10 minute read
Thorvald Stoltenberg (1931–2018
Fredsæl nordmann med hjarte i Jugoslavia – Thorvald Stoltenberg (1931– 2018)
Ein regntung oktoberdag i 1961 kom ein ung norsk diplomat med namn Thorvald Stoltenberg til Beograd. Verken det mistrøystige veret eller eimen frå brent brunkol øydela forventningane til byen, der han skulle starte ein ny periode i livet. Bak seg hadde han to år for norsk utanriksteneste i USA. Nå venta oppgåva som ambassadesekretær for Noreg i det landet han hadde øvst på ønskelista. Som mange sosialdemokratisk innstilte nordmenn var han fascinert av Titos Jugoslavia. Han gledde seg til å lære landet og folket å kjenne.1
Advertisement
Stoltenberg visste at få jugoslavar beherska engelsk. Skulle han få kontakt med folk flest, måtte han lære språket. Med friskt mot starta han på kveldskurs i serbo-kroatisk før avreise frå USA. Det blei ei tøff utfordring for ein mann utan sterkt språktalent. I Beograd dreiv ei myndig lærarinne språktrening med han kveld etter kveld. Etter om lag eit halvår gav innsatsen resultat.2 Det høyrer med til soga at da han på 1990-talet blei fredsmeklar for det tidlegare Jugoslavia, vart han kritisert for å tale serbo-kroatisk med Beograd-aksent.
Med sitt sosiale vesen fekk Stoltenberg eit rikt kontaktnett. Gjennom mange og lange samtalar og diskusjonar skaffa han seg innsikt og kunnskap om samfunnet. At landet var eit diktatur, var han fullt
KRISTIAN HAGESTAD 291
klar over, men han opplevde det som meir «smidig og intelligent» enn dei diktatura han elles kjente frå Aust-Europa. «Titos Jugoslavia fungerte nesten skremmende bra», skreiv han seinare.Landet hadde jamn økonomisk framgang.Folk flest opplevdepersonleg fridom. Dei kunne snakke fritt seg imellom og med utlendingar. Dei fortalte vitsar med brodd mot makthavarane.1 Men ein ting hadde Stoltenberg den gongen vondt for å forstå. Det var når jugoslavar påstod at diktatur var nødvendig for å hindre samanstøyt mellom ulike folkegrupper.2
Da Skopje, hovudstaden i delrepublikken Makedonia, vart ramma av jordskjelv 26. juli 1963, drog Stoltenberg dit dagen etter. Store delar av byen låg i ruinar, meir enn tusen menneske var omkomne, 20000 var huslause. I samarbeid med Røde Kors tok Stoltenberg ei leiande rolle i koordinering av hjelpearbeidet. Dei fekk tak i varme pledd, legemiddel og produkt for blodoverføring. Under gjenreisingsarbeidet var han kontaktperson mellom lokale styresmakter og norske firma, spesielt produsentar av ferdighus. Som takk for innsatsen blei han i 1965 tildelt den jugoslaviske flaggordenen med gullstjerne. Han vart også æresborgar av Skopje. Kort etter sin død fekk han ei gate i byen oppkalla etter seg.3
Under åra i Jugoslavia reiste Stoltenberg-familien på kryss og tvers gjennom landet, ofte med bil og overnatting på campingplassar eller under open himmel.4 Hausten 1963 kom Thorvald og Karin ut for ei alvorleg trafikkulykke. Ein lastebil trefte bilen deira med veldig kraft. Karin fekk langvarig sjukeleie og rekonvalesens. Oppi det heile blei sonen Jens kritisk sjuk av stafylokokkbakteriar som mor hadde fått med seg frå hospitalet.1
Bortsett frå alt det ulykka førte med seg, stortreivst Stoltenberg i Jugoslavia. Da toårsperioden nærma seg slutten, fekk han innvilga søknad om utvida tenestetid. Men svaret vart nei da han på ny bad om forlenging.2 Hausten 1964 var han tilbake i Noreg, men Jugosla-
292 JUGOLAND
Familien Stoltenberg i Beograd 1963. (Foto: Privat)
via hadde resten av livet ein særleg plass i hjartet hans. Vennskap og kontaktar blei haldne ved like. Talet på både private og offisielle besøk i landet blei mange.
Stoltenberg tok etter kvart steget over i norsk politikk, der han gjennom åra fekk ei rekke oppgåver og verv. Han var utanriksminister i to Brundtland-regjeringar, 1987–89 og 1990–93. Han stortreivst i denne rolla i ei tid med dramatiske og løfterike endringar i europeisk politikk. Men der var også mørke skyer. Med
KRISTIAN HAGESTAD 293
stigande uro følgde han utviklinga i Jugoslavia fram til oppsplitting av landet og brutale krigar.
Situasjonen på Balkan førte til at perioden hans som politikar i fredelege Noreg brått tok slutt. Etter gjentatte oppfordringar frå FNs generalsekretær våren 1993 sa han ja til å bli FNs fredsmeklar for det tidlegare Jugoslavia etter Cyrus Vance (1917–2002), ein jobb som kravde tett samarbeid med EUs meklar lord David Owen (1938–). Den 1. mai drog han til Athen, der det var forhandlingar om Vance-Owen-planen for fred i Bosnia-Hercegovina. Planen innebar oppdeling av landet i ti provinsar baserte på etniske skiljeliner. Optimismen var stor. Kanskje kunne Stoltenberg dra heim att etter éin dag i jobben? Slik gjekk det ikkje. Det skulle ta nesten tusen dagar før endelege fredsavtalar for det tidlegare Jugoslavia var i hamn.5
Dei bosniske serbarane torpederte Vance-Owen-avtalen, men Stoltenberg mekla vidare for fullt. For han var det viktigaste å redde liv ved raskt å få slutt på krigshandlingane, uavhengig av om freden blei oppfatta som rettferdig og moralsk riktig. Skulle det bli fred, meinte han, måtte alle partar involverast, og planen måtte vere enkel å forstå.5 Etter intens jobbing og mange konsultasjonar med partane kom ein plan frå Owen-Stoltenberg om tredeling av Bosnia-Hercegovina offisielt på forhandlingsbordet i september 1993. Denne gongen var det bosniakane som sette foten ned. På vesle julaftan vart planen lagt død for godt.
Stoltenberg og Owen gav ikkje opp arbeidet for fred i Bosnia-Hercegovina, men etter at stormaktene frå våren 1994 involverte seg meir, og særleg etter at USA sommaren 1995 tok styringa, hamna dei to fredsmeklarane på sidelina. Under prosessen fram til Dayton-avtalen var Stoltenberg berre med på den første forhandlingsdagen og under avtalesigneringa i Paris 14. desember. I staden konsentrerte dei to meklarane frå FN og EU seg hausten 1995 om forhandlingar for Kroatia og dei serbiske områda der. I november
294 JUGOLAND
blei ein endeleg avtale signert på grensa mellom Serbia og Kroatia. Stoltenberg karakteriserte dette som starten på slutten av krig i tidlegare Jugoslavia.5
Både Stoltenberg og Owen møtte kritikk for meklingsarbeidet sitt i Bosnia-Hercegovina; både frå partane i konflikten, fleire europeiske land og ikkje minst USA. Meklarane blei klandra for å akseptere erobring av landområde gjennom rå militærmakt og etnisk reinsking. Stoltenberg blei skulda for å vere serbarvennleg. I Noreg gjekk filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen (1960–) seinare så langt som til å gjere Stoltenberg medansvarleg for folkemordet på 8000 menn og gutar i Srebrenica i juli 1995.6
Stoltenberg avviste at han var partisk. Problemet, slik han såg det, var dei skeive haldningane i vestlege land, som einsidig fordømte serbiske overgrep, medan dei stillteiande godtok ugjerningar frå dei to andre partane, vilkårslaust støtta bosniakane og lukka auga for det gale som kroatane fann på. Stoltenberg var spesielt kritisk til USA, som han meinte oppførte seg som sjåfør i baksetet. Lenge sa amerikanarane at krigen i Bosnia-Hercegovina var eit europeisk problem, som europearane måtte løyse, men på avgjerande tidspunkt greip dei likevel inn, som da USA rådde bosniakane til ikkje å godta Owen-Stoltenberg-planen.1
Stoltenberg kritiserte også FN, hans eigen oppdragsgivar, for ikkje å følge opp vedtaka sine med det som trengtest av ressursar. Som eksempel trekte han fram at avgjerda i Tryggingsrådet om oppretting av seks «sikre soner» – blant dei Srebrenica – i Bosnia-Hercegovina innebar behov for 34 700 ekstra FN-soldatar, men det kom berre 4700.1
Stoltenberg meinte det var små skilnader mellom planen frå Owen-Stoltenberg og Dayton-avtalen. Han brukte å seie at den viktigaste forskjellen var å finne på gravplassane, der fleire titusen hamna under torva i løpet av to bortkasta år med forlenga krig.
KRISTIAN HAGESTAD 295
Først da amerikanarane sjølve leia forhandlingane, innsåg dei at det var viktigare å få slutt på krig og liding enn å få ein «perfekt» fred.1 Stoltenbergs syn er støtta av juristen Gro Nystuen. Ho var med under forhandlingane om Dayton-avtalen og oppfølginga av denne, og ho tok seinare doktorgrad på ei avhandling om menneskerettar, konfliktar og fredsavtalar.7,8
Etter underteikning av Dayton-avtalen var Stoltenbergs oppdrag avslutta. Ifølge han sjølv hadde arbeidet som FN-meklar vore som ein «besettelse». I over to og eit halvt år tenkte han nesten ikkje på noko anna. I 1993 og halve 1994 hadde han tru på resultat. Frå sommaren 1994 var det berre eit svakt håp tilbake. Mange som hadde vore engasjert i meklinga, trekte seg undervegs, men han ville stå løpet ut.
Rundt årsskiftet 1995–96 avrunda han den andre Jugoslavia-epoken i livet sitt med ein besøksrunde til kjenningar i regionen, derunder dei tre hovudaktørane frå krigane; presidentane Tuđman i Kroatia, Milošević i Serbia og Izetbegović i Bosnia-Hercegovina.9 Så drog han tilbake til fredelege Skandinavia og jobb som ambassadør i København.
Frå ambassaden i Danmark følgde Stoltenberg med kritisk blikk utviklinga mot NATOs bombekrig mot «rest-Jugoslavia» i 1999. Da han såg avtaleutkastet som blei lagt fram under Rambouillet-forhandlingane i februar–mars, tenkte han at «her blir det bombekrig». Dersom USA verkeleg ønskte ein avtale med Milošević, var utkastet eit dårleg grunnlag. Men ønskte dei konfrontasjon, var det «eit sinnrikt og godt opplegg». Likevel, skreiv han seinare, hadde han sjølv vore utanriksminister den gongen, ville han gjort som etterfølgaren Knut Vollebæk og slutta opp om krigen, trass i skepsisen. For ein norsk utanriksminister må Noregs interesser telle tyngst. Ein norsk reservasjon ville skada truverdet vårt i NATO-alliansen og utsiktene til å få hjelp derfrå, om Noreg ein gong skulle trenge det.10
296 JUGOLAND
Våren og sommaren 2001 fekk Stoltenberg – nå som pensjonist – på ny spele ei rolle i tidlegare Jugoslavia, men denne gongen bak kulissane. Den politiske leiinga i USA nytta han som kanal for formidling av bodskapar til Vojislav Koštunica, den nye presidenten i «rest-Jugoslavia». I april førte ein telefon frå Stoltenberg til at Koštunica for første gong i si presidenttid besøkte USA og fekk nyttige møte med sentrale politikarar. I mai reiste Stoltenberg til Beograd for eit møte med Koštunica om samarbeidet med Haag-domstolen for det tidlegare Jugoslavia. I slutten av juni derimot avslo Stoltenberg å halde fram som bodberar, fordi han sjølv tvilte på klokskapen i det som da var USAs ønskemål.11
Under eit besøk i Beograd 2016 blei eg spurt av ein ung mann om Thorvald Stoltenberg framleis var saman med «denne filmregissør-dama». Eg kunne stadfeste at han var sambuar med Anja Breien. Svaret blei vel mottatt. Denne episoden er ein av mange opplevingar som har vist meg at namnet framleis er velkjent og skaper interesse i regionen.
Ved Stoltenbergs død i juli 2018 sende det serbiske utanriksdepartementet formell kondolanse til familien.12 Stoltenberg sin posisjon på Balkan har også komme dei to eldste barna hans til gode. Som generalsekretær i NATO har Jens fått ekstrapoeng for etternamnet i sin kontakt med fleire av landa i regionen. Da Thorvald Stoltenbergs gate i Skopje blei offisielt opna i 2018, var det Jens som stod for avdukinga av skiltet.3 I Serbia fekk han ekstra styrking av posisjonen sin, da han karakteriserte det store tapet av liv under NATOs bombekrig i 1999 som «ein tragedie».13
Camilla var i 1991-99 medlem av utvalet for menneskerettar i Den norske legeforening, siste to åra som leiar. Eg
KRISTIAN HAGESTAD 297
observerte fleire gonger korleis etternamnet hennar gav tyngde og gjennomslag i vanskelege situasjonar under møte med kollegaer frå det tidlegare Jugoslavia.
1. Stoltenberg T. Det handler om mennesker. Oslo: Gyldendal, 2001: s. 69–77. 2. Salvesen G. Thorvalds verden. Oslo: Schibsted, 1994: s. 46–60. 3. Hurum E, Gjerde R. Thorvald Stoltenberg får gate oppkalt etter seg i Makedonia. Aftenposten, 08.09.2018: s. 16. 4. Stoltenberg T, Eide K. De tusen dagene. Fredsmeklere på Balkan. Oslo: Gyldendal, 1996: s. 22. 5. Busterud IO. Norske visjoner og balkanske realiteter
Fredsmegling på Balkan 1993–1995. Masteroppgave i historie. Universitetet i Oslo: UiO, 2010: s. 111–23. 6. Knytter Stoltenberg til folkemord i Bosnia. Ny tid, 03.08.2005. 7. Nystuen G. Achieving Peace or Protecting Human
Rights? Conflicts Between Norms Regarding Ethnic
Discrimination in the Dayton Peace Agreement. Leiden/Boston: Martinus Nijhoff Publishers, 2005. 8. Møgster Moen KE. Fredskrigeren Thorvald Stoltenberg. Oslo: NRK Aktivum, 2009: s. 111–13. 9. Stoltenberg T, Eide K. De tusen dagene. Fredsmeklere på Balkan. Oslo: Gyldendal, 1996: s. 396–98. 10. Stoltenberg T. Det handler om mennesker. Oslo: Gyldendal, 2001: s. 286–89. 11. IBID: s. 291–94. 12. Minister Dacic sends a message of condolence to the family of Thorwald Stoltenberg following his death.
Press Service, Minestry of Foreign Affairs of the Republic of Serbia, 14.07.2018. 13. NATO chief offers condolences to families of victims. www.b92.net/eng/ ,11.06.2015.
298 JUGOLAND