18 minute read

Flyktningstraumar frå Vest-Balkan til Noreg på 1990-talet

Flyktningstraumar frå Vest-Balkan til Noreg på 1990-talet

Eitt særtrekk ved konfliktane knytte til oppløysing av Jugoslavia var det store omfanget av menneske på flukt. Flyktningane til Vest-Europa i åra 1992–99 kom i tre hovudbølger, som avspeglar utvikling av konfliktintensitet i dei mest brennbare geografiske områda: • Frå Bosnia-Hercegovina 1992–95; mest bosniakar, ein del kroatar, få serbarar • Frå Aust-Slavonia i Kroatia 1998; serbarar • Frå Kosovo mest første halvår 1999; kosovo-albanarar.

Advertisement

FLYKTNINGAR FRÅ BOSNIA-HERCEGOVINA – DEN STORE VINNARGRUPPA1 Om lag 14000 personar flykta frå Bosnia-Hercegovina til Noreg på 1990-talet. Dei første kom i 1992; dei fleste året etter, da Sverige og Danmark innførte visumplikt for bosniarar. Etter at Dayton-fredsavtalen var inngått i 1995, kom det langt færre. I starten forutsette Noreg at flyktningane skulle dra tilbake når det var fred i heimlandet; men alt i 1992 fekk alle mellombels vern på kollektivt grunnlag. Styresmaktene brukte ein «dobbeltstrategi»: Sjølv om opphaldsløyvet var mellombels, fekk flyktningane raskt bustad i kommune, norskundervisning, samt høve til å studere og jobbe. Dette førte til at dei blei spreidde over heile landet,

258 JUGOLAND

fordelt på 278 kommunar. Midt på 1990-talet blei det oppmoda til heimvending, og i 1996–97 drog ca. 1500 personar tilbake. Men freden i Bosnia-Hercegovina var skjør, og mange hadde ikkje nokon heim å reise til. I 1996 blei det fastsett at alle som ønskte det, kunne få permanent opphaldsløyve.

I 2019 levde det om lag 17 500 personar med bakgrunn frå Bosnia-Hercegovina i Noreg, derav vel 4000 barn av innvandrarar. Det gir bosniarane ein nittandeplass på lista over dei ca. 220 ulike nasjonalitetane i det norske samfunnet.2 Innvandrarar frå Bosnia-Hercegovina skårar høgt på mange indikatorar for integrering. Dei fleste lærte seg raskt å beherske norsk. Mange av barna snakkar ikkje bosnisk og besøker ikkje landet til foreldra.3 I 2016 hadde tre av fire bosniarar norsk statsborgarskap. Grad av sysselsetting er omtrent som for den norske befolkninga generelt, og langt høgare enn gjennomsnittet for innvandrarar. Heile 35 prosent av bosniarane har høgare utdanning, mot 32 prosent i den norske befolkninga generelt.

I 2013, ved tjueårsmarkeringa for massetilstrøyminga av bosniarar til Noreg, uttalte Bosnia-Hercegovina Forbundet her i landet følgande:

Vi har et ønske om å bruke denne tjueårsmarkeringen til å stoppe opp, se tilbake på vår historie, hylle det norske folkets og samfunnets store humanitære dugnad som hjalp oss da det virkelig gjaldt, samt vise det norske folk at vi setter stor pris på all hjelpen vi har fått. Vi er umåtelig takknemlige. Samtidig er vi stolte og glade over å kunne gjengjelde denne hjelpen gjennom vår deltakelse og våre bidrag i det norske samfunnet.

FLYKTNINGAR FRÅ AUST-SLAVONIA I KROATIA – DEN VESLE TAPARGRUPPA I Aust-Slavonia nordaust i Kroatia utgjorde serbarar før krigen i 1991 om lag 35 prosent av befolkninga, kroatane stod for 45 pro-

KRISTIAN HAGESTAD 259

sent. Under krigen flykta dei fleste kroatane, medan serbarar frå andre delar av Kroatia flykta inn. Etter at serbarane miste kontrollen over området, var det under FN-administrasjon i to år. I 1998 blei det offisielt del av Kroatia.4 Det medførte flukt av serbarar, dels internt på Balkan til Serbia eller den serbiske delen av Bosnia-Hercegovina, dels til Vest-Europa. Til Noreg kom det i 1998 nesten 2500 serbarar frå Aust-Slavonia. Dei fleste kom før Noreg i juni oppheva avtalen med Kroatia om visumfridom.4

Norske styresmakter erkjente at mange serbarar i Aust-Slavonia hadde det vanskeleg; med administrativ trakassering, forskjellsbehandling og anna diskriminering. Likevel blei konklusjonen at det ikkje var generelt behov for vern blant dei som søkte asyl her i landet. Noregs syn fekk støtte i vurderingar frå FN, OSSE og Helsingforskomiteen. Ein delegasjon frå Justisdepartementet, Utanriksdepartementet og Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomførte også eigne undersøkingar. Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) var likevel bekymra og frykta at mange blei sende ut på tynt grunn-

lag.4,5,6 I 1998 blei knapt tusen asylsøknader frå flyktningar frå Aust-Slavonia sluttbehandla. Av dei fekk 160 personar (16 prosent) opphaldsløyve på humanitært grunnlag. Året etter fekk ein større del innvilga opphald.7 Nokon av dei som fekk avslag, gjekk i kyrkjeasyl for ei tid. Dagbladet meldte i september 1999 at «serbiske flyktninger kan komme til å fylle norske kirker».5 Slik gjekk det ikkje. Innan tusenårsskiftet var dei aller fleste reiste frå Noreg.

FLYKTNINGAR FRÅ KOSOVO – FEKK HJELP DA DEI TRENGTE DET MEST Etter som situasjonen i Kosovo-provinsen i Serbia spissa seg til mot slutten av 1990-talet, auka talet på flyktningar derfrå. I 1998 søkte 1623 Kosovo-albanarar om asyl i Noreg. Ingen av dei blei returnerte det året. UDI ønskte meir informasjon om situasjonen dei kom frå.4

260 JUGOLAND

Den svære flyktningstraumen kom etter starten av NATOs bombekrig i mars 1999. Dei fleste hamna først i leirar i Makedonia. Ifølge FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) blei vel 91 000 personar vidaresendte derfrå til andre land. Vel 6000 kom til Noreg etter vedtak i regjeringa 4. april (første påskedag). Noreg blei nummer fem på lista over land som tok imot flest frå Kosovo. Til samanlikning tok Sverige knapt 4000, Danmark knapt 3000. Den 6. april landa dei første på Gardermoen. Fram til primo juni kom det totalt 45 fly. Første veka etter påske oppretta UDI ti nye flyktningmottak, i løpet av to månader steig talet til 61. Flyktningar frå Kosovo fekk mellombels kollektivt vern her i landet i inntil eitt år. Vernet omfatta også dei som var komne før NATO-krigen, og gjaldt dermed nesten 8000 personar. Alt 16. juli letta det første flyet med flyktningar tilbake til Kosovo. Dei som ønskte å bli verande i Noreg etter at eittårsløyvet var gått ut, måtte søke om asyl på individuelt grunnlag. Ved utgangen av 1999 hadde vel 3600 kosovoalbanske flyktningar vendt heim.8

ETTERTANKAR Dei tre gruppene fekk ulik mottaking og handtering i det norske samfunnet. Spesielt den første – men i stor grad også den siste – av dei tre flyktningpuljane utløyste brei sympati og dugnadsånd både i det offentlege Noreg og i befolkninga. Den andre puljen fekk langt mindre merksemd og publisitet. Grunnen til det er samansett. Vurdering av behov for vern er eitt moment. Omfanget av tilstrøyminga av serbarar frå Aust-Slavonia var også meir beskjeden og dermed mindre synleg. Truleg spelte det også ei rolle at nordmenn flest i denne perioden var meir skeptiske til serbarar enn til bosniarar og albanarar frå Kosovo.

KRISTIAN HAGESTAD 261

1. Der anna kjelde ikkje er nemnt, er faktagrunnlaget for dette underkapittelet henta frå: Dzamarija M T. På flukt fra Bosnia-Hercegovina til Norge på 1990-tallet. Bosniere – integreringsvinnerne? Samfunnsspeilet 4/2016, 14. desember 2016: s. 15–20. 2. https://www.ssb.no/innvandring-og-innvandrere/faktaside/innvandring SSB 2019. 3. Interview: Ambassador of BiH to Norway. Sarajevo

Times, 02.01.2019. 4. Årsrapport 1998. Oslo: Utlendingsdirektoratet, 1999: s. 4 og 6. 5. Kolset T, Strand M. Flere hundre serbere går i kirkeasyl. Dagbladet 11.09.1999. 6. Få serbere får bli i Norge Oslo: Bare 28 av 580 serbiske flyktninger fra Øst-Slavonia får bli i Norge. VG/NTB 29.09.1998, oppdatert 25.02.2003. 7. Årsrapport 1999. Oslo: Utlendingsdirektoratet 2000: s. 44 og 48. 8. IBID: s. 5–6.

262 JUGOLAND

Den norske legeforening som aktør i det tidlegare Jugoslavia

Den 25. september 1993 kunne presidenten i Den norske legeforening ønske velkommen til ein konferanse på Soria Moria hotell. I seg sjølv var det langt frå noko uvanleg fenomen. Legeforeningen har gjennom åra hatt mange arrangement der. Men denne haustdagen var spesiell. Susen mellom granene på Voksenkollåsen hadde nesten historisk undertone. I salen sat utsendingar frå legeorganisasjonar i dei seks tidlegare jugoslaviske delrepublikkane. Dei var komne for dialog på tvers av konfliktliner, nye landegrenser, etniske og religiøse skilje.1 Legepresidentens velkomst innleia eit unikt samarbeid mellom legar i Noreg og tidlegare Jugoslavia, som skulle vare i nesten fjorten år. Det som skjedde, har vore lite omtalt, bortsett frå i enkelte rapportar i Legeforeningens tidsskrift, og det organet er ikkje just folkelesnad i dei tusen heimar. Derfor får dette arbeidet ein relativt brei presentasjon i denne boka. Den fredelege atmosfæren på Soria Moria i september 1993 skilte seg dramatisk frå heimesituasjonen til utsendingane frå Balkan. I Bosnia-Hercegovina slost alle mot alle, kvar av dei tre folkegruppene kriga mot dei to andre; fredsplanen til meklarane Vance og Owen var gravlagt i mai, den nye planen frå Owen og Stoltenberg var på veg mot havari. I Kroatia føregjekk ein lågintensitetskrig mot den serbiske utbrytarrepublikken Krajina. «Rest-Jugoslavia» med Ser-

KRISTIAN HAGESTAD 263

bia og Montenegro var hardt ramma av internasjonale sanksjonar og blokade. I Kosovo-provinsen spissa motsetningane seg til mellom det serbiske styret og den albanske majoriteten. I Makedonia (nå Nord-Makedonia) frykta styresmaktene spreiing av konfliktar frå naboland. Slovenia var eit fredeleg unntak, men landet strevde med overgangen til marknadsøkonomi og tilnærminga til VestEuropa.

Forhistoria til møtet starta i 1991, da Legeforeningen oppretta eit utval for menneskerettar. Tidleg blei det klart at dette ikkje berre skulle arbeide innanlands, men også internasjonalt. Vegvalet bygde på erfaringar om at helsetema kan opne for kontakt mellom partar i konflikt, og at legar og legeforeiningar kan bidra i fredsskapande verksemd; noko som seinare er omtalt i dokument frå generalforsamlinga i Verdens helseorganisasjon (WHO). Hovudtrekka i medisinsk etikk kjenner heller ikkje landegrenser. Legar er bl.a. forplikta til å behandle pasientar utan omsyn til tru, etnisk opphav, nasjonalitet eller politisk tilknyting.2,3,4

FØRSTE FASE, 1993–97: DIALOG UNDER KRIG OG KRISE I mai 1993 – fire månader før konferansen i september – arrangerte utvalet eit nordisk idémøte om menneskerettar i medisinsk verksemd. Thorvald Stoltenberg opna samlinga.5 Han hadde nett tatt over som FNs fredsmeklar for det tidlegare Jugoslavia. Under møtet blei situasjonen der ofte brukt som eksempel på at legar blir stilte ovanfor medisinsk-etiske og menneskerettslege utfordringar. Derfrå var vegen kort til idéen om å samle representantar frå legeforeiningane i dei tidlegare jugoslaviske delrepublikkane til dialog. I august drog tre personar frå utvalet for menneskerettar – leiar Otto W. Steenfeldt-Foss, medlem Camilla Stoltenberg og koordinator frå Legeforeningen Bjørn Oscar Hoftvedt – på Balkan-rundreise for å presentere idéen.Troikaen blei møtt med positive reaksjonar

264 JUGOLAND

frå søsterorganisasjonane både i «rest-Jugoslavia» og dei nye landa. Dermed kunne det inviterast til konferanse 25.–29. september.6

Ikkje uventa var atmosfæren spent i møtesalen og korridorane på Soria Moria. Fleire sa dei var bitre, fordi kollegaer hadde svikta i ei vanskeleg tid. På tomannshand blei «dei andre» skulda for vald og overgrep.2 Da ein utsending frå Bosnia-Hercegovina starta plenumsinnlegget sitt med å seie at han ville tale på bosnisk, og ein serbar med overberande smil spurte kva slags språk det var, trengtest det akutt diplomatisk innsats. Hovudinntrykket var likevel at utsendingane ønskte positiv kontakt med kollegaer i dei andre landa.

Deltakarane samla seg om eit sluttdokument som slo fast at medisinsk-etiske og menneskerettslege prinsipp gjeld også i situasjonar med væpna konflikt. Nokre sentrale handlingsområde blei spesielt trekte fram: helsetenester til flyktningar, behandling av krigsskadde, førebygging av epidemiar og gjenoppbygging av samfunnsmedisinske tenester. Alle foreiningane forplikta seg til å rapportere ev. tilfelle av ulik tilgang til helsetenester basert på nasjonal eller etnisk bakgrunn.1 Lokale WHO-kontor skulle følge opp avtalen. Det kom seinare ikkje rapportar om brott på dei inngåtte forpliktingane, utan at dette kan takast som bevis på at slike ikkje fann stad.2

Sluttdokumentet uttrykte også ein intensjon om å halde fram med å møtast. Utvalet for menneskerettar tok den utfordringa. I løpet av knapt fire år blei det fire nye samlingar.7,8,9,10 Avslutningskonferansen, som var i Ohrid i Makedonia i mai 1997, hadde breiare deltaking enn dei fire føregåande;legar med ansvar for utdanning var den gongen spesielt inviterte.11

Konferansar i seg sjølv løyser sjeldan nokon problem. Resultatet er sterkt avhengig av opplegget og den atmosfæren som kan skapast gjennom kombinasjon av formelt program, uformelle samtalar og sosialt samvær. Utvalet for menneskerettar la til grunn at alle hadde noko å lære av kvarandre. Opplegg der arrangøren stiller med «eks-

KRISTIAN HAGESTAD 265

pertar» utanfrå for å presentere ferdige «løysingar» på problema, gir sjeldan varig effekt. Perspektivet må også vere langsiktig; det trengst tid for å få til endringar.2

Ser ein kontaktmøta i perioden 1993–97 under eitt, kan ein slå fast at partane utvikla betre samarbeid og forståing for tankemåten til dei andre aktørane. Alle fekk meir kunnskap om situasjon og utfordringar i nabolanda. Det skjedde ei bevisstgjering om praktisering av menneskerettslege prinsipp og legeetikk i krigs- og krisetider. Foreiningane forplikta seg til å følge opp brott på internasjonal lov og legeetiske overeinskomstar. At kontakten blei halden ved like gjennom dei vanskelege åra, gjorde det også lettare å ta opp att breiare kollegialt og fagleg samarbeid da tidene etter kvart blei lettare.

ANDRE FASE, 1998–2001: REORIENTERING Ohrid-møtet sette sluttstrek for første fase i arbeidet i det tidlegare Jugoslavia frå utvalet for menneskerettar. Nå var spørsmålet om kontakten og samarbeidet kunne og burde vidareførast, om enn etter ein annan modell. Sett i ettertid kan ein seie at åra 1998–2001 blei ein interimsfase med prøving og reorientering, før utvalet sin aktivitet i regionen fann ny form. I 1998 kom forfattaren inn som medlem og fekk delta i prosessane både i denne og neste fase.

I april 1998 besøkte ei trepersonsgruppe for utvalet dei legeforeiningane som hadde deltatt i samarbeidet 1993–97. I alle landa var legane opne for vidare kontakt, men Kroatia og spesielt Slovenia orienterte seg nå meir mot Vest-Europa og mindre mot statane frå det tidlegare Jugoslavia.Utvalet konkluderte med at kontaktskapande arbeid i regionen burde halde fram, men knytast til meir konkrete prosjekt.12

Den spente situasjonen i Kosovo gjorde at utvalet ønskte å trekke albanske legar med i målgruppa.13 Med friskt mot innleia det samar-

266 JUGOLAND

beid med legeforeiningane i Albania, Makedonia, Serbia og Montenegro. Som første steg blei det planlagt ein konferanse i mai 1999 om pasientrettar i periodar med konflikt og samfunn i overgangsfase. Under førebuinga var forfattaren med i ei trepersonsgruppe som i mars drog til Montenegro, Priština i Kosovo-provinsen og Beograd i Serbia. Alle stadene fekk gruppa støtte for opplegget. Men den planlagde konferansen blei aldri gjennomført. Knapt to veker etter

To sentrale personar i Legeforeningens utval for menneskerettar: Camilla Stoltenberg, medlem 1991–97, leiar 1998–99; Bjørn Hoftvedt, sekretær 1991–2011. Her i solnedgang over serbisk Kosovo, Priština mars 1999.

KRISTIAN HAGESTAD 267

at trioen var tilbake i Noreg, starta NATOs bombekrig, som snudde opp ned på situasjonen.

Slik det nå låg an, satsa utvalet for menneskerettar på eit mindre og meir fagretta seminar mot ei avgrensa målgruppe. Eitt høgaktuelt tema som da kom opp, var tiltak for flyktningar. Krigane på 1990-talet hadde medført omfattande problem med interne flyktningar. I Serbia aleine budde det rundt tusenårsskiftet om lag 800 000 menneske av denne kategorien, tilsvarande åtte prosent av befolkninga. Situasjonen innebar store samfunnsutfordringar; både økonomisk, sosialt og helsemessig.12

Saman med Institutt for mental helse i Beograd arrangerte utvalet i år 2000 seminar for 38 allmennlegar frå Serbia og Montenegro om psykososial hjelp til flyktningar. Kurset var delt i to delar à to dagar; i Serbia i april, i Montenegro i oktober. Tilbakemeldinga frå legane var klart positiv. Mange sa at dette var det første faglege tilbodet dei hadde fått for skolering om psykososial problematikk blant flyktningar. To legar fortalte at i 1995 budde det ca. 50 000 menneske i den nord-serbiske byen der dei arbeidde. På kort tid kom det så 10 000 serbiske flyktningar, fordrivne frå Krajina i Kroatia. Legane fekk inga fagleg styrking eller andre ekstra ressursar for å handtere dei utfordringane dette medførte.14

I juli 1999 hadde ei rekke land underteikna ei stabilitetspakt for Søraust-Europa under eit møte i Sarajevo. Der forplikta dei seg til regionalt samarbeid på tvers av landegrenser. Det inspirerte utvalet for menneskerettar til å ta eit initiativ. Resultatet blei ein konferanse i Serbia i april 2001 med utsendingar frå legeforeiningane i Albania, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Makedonia, Romania og Serbia. Tema var knytte til ei felles utfordring; endringar i helsetenesta ved overgang frå tidlegare planøkonomi til meir marknadsstyrte system. Vinklinga vektla spesielt primærhelsetenesta, som nå fekk endra rammevilkår og utvida oppgåver som basis for helsevesenet. Le-

268 JUGOLAND

geforeiningane blei oppfordra til å engasjere seg i endringsprosessane, derunder løfte fram aspekt knytte til menneskerettar og medisinsk etikk.15,16 Eit sterkt minne frå møtet er da ein albansk lege starta innlegget sitt med å seie at for første gong på 29 år hadde han lov til å snakke med serbiske kollegaer.

TREDJE FASE, 2002–07: BOSNISK-SERBISK SAMARBEID OM PSYKIATRI I ALLMENNMEDISIN Under konferansen i april 2001 blei deltakarane oppfordra til å foreslå prosjekt for samarbeid over landegrensene. Under møtet oppstod det positiv kontakt mellom legar frå Serbia og den bosnisk-kroatiske delen av Bosnia-Hercegovina. Resultatet blei at dei foreslo eit felles program for etterutdanning av allmennlegar i psykiatri i regi av Institutt for mental helse i Beograd og Institutt for samfunnsmedisin i Sarajevo. Bakgrunnen for val av tema var ein kombinasjon av endringar i helsetenesta og behov i befolkninga. I tidlegare Jugoslavia hadde sjukehusa ei dominerande rolle i helsevesenet. Allmennmedisin hadde svak fagleg status. Nå skjedde det nedbygging innan hospitalsektoren og overføring av oppgåver til primærhelsetenesta. Innan psykiatri medførte det spesielle utfordringar. Mange av allmennlegane hadde svak grunnutdanning og lite erfaring innan dette fagfeltet. Samstundes var behovet for psykiatrisk hjelp stort etter krig og sanksjonskrise. Mange sleit med seinfølger av vonde opplevingar. Fattigdom, arbeidsløyse, familiekonfliktar og flyktningproblematikk prega også kvardagen.

Utvalet tente på idéen frå Beograd og Sarajevo. Den kunne gi gevinst på fleire plan; kontaktskapande arbeid over eit vanskeleg grenseskilje, styrka allmennmedisinsk kompetanse og betra pasienttilbod.17 Oppstart skjedde i Sarajevo i februar 2002. Der møttest fem utsendingar frå Beograd med kollegaer i vertsbyen og fire frå Noreg. Gjestane frå Serbia hadde ei strevsam bussreise bak seg.

KRISTIAN HAGESTAD 269

Krigsøydeggingar, som dei observerte både på landsbygda og i hovudstaden, hadde gjort inntrykk. Også instituttbygninga der møtet fann stad, var prega av kulehol i fasaden. Første dag sat bosniarane og serbarane ved kvar sin bordende, med nordmenn som buffer i midten. Neste dag blanda dei seg både i plenum og gruppearbeid. Resultatet blei eit felles etterutdanningsprogram for dei to landa.18 Fram til første halvår 2007 vart det gjennomført fire utdanningsbolkar i psykiatri for ca. 40 allmennlegar i Beograd og ca. 30 i Sarajevo. Tema spente vidt; eksempelvis inngjekk emne som pasientkommunikasjon, stress og posttraumatiske stresslidingar, alkohol- og stoffmisbruk, vald i heimen, verdig avslutning av livet samt psykososial førebygging og folkehelseperspektiv. Arbeidet fekk ein syklus med tre etappar i kvar fase; planleggingsmøte, gjennomføring og evalueringssamling. Omfanget av samarbeid mellom Sarajevo og Beograd utvikla seg undervegs, frå separat praktisering av same programmet til utveksling av undervisningskrefter, fram til inkludering av praksisbesøk for legar frå Beograd til kollegaer i Sarajevo og vice versa. Siste punktet innebar meir enn kollegatreff. Legen på besøk møtte også pasientar. Ein bosnisk lege fortalte etterpå: «Da dei høyrde eg var frå Sarajevo, ville dei vite korleis byen var nå. Mange hadde minne frå besøk der i Jugoslavia-perioden.»

«Alt har si tid», heiter det i Skrifta. Eit evalueringsmøte i Sarajevo juni 2007 avslutta det bosnisk-serbiske utdanningsprogrammet for allmennlegar.

Da møtet var over, leigde eg bil og køyrte dei 18 mila til byen Višegrad. Eg fann fram til den gamle brua over Drina, «hovudpersonen» i den nobelprislønna romanen til Ivo Andrić, som trekker opp dei lange og kompliserte linene i historia til Bosnia-Hercegovina.19 Midt på den 440 år gamle brua, som tre veker seinare kom på verdsarvlis-

270 JUGOLAND

ta til UNESCO, sette eg meg på ein steinbenk og let tankane gli. Engasjementet i tidlegare Jugoslavia frå utvalet for menneskerettar i Den norske legeforening hadde nå nådd endestasjonen. I løpet av perioden 1993–2007 var det blitt mange aktivitetar og møtestader, sterke inntrykk, nokre vonbrott, men mest lysglimt og oppleving av å påverke utviklinga i riktig lei.

Utvalet aleine kunne ikkje oppnådd så mykje. Finansiering frå Utanriksdepartementet hadde vore heilt avgjerande. Samarbeidet med Europa-kontoret til WHO hadde bidratt til legitimitet og gjennomslag. Og ikkje minst: Full tillit og ryggdekning frå toppleiinga i Legeforeningen hadde gitt utvalet tryggleik og gode arbeidsvilkår.17

1. Juul Andersen E. Menneskerettighetsmøte med legeforeningene i det tidligere Jugoslavia. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 26, 1993: s. 3295–97. 2. Hoftvedt BO, Steenfeldt-Foss OW, Thorleifsson E,

Varvin S, Stoltenberg C. 20 års menneskerettsarbeid.

Tidsskrift for Den norske legeforening nr. 14, 2013: s. 1469–71. 3. Health as bridge to peace. Geneve: WHO, 1998. 4. Declaration of Geneva, Version 1983. Ferney-Voltaire:

WMA, 1983. 5. Juul Andersen E. FNs fredsmegler Thorvald Stoltenberg: Er håpefull. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 18, 1993: s. 2324. 6. Hoftvedt BO. Et land i krig og oppløsning. Tidsskrift for

Den norske lægeforening nr. 22, 1993: s. 2840–41. 7. Kallevik SA. Leger viktige i fredsprosessen i det tidligere Jugoslavia. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 10, 1994: s. 1244–45. 8. Norbye T, Hoftvedt BO. Fellesskap om helsetjenester i tidligere Jugoslavia. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 30, 1994: s. 3709. 9. Hoftvedt BO, Norbye T. Nærmere kontakt mellom legeforeningene i det tidligere Jugoslavia. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 1996: s. 1824. 10. Hoftvedt BO, Arbeid for kollegial forsoning i det tidligere Jugoslavia. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 20, 1997: s. 3022. 11. Proceedings of the Conference on Human Rights,

Medical Ethics and Medical Conduct. Skopje, Oslo,

Copenhagen: The Macedonian Medical Association,

KRISTIAN HAGESTAD 271

The Norwegian Medical Association, The Regional Office for Europe of the World Health Organization, 1998. 12. Husom N. Bare på Balkan kan alt skje hvert øyeblikk.

Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 1998: s. 2382–84. 13. Rapport fra møter med legeforeningene i det tidligere

Jugoslavia 22.–28.04.1998. Evaluering av samarbeidet 1993–98. Brev fra Den norske Lægeforenings utvalg for menneskerettigheter til Utenriksdepartementet, 18.06.1998. 14. Hoftvedt BO, Varvin S. Serbisk helsevesen under dobbelt press. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 2000: s. 1817–18. 15. Husom N. Leger vil samarbeide på tvers av skjøre landegrenser. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 2001: s. 1852–53. 16. Final report – Seminar on Health Care Systems in

Transition and Ethical and Human Rights Issues, 20.–22.04.2001, Palic, Yugoslavia. Oslo: The Norwegian

Medical Association, 2001. 17. Janbu T. Leger har et medansvar. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 2006, s. 1959. 18. Hoftvedt BO, Varvin S. Psykiatri i samarbeid mellom bosniere og serbere. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 8, 2002: s. 862. 19. Andrić I. Broen over Drina. Oslo: Cappelen, 1960.

272 JUGOLAND

This article is from: