5 minute read
Ferdamimring frå 2020–21
Ferda-mimring frå 2020–21
For første gong på 21 år fekk eg ikkje noko Balkan-opphald i 2020. Korona-pandemien sette stopp for gjennomføring av planar som var lagt. I skrivande stund ser det ikkje lyst ut for 2021 heller, men håpet lever om gjensyn med stader som ein gong høyrde til landet Jugoslavia, som i dag ligg innanfor grensene til nokon av dei sju nye landa. I mellomtida har den pandemiske unntakstilstanden gitt rom for ei indre reise i mitt eige «Jugoland».
Advertisement
Etter mine to opphald i Jugoslavia 1967 og -69 kom hektiske år med oppstart av yrkesliv, vidareutdanning, familieauke og diverse flyttingar. Det blei ikkje rom for nye ekspedisjonar til Vest-Balkan, men tankane vandra ofte søraustover. Når eg på legevakter farta rundt på heievegar i indre Agder, kunne det dukke opp køyreminne frå «det ville austen» i Jugoslavia. I mai 1980 var eg på tiårsjubileum for avslutta legeutdanning i Oslo. Der møtte eg att Siri og Arne frå vekene ved sjukehuset i Rijeka 1967. Dei var i mellomtida blitt ektepar med to barn. Tito hadde døydd seks dagar før jubileumsfeiringa vår. For trekløveret blei kullsamlinga også ein minneseremoni.
Eg følgde med på nyhendemeldingar frå Jugoslavia. Informasjonen blei etter kvart lite oppløftande. Utover 1980-talet kom rapportar om politisk innstramming, økonomisk uføre, krangel mellom delrepublikkar, aukande nasjonalisme og spenning mellom folkegruppene. Så kom 1990-talet med oppløysing og krig. Saknet av Jugoslavia gjekk over i sorg.
I 1995 fungerte eg som assisterande helsedirektør i Statens hel-
KRISTIAN HAGESTAD 299
setilsyn. Ein kveld måtte eg stille i Dagsrevyen. Programvert Einar Lunde ville ha meg i studio inntil det var min tur. Eg hugsar ikkje heilt kva tema eg skulle kommentere. Det eg derimot minnest frå den Dagsrevyen, er ein reportasje frå borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina. Den gjorde det vanskeleg å samle tankar og engasjement om «problem» i helsevesenet i vårt fredelege hjørne av Europa, da eg skulle intervjuast.
Frå 1993 engasjerte Den norske legeforenings utval for menneskerettar seg i det tidlegare Jugoslavia, noko som gledde mitt «Jugoland»-infiserte legehjarte. I 1998 blei eg sjølv medlem av utvalet. Det innebar fleire meiningsfylte opphald årleg i eks-Jugoslavia. Det blei nokre gjensyn og mange nye møte med stader, miljø og menneske. Skadar etter konfliktane på 1990-talet var tydelege, både materielt og menneskeleg. Men det var også ønsket om å legge dei vonde åra bak seg og komme vidare.
Våren 2000 hadde utvalet eit arrangement for legar frå seks land i regionen. Ein kveld drog vi med buss til ein serveringsstad inne i eit naturområde, der vi skulle ha middag. Vegen var smal, trea stod tett. Det blei litt rabalder da taket i bussen slo oppi nokre greiner. Dei fleste av oss tok det med eit smil. Andre reagerte veldig, skreik og kasta seg ned; det var personar som hadde opplevd NATO-bombinga eitt år tidlegare. Seinare på kvelden var det sosial samling. Stemninga steig, det oppstod spontan allsong. Folk frå dei ulike landa og etniske gruppene song saman songane til kvarandre. Ei bosniak-kvinne kviskra til meg med eit smil: «Dette er ein veldig patriotisk serbar-song!»
Etter at utvalet for menneskerettar avslutta engasjementet i eks-Jugoslavia i 2007, har eg halde oppe kontakten. Ny livsfase har gitt rom for minst eitt årleg opphald og tid til dagleg oppdatering via internett på nyhendingar frå Vest-Balkan.
Som omtalt i dei føregåande kapitla har det lenge vore sterke band
300 JUGOLAND
mellom Noreg og Jugoslavia, og det er ennå atskilleg kontakt mellom vårt land og eks-jugoslaviske statar. Eg har undra meg over kvifor nordmenn og sørslaviske folk så lett kan finne tonen. Ein venn av meg har ein teori om at det har historiske røter knytt til herularane, germanarar frå Skandinavia som på 200–400-talet drog sørover, bl.a. til Balkan. Da delar av folkegruppa etter nokre hundreår vende tilbake til våre trakter, hadde dei med seg eit kollektiv minne og kanskje eitt og anna gen etter nære herulisk-slaviske relasjonar.
Eg har stundom fått høyre at eg er ukritisk og blåøygd serbarvennleg. Andre nordmenn har fått same attest, det gjaldt ikkje minst Thorvald Stoltenberg. Tilsvarande kritikk er også blitt reist mot norske grupper og organisasjonar, som Vennskapssambandet Norge – Vest-Balkan. Må eg svare kort på påstanden, plar eg polemisk replisere at det trengst motvekt til den kollektive demoniseringa av serbarar som breidde seg i Vesten på 1990-talet. Denne boka kan lesast som eit meir utfyllande svar. Eg har fleire gonger og i ulike versjonar – både i Noreg og på Balkan – fått referert ei samanlikning mellom nokre nordiske og eks-jugoslaviske folkegrupper. Éin variant er denne: - Danskar er som slovenarar. Dei bur i eit lite land og er rike. Dei er stolte over å vere små og rike. - Svenskar er som kroatar. Dei er opptatte av pene manerar. Dei vil vere synlege ute i den store verda, og dei er velviljug innstilte til tyskarar. - Finnar er som montenegrinarar. Dei er tøffe krigarar. Begge har kompleks knytt til ein minoritet av befolkninga, som har sitt eige språk og band til eit storebrorland. - Nordmenn er som serbarar. Dei er enkle og individualistiske og vil gjere alt på sin måte. Dei er lite pragmatiske, også når mangelen på pragmatisme rammar dei sjølve.
Stundom blir eg spurt om kva som er yndlingslandet mitt blant
KRISTIAN HAGESTAD 301
dei sju eks-jugoslaviske statane. Da låner eg – utan noko som helst samband elles – Marte Svenneruds uttrykk: «Je tæk dom aille sju!»1
I innleiingskapittelet siterte eg Christensen og Hamsun. Eg lar dei to også få dei avsluttande orda. Første kapittel i «Byzanz – Balkan» startar slik: «Den som én gang har besøgt Balkan, vil gjøre hvad han kan for at se det igjen.»2 I første avsnitt av romanen «Sult» blir Kristiania karakterisert som «denne forunderlige By som ingen forlader før han har faaet Mærker af den».3 Min påstand er at det same kan seiast om «Jugoland».
1. Ring B. Itte no knussel (novelle). Fnugg. Kristiania: H.
Aschehoug & Co, 1909: s. 7–12. 2. Christensen H. Byzans – Balkan. Kristiania: H. Aschehoug & Co, 1923: s. 1. 3. Hamsun K. Sult. København: P. G. Philipsens Forlag, 1890: s.1.
302 JUGOLAND
Faktastoff
Det gode liv i Jugoland.
KRISTIAN HAGESTAD 303