og hele mitt folk. Så begynner min store skuffelse.»10
I dag kan ein konstatere at aktiv norsk politikk for Vest-Balkan etter 1999, der den norske ambassaden i Beograd spelte ei nøkkelrolle, langt på veg har klart å heile dei såra som krigen påførte forholdet mellom Noreg og Serbia. Forutan hjelp til gjenreising er det gitt støtte til uavhengige organisasjonar, studentar og media, samt
256 JUGOLAND
lagt til rettes for bilateralt samarbeid mellom institusjonar og organisasjonar i Noreg og det tidlegare Jugoslavia. Ljubiša Rajić skal ha uttrykt det slik ei tid etter tusenårsskiftet:
For en som har fulgt utviklingen, kan det synes som om lille Norge alene sto bak flere tiltak enn resten av Europa til sammen: Olje til oppvarming, asfalt for demokrati, stipender til landets beste studenter, kunstutstillinger og nyoppsettinger av Ibsens teaterstykker; dette er bare noen av vellykkede tiltak fra norsk side de siste årene.11
Etter at Serbia i 2006 også inngjekk «Partnarskap for fred» med NATO, skjedde det noko som ingen ville trudd i 1999; serbisk sanitetspersonell har trekt i norsk uniform og deltatt i internasjonale militæroppdrag.
1. Hegtun H, Johansen PA. Med rett til å bombe. Aftenposten, 17.02.2000: s. 35. 2. Idås B. Stortinget: Grønt lys for angrep. Aftenposten 09.10.1998: s. 8. 3. Norsk militær innsats i tidligere Jugoslavia 1992–2000.
Oslo: Forsvarets overkommando, 2000: s. 24–25. 4. Krass kritikk mot Bondevik. Dagbladet 10.06.1999: s. 17. 5. Verdikommisjonens sluttrapport. Oslo: Statsministerens kontor, 2001 (utan sidetal) https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdikommisjonens-sluttrapport/id2567979/ 6. Krigen på Balkan. Universitetet i Oslo, Informasjonsavdelingen, 19.05.1999. 7. Eide A. FN-pakten er krenket. Truer NATO og Norge en grunnpilar i folkeretten? Dagsavisen 20.05.1999: s. 2. 8. NATOs bombing i Jugoslavia – konsekvenser for menneskerettighetsutvalgets arbeid i det tidligere Jugoslavia. Brev til Den norske legeforenings sentralstyre fra utvalg for menneskerettigheter, 11.06.1999. 9. Uleberg O J R. – Kjære Norge, stopp bombingen. Fædrelandsvennen, 12.04.1999: s. 8. 10. Koruga G. Min datter står på en av Beograds broer.
Åpent brev til det norske folk. Fædrelandsvennen, 13.04.1999: s. 27. 11. Andersen AT. Våre samband i 40 år. http://njsamband. ipage.no/historie/
KRISTIAN HAGESTAD 257