
8 minute read
Telenor som «kjempe» og «konge» på Balkan
Ein julidag i 2006 viste det statlege serbiske fjernsynet eit ganske så spesielt «reality show». Mobiltelefonselskapet Mobi 63, der den serbiske staten hadde storparten av aksjane, blei auksjonert bort framfor open mikrofon og surrande kamera. Fleire tunge internasjonale aktørar var kjøpelystne; deriblant TeliaSonera, France Télécom, Deutsche Telekom og Tele2. Men den som fekk tilslaget, var norske Telenor. Kjøpesummen blei vel 2,6 milliardar euro, tilsvarande tolv milliardar kroner. Oppkjøpet var den største utanlandske investeringa nokon gong i Serbia, like stor som summen av alle andre internasjonale pengeplasseringar i landet det året, og det var den sjette største norske investeringa i utlandet gjennom tidene.1
Aftenposten omtalte i 2007 Telenor som «kjempe på Balkan». Karakteristikken kom i ein kommentar til at den norske utanriksministeren Jonas Gahr Støre besøkte Beograd. Ein visitt til Telenor Serbia saman med den serbiske presidenten Boris Tadić var da lagt inn i det offisielle programmet.2 Tre år seinare var Tadić på vitjing i Oslo. Same dag som han hadde møte med statsminister Jens Stoltenberg, la han også turen innom Telenor-hovudkvarteret på Fornebu og møtte direktør Jon Fredrik Baksaas.3
Advertisement
I løpet av sine første ti år gjekk Telenor Serbia gjennom ei rivande utvikling. Selskapet blei raskt ein velkjent institusjon i landet; namnet og logoen vart del av den serbiske kvardagen. I 2010 var
KRISTIAN HAGESTAD 273
Telenor det nest største mobilselskapet i Serbia med nesten tre millionar abonnentar. Mobilnettet blei bygd ut, meir enn 99 prosent av befolkninga fekk dekning. Talet på tilsette var i 2017 nesten 800. Gjennom avtalar med andre aktørar skaffa Telenor kundane tilgang til nye tenester. I 2012 blei Wikipedia fritt tilgjengeleg. I 2013 kom tilgang til musikkstrøymetenester frå selskapet Deezer. Ein heilt annan type avtale vart gjort med innanriksdepartementet i 2011. Eit filter blei sett inn for å stanse tilgang til nettsider med overgrep mot barn. Kundar som prøvde å logge seg inn på slikt, fekk melding om at det var ei forboden side. Departementet brukte avtalen som mal for andre operatørar.
I perioden 2008–10 opna Telenor 22 «internettparkar» i Serbia med gratis nett-tilgang. Selskapet stod for både etablering, drift og vedlikehald. Ifølge Telenor var målsettinga å auke datakompetansen og bruken av internett i befolkninga.4 Grupper og enkeltpersonar med pc i fanget under trea i parkane blei eit trekk i bybildet både i Beograd og andre byar. I 2010 fekk Telenor Serbia som selskap nummer to i landet også lisens for å drive fasttelefon, men tilbodet kom ikkje folk flest til gode; det blei avgrensa til forretningskundar. Langt større betydning fekk Telenors banksatsing. I 2013 kjøpte selskapet banken KCB og la vekt på digitale tenester i ein bankmarknad som inntil da hadde hatt eit svært så tradisjonelt preg med stor grad av kontantbruk og fysisk frammøte i banklokala. For Telenor Bank var det minibankar, masterkort og nett-tenester som gjaldt. Banken fekk meir enn 300 000 kundar.5
I 2010 besøkte eg hovudkvarteret til Telenor Serbia i Beograd saman med norske medarbeidarar. Det vart møte med eit «ungt og dynamisk miljø», både når det gjaldt arkitektur, personell og bedriftskultur. I toppetasjen med utsyn over hovudstaden var der eit digert kontorlandskap
274 JUGOLAND
Telenor-benk i ein av internettparkane til det norske teleselskapet i Beograd 2010.
for kundesørvis og brukarstøtte. På kvar arbeidspult fanst ein spegel, slik at dei som snakka med kundar, såg seg sjølv. Filosofien var at dersom dei var blide, ville det prege samtalen positivt. Seinare på dagen skulle gruppa mi ha møte med folk frå det serbiske sosial- og arbeidsdepartementet. Da dei fekk høyre at vi var gjestar hos Telenor, ville dei heller treffe oss der enn i departementet. Dei hadde tydelegvis ikkje noko mot ein visitt til teleselskapet.
Det Aftenposten ikkje nemnte i 2007, og som fekk langt mindre merksemd, var at Telenors Balkan-eventyr starta tolv år før opp-
KRISTIAN HAGESTAD 275
kjøpet i Serbia. Pionerfasen utspann seg i Montenegro, veslebror i «rest-Jugoslavia». Da selskapet Promonte blei oppretta i mars 1996 for å etablere og drifte mobilnett i Montenegro, kjøpte Telenor 40 prosent av aksjane. I 2004 sikra det seg resten av aksjane for 532 millionar kroner, den største utanlandske investeringa i landet til da.6 Det fekk «Dagens perspektiv» til å omtale Telenor som kongen blant norske investorar i Søraust-Europa.7 Den første «offisielle» kommersielle mobiltelefonsamtalen i Montenegro blei gjennomført 10. juli 1996. I det følgande tiåret investerte Promonte om lag 700 millionar kroner i utbygging av mobilnettet. Etter kvart blei det dekning i 98 prosent av dei områda der det bur folk. I 2005 var det om lag 200 lokalt tilsette i selskapet.7 Namnet Promonte levde vidare til 2010, da Telenor-nemninga og -logoen overtok.
Ein av dei montenegrinarane som fekk jobb i Promonte i 1996, fortalte meg seinare korleis det var å vere med under pionerfasen:
Vi var rundt 35 tilsette. Eg var den gongen ung ingeniør, som blei begeistra over dei sjansane eg fekk. Promonte var i 1996 den beste staden å jobbe i Montenegro. Å starte der var som å vinne i lotto. Lønningane var skyhøge samanlikna med andre arbeidsgivarar. Vi fekk tilgang til nyaste teknologi. Ingeniørar fekk berbar pc, som var stas den gongen. Og vi reiste på kurs i utlandet.
Promonte og Telenor var avhengige av eit godt forhold til styresmaktene i Montenegro, spesielt president Milo Đukanović. Det var ikkje alltid uproblematisk. Landet er kjent for tette band mellom politikk, næringsliv og grå marknad. I 2006 blei det utløyst alarm i Telenor, da konsernleiinga fekk ein anonym rapport på 15 sider med påstandar om korrupsjon nesten frå starten i 1996 blant namngitte, leiande personar. Det var bl.a. tale om bestikking, tapping av verdiar, kontraktjuks, tette familieband, husbygging og luksusbilar. Rapporten blei først behandla internt i Telenor, utan at noko kritikkverdig kunne stadfestast.Deretter blei det interna-
276 JUGOLAND
sjonale revisjonsbyrået KPMG engasjert. Granskinga der gav heller ikkje belegg for påstandar om korrupsjon, men rapporten påviste ukultur knytt til lån og utleige av bustader. Resultatet blei beskjed om innstramming av praksis.8,9
Erfaringane frå granskinga i Montenegro kan ha spelt inn da administrerande direktør i Telenor Serbia, Stein-Erik Vellan, i 2007 blei spurt om det var mogleg å operere på Balkan utan å bli påverka av den utbreidde korrupsjonen i samfunnet. Svaret kom kontant: «Vi fører en krystallklar linje med nulltoleranse for snusk og korrupsjon i alle former. Når vi blir kjent for å si blankt nei til snusk, vil det kunne gi fortrinn i markedet.»2 Gjennom åra henta Telenor fleire dyktige medarbeidarar frå Balkan til oppgåver i Noreg eller andre land. Eitt eksempel er Ruza Sabanovic. Ho starta som nyutdanna bygningsingeniør i Promonte i Montenegro 1996. I 2008 kom ho til Noreg, i 2011 gjekk ferda til India. I 2015 blei ho del av konsernleiinga i Telenor Group som teknologidirektør og visepresident.10
Telenors etablering i Montenegro og Serbia var del av ei større satsing i Søraust-Europa; den første regionen selskapet orienterte seg mot da det på 1990-talet tok steget frå nasjonal til internasjonal aktør. Alt i 1993 kjøpte Televerket (frå 1995 Telenor) ein mindre aksjepost i Pannon GSM i Ungarn, og i 2003 overtok Telenor resten av aksjane.11 Den siste ekspansjonen i regionen skjedde i 2013 ved oppkjøp av mobiltelefonselskapet Globul i Bulgaria.12 I 2013 blei ei ny avdeling oppretta, Telenor Common Operation Ltd, med 450 tilsette og base i Ungarn. Denne skulle samordne og effektivisere verksemda i Søraust-Europa på tvers av grensene.13
Både sentralisering innan regionen, harde utbyttekrav og marknadsutviklinga for mobiltelefoni førte til reduksjon av bemanninga i Telenor-selskapa på Balkan, særleg var dette merkbart i Montenegro. Ein av dei som i si tid arbeidde i Promonte, serverte følgande hjartesukk:
KRISTIAN HAGESTAD 277
Nordmenn som jobba der i starten, var ikkje den typen kapitalistar som sidan skulle dominere. Eg hugsar ein gong at lønningane blei forsinka. Da beordra sjefen stopp i utbetaling til dei norske leiarane, slik at vi «vanlege» tilsette kunne få lønn. For Telenor blei verksemda meir og meir «rein business», dei oppførte seg etter kvart som kyniske kapitalistar. Talet på tilsette blei skrelt ned til eit minimum i perioden 2016–18. Etter mi meining tente Telenor veldig godt på investeringane i Montenegro.
Kommentaren avspeglar kan hende utviklinga i Telenor i løpet av vel tjue år, frå pionertida da kulturelement frå Televerket framleis var levande, fram til æraen som tung multinasjonal aktør i ein beinhard marknad? At Telenor tente gode pengar i Montenegro, blir stadfesta i regnskapsrapportar. Gjentatte gonger var driftsmarginen for Telenor Montenegro høgast blant alle Telenor-selskap. Eksempelvis var den i tredje kvartal 2016 på 66 prosent.
Det har vore sagt at oppkjøpet i Bulgaria og opprettinga av Common Operation Ltd var starten på slutten for Telenor på Balkan. Tre år seinare blei majoriteten av aksjane i serbiske Telenor Bank selde til eit bulgarsk investeringsfond. I mars 2018 vart det slutt på Telenors rolle som mobiltelefonoperatør i heile Søraust-Europa. Telenor-selskapa i dei fire landa med 3500 tilsette og ni millionar kundar blei selde for 2,8 milliardar euro, tilsvarande 27 milliardar kroner, til det tsjekkiske investeringsselskapet PPF. Den offisielle grunnen var at Telenor nå ville konsentrere seg om verksemdene i Skandinavia og Asia.
Telenor-namnet og -logoen overlevde salet i 2018. Den nye eigaren fekk framleis bruksrett fram til medio 2021. Eitt resultat av det var at Telenor i januar 2021 blei knytt til ei politisk betent sak i Serbia. Det statlege Telekom-selskapet inngjekk samarbeidsavtale med PPFs Telenor. Kritikarar hevda at målet var å få kontroll over fiberkabelmarknaden og presse ut operatørar som ikkje var kon-
278 JUGOLAND
trollerte av styresmaktene. Telenor-gruppa i Noreg blei kontakta for kommentar, svaret var avgrensa til at PPF ennå i nokre månader hadde bruksrett til namnet.15
1. Lynum F. Telenor med 100 millioner mobilkunder. Aftenposten Økonomi, 01.08.2006: s. 16–17. 2. Andenæs U. Telenor en kjempe på Balkan. Aftenposten
Økonomi, 15.02.2007: s. 10–11. 3. Andreassen TA. Gir ikke slipp på Kosovo. Aftenposten, 04.05.2010: s. 20. 4. Fri tilgang til Internett i Serbia. Telenor group, Samfunnsansvarlige tiltak, 2010. 5. Norway’s Telenor Opens Serbia’s Most Available Bank.
The Nordic Page Norway, 12.09.2014. 6. Telenor storhandler i Montenegro. Aftenposten Økonomi, 12.08.2004: s. 14. 7. Norske bedrifter på nye veier. TELENOR KONGE.
Dagens perspektiv, 13.05.2005. 8. Stenseng S. Telenor-alarm om korrupsjon. Aftenposten
Økonomi, 19.08.2006: s.6. 9. Stenseng S. Fant ikke korrupsjon. Aftenposten Økonomi 29.09.2006: s. 6. 10. Braathen F. I starten trodde jeg folk var enige med meg når de ikke sa noe. Aftenposten, 04.12.2016: s. 20. 11. Pedersen H. Gullgruve for Telenor i Ungarn. Aftenposten Økonomi, 04.02.1997: s. 31. 12. Telenor Acquires Globul in Bulgaria. The Nordic Page
Norway, 27.06.2013. 13. Telenor expends in cee region. Telenor press release.
Podgorica, oktober 2013. 14. Dagenborg D, Knudsen C. Norway’s Telenor exits central Europe with $ 3,4 billion asset sale to Czech investor PPF. Reuters, 21.03.2018. 15. PPF Group says it has no plans to supress media in
Serbia. N1 News, 28.01.2021.
KRISTIAN HAGESTAD 279