13 minute read

Landet som var

«Skal ein forstå samtida, må ein kjenne fortida», har det blitt sagt. På Balkan er dette uttrykket meir gyldig enn dei fleste andre stader. Der er fortida ein høgst levande premissleverandør for oppfatningar om samtida og tankar om framtida. Historia inngår i eit «kollektivt minne» som pregar kultur, religion, samfunnssyn, ideologiar og politikk.1 Før vi går inn på soga til Jugoslavia, treng vi derfor ei minimumsballast av hovudtrådar frå det brokete historiske bakteppet. Mitt utval omfattar hendingar og moment som eg har funne det viktig å kjenne til. Faghistorikarar og «balkanologar» vil kanskje finne at gjennomgangen min er både ufullstendig og skeivvinkla.

Vi startar under folkevandringstida i tidleg mellomalder. Frå 5–600-talet slo slaviske stammar seg ned på Balkan. Desse sørslavarane blei etter kvart den dominerande folkegruppa i store delar av søraust-Europa. Nokon av dei folka som heldt til der frå før, slik som albanarar, blei verande og levde vidare parallelt med dei nytilkomne. Andre blei drivne bort, eller dei blei assimilerte av den slaviske befolkninga.

Advertisement

Avhengig av kor dei hadde slått seg til, utvikla dei ulike sørslaviske gruppene gjennom hundreåra ulik kulturell og religiøs identitet.

Eitt hovudskilje går mellom dei som heldt til innanfor området til det tidlegare vest-romerske riket og dei som hadde slått seg ned i aust-riket. Slovenarar og kroatar blei influerte av vestleg påverknad og kom inn under den romersk-katolske kyrkja. Serbarar, makedo-

18 JUGOLAND

narar og etter kvart montenegrinarar kom under påverknad frå det bysantinske riket og sokna til den ortodokse kyrkja.

I mellomalderen oppstod det for kortare eller lengre tid eigne statar for respektivt kroatar, slovenarar, serbarar og montenegrinarar; men Balkan var også møteplass og konfliktarena for omkringliggande stormakter. Austerrike, Ungarn og det ottomanske riket til tyrkarane var tre hovudaktørar i den samanhengen. Tyrkarane kom for fullt på slutten av 1300-talet. Riket deira nådde si største utbreiing på 15–1600-talet, da det omfatta nesten heile Balkan.

I motsetning til albanarane, som i stor grad konverterte til islam under det ottomanske styret, heldt dei fleste sørslavarane fast på kristendommen. Men Bosnia var eit unntak, der gjekk mange over til muslimsk tru. Dei som konverterte, fekk visse privilegier og kunne få viktige stillingar i samfunnet. Over tid utvikla den islamsk-slaviske befolkninga i Bosnia ein eigen kultur, prega av orientalsk påverknad. I Titos Jugoslavia blei «Muslimar» (med stor M) frå 1960 definerte som eiga «etnisk» gruppe (nasjonalitet). I dagens Bosnia-Hercegovina blir dei omtalte som bosniakar.

Frå 1700-talet miste det ottomanske riket gradvis fotfestet på Balkan. Dels overtok Austerrike og Ungarn område som tyrkarane måtte gi opp, dels gjenoppstod statar som Serbia, Hellas og Bulgaria, og Montenegro fekk utvida sitt areal. Ved den første Balkan-krigen 1912–13 miste ottomanarane resten av sitt balkanske territorium, med unntak av det vesle området Tyrkia framleis har frå vest-delen av Istanbul til grensene mot Hellas og Bulgaria.

På 1800-talet dukka det opp idéar om samling av sørslavarar i eitt land. Under første verdskrig var tilhengarar av slik statsdanning aktive. Da krigen var over, og delar av Europa-kartet skulle teiknast om, kom det gylne høvet for realisering av idéen. Sjansen blei gripen, og eit nytt land kom til i hui og hast.

KRISTIAN HAGESTAD 19

DET FØRSTE JUGOSLAVIA I desember 1918 blei Kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar proklamert og vann internasjonal anerkjenning. Frå 1929 blei Jugoslavia det offisielle namnet. Forutan Serbia, Kroatia og Slovenia inngjekk Makedonia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina i det nye kongedømmet. Bulgaria, som også har sørslavisk befolkning, var ikkje med. På andre sida hadde den sørslaviske staten også store ikkje-slaviske minoritetar; albanarar var i fleirtal i Kosovo-provinsen sør i Serbia, og ungararar utgjorde ein stor del av befolkninga i Vojvodina-provinsen nord i Serbia.

Den første grunnloven kom i 1921, den neste i 1931; særleg den siste innebar ein sterkt sentralistisk samfunnsstruktur. Storebror Serbia kom til å dominere den nye staten. Serbia var ikkje berre størst i folketal og areal. Serbarane hadde hovudstaden, og kongedømmet var serbisk. Serbarane, som hadde erfaring med å leve i og leie ein autonom stat, dominerte både i embetsverket og hæren.

Etter politiske kriser og kaotiske tilstandar i nasjonalforsamlinga oppløyste kong Aleksandar parlamentet i 1929, oppheva grunnloven og innførte kongeleg diktatur. I 1934 blei kongen utsett for eit attentat under besøk i Marseilles, både han og den franske utanriksministeren miste livet. Ei makedonsk terrorgruppe, som ville lausrive Makedonia, utførte ugjerninga i samarbeid med den kroatiske fascistorganisasjonen Ustasja. Etter drapet på kongen blei det innført regentstyre, ettersom prins Petar berre var ti år gammal da han miste faren.

KRIG, OPPDELING, MOTSTANDSKAMP I april 1941 gjekk aksemaktene til krig mot Jugoslavia, som kapitulerte etter elleve dagar. Den 17 år gamle kong Petar II og regjeringa drog frå landet og kom seg til London. Jugoslavia blei delt mellom invasjonslanda. Ungarn fekk ein del av Vojvodina. Bulgaria

20 JUGOLAND

tok brorparten av Makedonia. Italia fekk Kosovo, vestlege Makedonia, Montenegro, sørlege Slovenia og ein del av Kroatia. Tyskland forsynte seg med nordre Slovenia og sentrale Serbia. I Kroatia klarte Ante Pavelić (1889–1959), leiar av Ustasja-rørsla, å få ein avtale med Tyskland og Italia alt før den jugoslaviske kapitulasjonen var eit faktum. Semja innebar oppretting av den «sjølvstendige» Fristaten Kroatia (NDH) med han sjølv som «førar». Forutan det meste av Kroatia omfatta NDH også Bosnia-Hercegovina og ein del av Serbia.

Det oppstod snart organisert motstand mot okkupantane. I Serbia dukka det opp kongetru tsjetnik-grupper med general «Draža» Mihailović (1893–1946) som leiarstjerne. Sommaren 1941 tok kommunistiske partisanavdelingar til våpen under leiing av Josip Broz Tito (1892–1980), generalsekretær i det jugoslaviske kommunistpartiet sidan 1937. Hausten 1941 møttest Tito og Mihailović to gonger, men det oppstod snart spenningar mellom dei. Medan tsjetnikane var serbiske nasjonalistar, var partisanrørsla multietnisk. Etter kvart samarbeidde Mihailović og hans grupper med okkupantane om åtak mot partisanane. Som serbiske nasjonalistar utførte tsjetnikane også massakrar mot muslimar (bosniakar) og kroatar. Storbritannia og USA støtta lenge Mihailović, men frå 1944 satsa dei på Tito som partnar i kampen mot Hitler.

Titos hovudkvarter var gjentatte gonger mål for tyske offensivar. På ny og på ny måtte Tito og hans menn flytte på seg. Historier og anekdotar om slike hendingar blei fortalte gjentatte gonger både under og etter krigen. Dei bidrog til å styrke posisjonen hans og utvikle personkulten. Éin episode er tidfest til 9. juni 1943. Da tyskarane sette inn eit bombeåtak, hoppa Titos trufaste hund Lux opp og blei drepen av ein bombesplint, som elles ville ha treft føraren i hovudet. I staden blei han berre lett såra.2

Både i 1942 og -43 arrangerte partisanane møte i det som blei kalla Antifascistisk råd for frigjering av Jugoslavia (AVNOJ). Dei fleste

KRISTIAN HAGESTAD 21

deltakarane var kommunistar, men også andre politikarar var med. På møta blei det trekt opp liner for ein føderalstat etter krigen. Til minne om møtet i 1943 skulle 29. november seinare bli nasjonaldag for det nye Jugoslavia.

Den endelege frigjeringa starta austfrå hausten 1944 og blei avslutta i mai 1945. Bortsett frå ei avgrensa deltaking av Sovjetunionens raude hær ved inntakinga av Beograd og nærliggande område, var det Titos frigjeringshær som dreiv ut okkupasjonsmaktene og som sigra over Ustasja-hæren i Kroatia.

Krigen i landet 1941–45 var både ein kamp mot okkupantane og ein borgarkrig. I få land var lidingane under andre verdskrig større enn her. I 1945 slo den jugoslaviske regjeringa fast at 1,7 millionar menneske – ti prosent av befolkninga – døydde under krigen. Fleire undersøkingar har seinare konkludert med at det talet er overdrive, og at det reelle sifferet heller var i overkant av ein million. Redusert fødselstal og auka emigrasjon medførte i tillegg eit tap i folketalet på om lag ein million.3

Hendingar under andre verdskrigen i respektive Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Serbia er nærare omtalte i kapittel om desse statane.

DET ANDRE JUGOSLAVIA – EIN NY START Kongedømmet i mellomkrigstida hadde ein sentralistisk struktur. I tråd med prinsipp frå AVNOJ-møtet i 1943 skulle det nye Jugoslavia byggast opp som ein føderasjon. I mars 1945 blei det oppretta ei provisorisk regjering for «det demokratiske føderative Jugoslavia» med Tito som statsminister. Blant regjeringsmedlemmene var det også rojalistiske politikarar. I november 1945 vart det halde val på konstitusjonsforsamling. Alle kandidatane på den offisielle vallista høyrde til den kommunistdominerte folkefronten. Forsamlinga vedtok å avskaffe kongedømmet. I januar 1945 blei det ved-

22 JUGOLAND

tatt grunnlov for «den føderale folkerepublikken Jugoslavia», som skulle ha seks delrepublikkar. Makedonarar, montenegrinarar og bosniske muslimar (bosniakar) fekk status som eigne etniske grupper, i tillegg til serbarar, kroatar og slovenarar.

Posisjonen under krigen gjorde Tito til den sjølvsagte leiaren i det nye Jugoslavia. Han var statsminister fram til 1963. I perioden 1945–53 var han også forsvarsminister. Frå 1953 til sin død i 1980 var han president. Som leiar av den nasjonale jugoslaviske hæren hadde han tittelen marskalk. Både internasjonalt og heime blei mannen Tito og republikken Jugoslavia uløyseleg samanknytte.

Grunnloven av 1946 fekk ikkje noko langt liv. I pakt med endringar i den kommunistiske ideologien i Jugoslavia kom det fleire gonger ny grunnlov. Den neste, som kom i 1953, la opp til ei viss liberalisering og desentralisering av makt. Loven av 1963 lanserte utstrekt arbeidarstyre som eit berande samfunnsprinsipp. Den siste grunnloven kom i 1974 og innebar forsterka desentralisering med maktoverføring til delrepublikkane og dei to serbiske provinsane Kosovo og Vojvodina.4

Dei første åra skilde den jugoslaviske folkerepublikken seg lite frå andre austeuropeiske statar. Grunnloven av 1946 var påfallande lik den sovjetiske frå 1936. Ideologien og retorikken i det jugoslaviske kommunistpartiet var prega av klassisk marxisme. Stalin blei hylla som eit forbilde. Organisasjonen Kominform for kommunistiske land fekk sitt hovudkontor i Beograd. Men noko ulma under overflata, noko som skulle få dramatiske følger for utviklinga i Jugoslavia og for landet sitt tilhøve til omverda.

Alt under krigen var der knutar på tråden mellom dei jugoslaviske kommunistane og dei sovjetiske. Stalin hadde ikkje stor sans for geriljakrigføringa til partisanane, og han syntest Tito oppførte seg eigenmektig. Våpenhjelp som var førespegla frå Sovjet, kom ikkje fram eller vart forsinka. Etter krigen blei det utarbeidd ein jugo-

KRISTIAN HAGESTAD 23

slavisk rapport om overgrep mot sivile frå den raude hæren under felttoget mot Beograd, noko som utløyste harme i Moskva. Tito hadde dessutan ei haldning til den greske borgarkrigen frå 1946, som avveik frå den sovjetiske. Truleg syntest Stalin også at Tito rett og slett var blitt for populær, ikkje berre i eige land, han vart også hylla av store folkemassar ved besøk i andre austeuropeiske statar.5 Første halvår 1948 blei det open konflikt. Sovjet-leiinga sendte fleire brev til Beograd med ei lang rekke klagemål. I juni kom klimakset. På møte i Kominform blei Jugoslavia ekskludert og fordømt for ideologiske avvik, nasjonalisme og fiendskap mot Sovjetunionen. Tito tok månaden etter til motmæle i ein ni timar lang tale på kongressen for det jugoslaviske kommunistpartiet, som vart direktesendt på radio.5

Komintern-landa sitt brott med Jugoslavia blei følgt opp av ein økonomisk boikott, som ramma landet hardt og tvang fram ei internasjonal nyorientering. I Vesten blei konflikten tolka som eit ideologisk opprør frå jugoslavisk side og ein kamp for sjølvstende. I september 1949 hadde det amerikanske magasinet Life ei framside med bilde av Tito og informasjon om intervju med «Mannen som utfordra Kreml».5,6 Frå 1949 fekk Jugoslavia omfattande økonomisk støtte frå USA og andre vestlege land.

Tito avviste invitasjonar om å knytte seg politisk til Vesten. I staden stod han fram som talsperson og symbol for ein tredje veg i internasjonal politikk, eit alternativ til valet mellom kommunistblokken og vestmaktene. I 1961 fann den første konferansen for alliansefrie land stad i Beograd. Tito var i perioden 1961–64 leiar og fremste talsperson for denne gruppa av statar, og Jugoslavias sterke internasjonale posisjon blei konsolidert.

På heimebane har Tito vore karakterisert som «folkets diktator». Landet var ganske riktig eit diktatur, men det var «smidig og intelligent», som Thorvald Stoltenberg seinare uttrykte det. Folk hadde

24 JUGOLAND

større personleg fridom og betre levekår enn i andre austeuropeiske land. Tito makta også å halde nede dei etniske motsetningane som låg latente i folkedjupet.7

Bilen Zastrava 750, basert på Fiat 600, blei produsert på lisens i Jugoslavia frå 1962. Den vart «folkevogna» i landet på 1960- og 70-talet og eit symbol på velstandsutviklinga i samfunnet.

KRISTIAN HAGESTAD 25

STARTEN PÅ SLUTTEN Tito var etter grunnloven president på livstid. Ingen kandidat stod klar til å overta da han døydde i 1980. Tvert om var det fastsett at når Tito var borte, skulle presidentfunksjonen gå over til eit presidentskap, der leiarskapet årleg roterte mellom dei ni medlemmene; ein frå kvar delrepublikk og provinsane i Serbia, samt leiar av det jugoslaviske kommunistpartiet. Systemet viste seg lite effektivt og førte til vegring mot å ta avgjerder, og det var slett ikkje kva landet trengte på den tida. Situasjonen tilsa tvert om behov for godt leiarskap.

Tiåret etter Titos død skulle bli sluttfasen for det andre Jugoslavia, den sosialistiske føderale republikken. Det er skrive mange artiklar, avhandlingar og bøker om årsaker til samanbrottet.8 Faktorar som er nemnde, spenner over eit vidt spekter. Reaktivering av eldgammalt hat mellom ulike folkegrupper er ofte trekt fram. Vel ein den innfallsvinkelen, blir spørsmålet kvifor dette skulle skje just da. Eitt spor er den oppblomstringa av nasjonalistiske stemningar som skjedde i alle delrepublikkane. Samstundes auka spenninga mellom albanarar og serbarar i Kosovo.

Eit anna sentralt moment er den økonomiske situasjonen, som utvikla seg frå vondt til verre. Produksjon og eksport fall, arbeidsløysa steig. Store lån som var tatt opp på 1970-talet, forverra tilstanden. Dei fattige delrepublikkane og Kosovo-provinsen i sør var misnøgde med reduserte overføringar frå sentralt nivå. Slovenia og Kroatia i nord var leie av å subsidiere dei som ikkje kunne klare seg sjølve.

Dei dramatiske omveltingane i Aust-Europa etter fallet av Berlin-muren i 1989 påverka også Jugoslavia. Det politiske monopolet til kommunistpartiet blei utfordra. I løpet av 1990 vart det gjennomført val med fleirpartisystem i alle dei seks delrepublikkane. Bortsett frå i Montenegro og Serbia stod ikkje-kommunistiske, na-

26 JUGOLAND

sjonalistiske parti att som vinnarar. I 1991–92 blei føderalstaten sprengt. Korleis oppløysingsprosessen kom til å arte seg, kva humanitære og militære konsekvensar som oppstod, er nærare omtalt i kapitla om dei nye landa som er komne til.

Eg hugsar ein filmsnutt frå mars 1990 for promotering av Jugoslavia som turistmål. Medan vakre bilde av landskap, bygningar og folk skiftar raskt, taler ei smektande kvinnestemme. Opningsorda er: «Kan du førestille deg eit land?» Så følger omtale av alle dei kvalitetane landet skal ha: Byar frå eldgamle tider, krystallklart vatn, lang og turbulent historie, seks republikkar og to autonome provinsar, fem offisielle språk, religiøst mangfald med katolikkar, ortodokse og muslimar. Så kjem avslutninga: «Dette er ikkje noko fantasiland. Det er Jugoslavia!» Filmen trefte noko i meg. Det var jo just desse kvalitetane som hadde fått meg til å bli glad i Jugoslavia. Men i løpet av eit par år etter at filmen blei sluppen, skulle det bli krig mellom folk frå dei tre ulike religiøse gruppene. Og to av dei aller vakraste gamle byane – Dubrovnik og Sarajevo – skulle bli omleira og bombarderte. Til mi overrasking fann eg nyleg at filmen den dag i dag er tilgjengeleg på YouTube.9

DET TREDJE JUGOSLAVIA Da dei fire andre delrepublikkane hadde forlate den føderale republikken i 1991, stod berre Serbia og Montenegro tilbake. Namnet Jugoslavia fekk likevel leve nokre år til. Ved ei folkeavstemming i Montenegro i 1992 vart det klart fleirtal for framleis å vere knytt til Serbia i det som nå blei heitande den føderale republikken Jugoslavia, uoffisielt ofte omtalt som «rest-Jugoslavia». I 2003 var det

KRISTIAN HAGESTAD 27

endeleg slutt for Jugoslavia-nemninga. Forholdet mellom dei to einingane skulle nå vere ein lauseleg union av suverene statar. For å markere dette blei namnet på fellesskapet enkelt og greitt fastsett til Serbia og Montenegro. Etter 85 år forsvann det geografiske og statsrettslege omgrepet Jugoslavia ut av soga.

1. Resic S. Jugoslaviens undergång. Lund: Historiska

Media, 2018: s. 18–21. 2. Kumm B. Tito – Folkets diktator. Lund: Historiska Media, 2009: s. 113–14. 3. Tomasevich J. War and Revolution in Yugoslavia: 1941–1945. Redford City: Stanford University Press, 2001. 4. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 215 5. Kumm B. Tito – Folkets diktator. Lund: Historiska Media, 2009: s. 156–65. 6. Exclusive Visit to Man who Defied Kremelin. Life, 12.09.1949. 7. Stoltenberg T. Det handler om mennesker. Oslo: Gyldendal, 2001: s. 69–77. 8. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –

Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:

Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 13–15. 9. Yugoslavia Tourist Film, 1990 – YouTube

28 JUGOLAND

This article is from: