7 minute read

Jugo-nostalgi og Jugoland – draumen om landet som var

Jag längtar till landet som icke är.

Edith Södergran1

Advertisement

Oppheld ein seg i Sarajevo ei tid, kan ein vanskeleg unngå å stifte kjennskap med retro-musikken frå Radio Stari Grad («Radio gamlebyen»). Den strøymer ut frå opne vindauge; du møter den på marknaden, fortauskaféen og i bakeriet. Mange av låtane er frå før 1990-talet. Godt vaksne folk nynnar med og minnest ei anna tid og eit anna samfunn.

For nokre år sidan slang eg innom ein brukthandel ved basarkvarteret i Sarajevo. Innehavaren, ein eldre mann med dårlege bein, sat på ein stol midt i si kaotiske samling av alt frå kunst til kjøkkenreiskapar, medan tonane frå Radio Stari Grad surra i bakgrunnen. Eg var i handlemodus, og valet fall på ein liten byste av Tito. Mannen lyste opp i eit smil. Med ærefrykt og vemod fann han fram silkepapir for varsam innpakking av klenodiet. Kroppsspråket fortalte tydeleg at landsfaderen var sakna. Same kveld hadde eg middag på Restoran Višegrad, ikkje så mange steg frå brukthandelen. Der trefte eg også på Tito. På veggen hang ein stor bronseplakett med portrett av den gamle høvdingen, som såg ut til å halde nøye oppsyn med oppførsel og stemning hos både gjestar og servitørar.

KRISTIAN HAGESTAD 37

La oss gjere eit sprang frå hovudstaden i Bosnia-Hercegovina til Subotica nord i Serbia. Da forfattaren besøkte den byen i 2001, høyrde den ennå til i det sterkt innkrympa landet Jugoslavia. To år seinare blei «rest-Jugoslavia» omdøypt til Serbia og Montenegro. Da skjedde det noko i Subotica. Byborgaren Blaško Gabrić ville ikkje sitte stille og sjå på at ordet Jugoslavia forsvann ut av soga. Eit hageområde på 35 mål blei omdøypt til «Jugoland» og gjort til eit Jugoslavia i miniatyr.2 I Jugoland får det jugoslaviske flagget med den raude kommuniststjerna vaie i vinden. Den gamle nasjonalsongen og annan jugoslavisk musikk tonar frå høgtalaren. Museum, plakatar, bilde og t-skjorter viser livet i det gamle Jugoslavia. Her kan ein jamvel kjøpe jugoslavisk «statsborgarskap», som rett nok berre gjeld inne i parken. Delar av geografien i Jugoslavia er gjenskapt; ein haug på 20 meter illustrerer fjellet Triglav (2864 m.o.h.), som nå høyrer til Slovenia. Dei store høgtidsdagane frå Jugoslavia-perioden blir markerte med stor festivitas i Jugoland; arbeidardagen 1. mai, Titos offisielle fødselsdag 25. mai og republikkdagen 29. november. Folk strøymer til feiringa frå heile eks-Jugoslavia.

Hoppar vi sørover til den serbiske hovudstaden Beograd, kan vi ta inn på det museale gjestehuset Jugodom, der alt av innreiing, inventar, kunst og andre gjenstandar er frå Jugoslavia 1960–80. Skal vi gå ut om kvelden, kan kursen settast mot vertshuset Pavle Korcagin, som tar gjestane tilbake til Tito-epoken. Medan orkesteret spelar tradisjonelle serbiske songar, kan ein studere veggane, som er fylte med portrett av landsfaderen, propagandaplakatar og flagg.

I Kroatia er den vesle landsbyen Kumrovec blitt ein valfartsstad. Her blei Josip Broz Tito fødd i 1892, og mange vil besøke barndomsheimen til landsfaderen. I hovudstaden Zagreb gjer manufakturbedrifta Titos det godt med sal av plagg pryda med symbol

38 JUGOLAND

og slagord frå Jugoslavia-perioden. Bestseljaren har vore t-skjorter med den femkanta kommuniststjerna.

Slovenia, det første eks-jugoslaviske landet som blei medlem av EU, har sørga for at den kommunistiske stjerna til Jugoslavia kom inn i euro-systemet. I 2011 blei ein to-euro-mynt prega med Franc Rozman (1911–44), ein slovensk partisanhelt og -martyr.

Ein av dei store kinosuksessane i eks-Jugoslavia etter hundreårsskiftet er den multiprisvinnande dokumentarfilmen Cinema Komu-

Titos offisielle fødselsdag 25. mai, som også var ungdomsdagen i Jugoslavia, blir framleis markert ved statuen av landsfaderen i Beograd. Mange ber det raude skjerfet til den jugoslaviske ungdomsrørsla Pionerane. (Foto: N1 News, 2021)

KRISTIAN HAGESTAD 39

nisto frå 2010, som handlar om den ærerike jugoslaviske filmhistoria og om Titos glødande interesse for film.3

Desse glimta frå nokre av dei nye landa på Vest-Balkan illustrerer det som har fått namnet jugo-nostalgi; eit kulturelt, sosialt og psykologisk fenomen blant innbyggarar av det som tidlegare var Jugoslavia, med lengt etter det landet og samfunnet som ein gong var. Jugo-nostalgien er meir enn lettbeinte sentimentale kjensler for «gode, gamle dagar». Blir folk bedne om å konkretisere kva dei saknar frå epoken med føderalstaten, er sentrale stikkord økonomisk og sosial tryggleik, fri helsehjelp og utdanning, ferie, multikulturalisme og ein sterk internasjonal posisjon for landet. Slike element blir sette opp mot aktuelle utfordringar som konsekvensar av krigane på 1990-talet, økonomisk og politisk instabilitet, trong privatøkonomi, arbeidsløyse, auka sosiale skilnader, høge emigrasjonstal blant unge menneske, korrupsjon og kriminalitet.4

Det amerikanske instituttet Gallup World Poll utførte i 2016 ei meiningsmåling blant innbyggarar i dei sju statane frå det tidlegare Jugoslavia. Dei blei spurde om oppløysinga hadde vore bra eller skadeleg for landet deira. I fire av statane – Serbia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Nord-Makedonia – svarte eit klart fleirtal at avviklinga av Jugoslavia hadde gjort skade. På topp låg Serbia og Bosnia-Hercegovina. I Serbia var 81 prosent negative og berre fire prosent positive. I Slovenia var det ikkje klart fleirtal for nokon av dei to alternativa. Berre i Kroatia og Kosovo var majoriteten positiv til oppløysinga av Jugoslavia; Kosovo fekk ikkje uventa det høgaste talet på bra-sida, 75 prosent.5

I undersøkinga var negativ haldning til avvikling av Jugoslavia mest utbreidd blant personar over 55 år. Dette er tolka slik at oppfatninga vil døy ut med den eldre generasjonen. Den slutninga kan vere gjort for raskt. Mi erfaring er at mange yngre menneske mei-

40 JUGOLAND

ner foreldre eller besteforeldre levde i eit betre samfunn enn dei sjølve. Og samanliknar ein tal frå Gallup World Poll med ei liknande meiningsmåling frå det kroatiske byrået Ipsos i 2011, ser det ut til at prosenttalet for misnøye med oppløysing av Jugoslavia auka i perioden 2011–16.6

Jugo-nostalgien er meir enn eit Balkan-fenomen. Ifølge ein artikkel i Balkan Insight i 2020 er den høgst levande blant mange med jugoslavisk opphav i andre europeiske land. Det Jugoslavia som var, er ikkje berre knytt til minne om ei svunnen tid, men også til idéar om kva samfunn dei kunne ønske å leve i. Tito blir sett på som ein visjonær leiar av ein hybrid-sosialistisk stat prega av einskap, solidaritet, antifascisme, internasjonalisme, bror- og søsterskap. Den etniske nasjonalismen er svak eller fråverande. Mange definerer seg som jugoslavar, ikkje som serbarar, kroatar eller medlemmer av ei av dei andre folkegruppene i det tapte fedrelandet. Ein ung arkitekt, som hadde bilde av Tito på kontoret sitt i Berlin, fortalte at det jugoslaviske flagget med den raude stjerna var det einaste nasjonalsymbolet han kunne identifisere seg med.7

I 2020 hadde eg gleda av å høyre og sjå eit Oslo-kor med namnet BalkanNord opptre i konserthuset. Songgleda blant dei unge medlemmene var stor. Repertoaret spente vidt; geografisk dekte det både ulike delar av tidlegare Jugoslavia og andre land i Søraust-Europa. Koret bestod av profesjonelle musikarar med bakgrunn frå Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina.

Hausten 2019 utløyste eit foto frå ein supermarknad i Hamburg vid spreiing og mange kommentarar på sosiale medium om fellesskap mellom folk frå det tidlegare Jugoslavia. Bildet viste eit stort skilt med teksten «Ex Jugoslawien» over ein hylledisk med rikhaldig ut-

KRISTIAN HAGESTAD 41

val av søte kaker og andre godsaker. «Når du seier ’vårt’ her, meiner du ikkje oss eller dei, kristendom eller islam, ein spesiell nasjonalitet; men alle av oss», heitte det i ein av kommentarane.8

«Jugoland» er ikkje berre nokre mål jord i ein by nord i Serbia. Omgrepet er også eit ikkje-fysisk fenomen. Jugoland er ikkje berre eit minne om ein stat som var. Det er meir ein idé og ei inspirasjonskjelde for eit samfunn med solidaritet på tvers av skiljeliner; ein fellesskap som ikkje er basert på republikkgrenser, etnisitet, sjåvinistisk nasjonalisme eller religion.

1. Södergran E. Landet som icke är – Posthume dikt.

Borgå: Schildts förlag, 1925. 2. Ledjenac M, Zivanovic M, Krstic E. Where the Former Socialist Federation Still “Exists”. Balkan Insight, 01.05.2018. 3. Dérens J-A. Jugonostalgi. Le Monde diplomatique, norsk utgåve; september 2011: s. 16–17. 4. “Nobody asked people if they wanted Yugoslavia to break up”. www.b92.net/eng , 29.11.2017. 5. Keating E, Ritter Z. Many in Balkans Still See More

Harm from Yugoslavia Breakup. Gallup News World, 18.05.2017. https://news.gallup.com/poll/210866/ balkans-harm-yugoslavia-breakup.aspx 6. Milekic S. Rise of Yugo-Nostalgia “Reflects Contemporary Problems”. Balkan Insight, 14.03.2017. 7. Balunovic F. “Living Yugoslavia”: Past Identity Becomes Present Political Statement. Balkan Insight, 10.09.2020. 8. Yugoslavs in Diaspora do not separate! Sarajevo Times, 24.11.2019.

42 JUGOLAND

Bosnia-Hercegovina

Basar-kvarteret i Sarajevo – eit lite stykke Orienten i Europa.

KRISTIAN HAGESTAD 43

This article is from: