7 minute read

Eit land av kjærleiksglød og hat

Inovella «Et brev fra 1920», skriven av den bosniske (og jugoslaviske) forfattaren Ivo Andrić, omtaler hovudpersonen – ein ung lege frå Sarajevo – heimlandet sitt på følgande vis:

Bosnia er hatets og fryktens land (…) Og som en merkelig kontrast, (…) kan en med like stor rett si der er få land hvor der er så megen fasthet i troen, så megen opphøyet karakterstyrke, så megen ømhet og kjærlighetsglød (…). Men dypt under alt dette, ligger der lagret stormer, hele orkaner av oppdemmet hat, som er i ferd med å modnes og bare venter på det rette øyeblikk for å bryte ut.1

Advertisement

For meg gjer det vondt i sjela å lese om kva diagnose legen har stilt. Bosnia-Hercegovina har ein særskilt plass i hjartet mitt. Eg har opplevd at landet, som sjølv har hjarte-form på kartet, har så mange kvalitetar. Naturperlene er talrike. Idylliske byar og lokalsamfunn tar vel imot ein gjest utanfrå. Ein rik kultur og arkitektur avspeglar både det etnisk-religiøse mangfaldet og den samansette fortida. Men, eg veit også så altfor godt at der er eit men med Bosnia-Hercegovina. Gjennom historia står landet fram med eit janusansikt, den eine sida er sjarmerande og lys, den andre dyster og mørk.

I lange periodar har den lyse sida dominert. Bosnia har vore eit bruhovud mellom aust og vest, mellom Europa og Orienten. Ulike etniske grupper og religionar har levd i fredeleg sameksistens. Det

44 JUGOLAND

har eksistert kontaktliner mellom moskéen, den serbisk-ortodokse katedralen, den romersk-katolske kyrkja og synagoga. Saman klarte dei ofte å handtere både lokale spenningar og press frå stormakter med kryssande interesser. Men så til tider brast det nokre demningar, og den mørke sida overtok arenaen.

TO VERDSKRIGAR Grunnlaget for den dystre innsikta til legen i novella var opplevingar under første verdskrig. Den mørke sida av janusansiktet hadde dukka klart fram under krigen 1914–18. Serbisk-nasjonalistiske tsjetnik-grupper gjekk hausten 1914 til åtak på muslimar i Aust-Bosnia. Frå andre sida blei muslimskdominerte vernegrupper («Schutzkorps») sette inn mot den serbiske befolkninga. Styresmaktene frå Austerrike-Ungarn oppmoda også til antiserbiske opptøyar i Sarajevo og andre byar. Om lag 5500 framståande serbarar blei arresterte, cirka ein tredel av desse døydde i fangenskap, og 460 blei avretta.2,3

Under den neste verdskrigen kom nattsida enda meir grelt til synes. Bosnia-Hercegovina var del av «Fristaten Kroatia», styrt av fascistorganisasjonen Ustasja, som dreiv masseutrydding av serbarar, jødar og rom-folk. Det er anslått at meir enn 200 000 (nesten 17 prosent) av bosniske serbarar blei drepne, ofte på bestialsk vis. Andre av dei blei fordrivne til Serbia. Av dei 14 000 jødane i landet døydde om lag 12000. Bosniakar og kroatar i Bosnia-Hercegovina hadde også store tap, ca. 70 000 i kvar gruppe. Dei serbisk-nasjonalistiske og rojalistiske tsjetnikane stod bak ein vesentleg del av dødstala for bosniakane.4,5

Fristaten Kroatia hadde muslimsk visepresident. Det blei drøymt om ein sjølvstendig muslimsk-bosnisk stat eller ein kroatisk-muslimsk forbundsstat. Sjefen for dei tyske SS-styrkane, Heinrich Himmler, meinte islam med sine lovnader om paradis til dei som fell i kamp, var ein praktisk religion for soldatar. Det blei oppretta SS-di-

KRISTIAN HAGESTAD 45

Nobelprisvinnar Ivo Andrić skreiv romanen «Brua over Drina» om brua ved byen Višegrad, som stod ferdig 1571.

visjonar av bosniske muslimar. Den seinare bosniak-presidenten Alija Izetbegović blei etter andre verdskrig dømt til fengselsstraff for medlemskap i ei nasjonalistisk-muslimsk gruppe, som skal ha oppmuntra trusfellar til å verve seg for SS.6,7

BORGARKRIG 1992–95 Den neste – og så langt siste – mørkefasen kom under borgarkrigen knytt til oppløysinga av Jugoslavia. Ulikt dei andre delrepublikkane hadde Bosnia-Hercegovina inga dominerande etnisk gruppe. Ved folketeljinga i 1991 blei 44 prosent registrerte som muslimar, 31

46 JUGOLAND

prosent som serbarar, 17 prosent som kroatar. Dette kan vere éin nøkkel til å forstå kvifor borgarkrigen der blei den mest brutale av konfliktane knytte til oppløysinga av Jugoslavia.

Før det første frie valet i Bosnia-Hercegovina i november 1990 vart det oppretta eitt nasjonalistisk parti for kvar av dei tre gruppene. Desse gjekk saman i ein koalisjon for å vinne over kommunistpartiet, noko dei klarte til gagns. Deretter var det snart slutt på samarbeidet. I oktober 1991 vedtok bosniakane og kroatane i parlamentet ei fråsegn om folkeavrøysting om sjølvstende for Bosnia-Hercegovina. Serbarane svarte med å opprette si eiga forsamling og skuggeregjering. Fleire grupper av serbiskdominerte kommunar hadde allereie erklært seg som autonome område. I november etablerte også kroatane sine utbrytarområde.

I månadsskiftet februar–mars 1992 vart det avvikla ei folkeavstemming om sjølvstende. Serbarane boikotta denne. Resultatet blei eit ja-fleirtal på over 99 prosent. Den 6. april godkjente EU-landa den nye staten. Same dag var det demonstrasjonar i Sarajevo, som slutta med skyting og drap. Deretter gjekk utviklinga raskt. Sarajevo blei omleira, og snart var det full borgarkrig i landet. Dels kjempa kvar av dei tre gruppene mot dei to andre, dels slost muslimar og kroatar saman mot serbarane. Resultatet da krigen tok slutt, var at hundre tusen menneske hadde mista livet. Nær halve befolkninga hadde flykta frå heimane sine. Minst 20 000 kvinner var valdtekne.

Omleiringa av Sarajevo varte heilt til utgangen av februar 1996 og gjekk inn i soga som den mest langvarige i moderne krigshistorie. Om lag 14000 menneske i byen miste livet, derav 1600 barn. 50000 vart såra.

Serbarane stod for dei verste handlingane under krigen, med massakren av 8000 bosniakar i Srebrenica som det groteske klimakset; sjå eige kapittel om dette. Det høyrer med til heilskapsbildet at også kroatar og bosniakar stod for overgrep og krigsforbrytingar mot

KRISTIAN HAGESTAD 47

kvar av dei to andre gruppene. Etter som dette aspektet har fått mindre merksemd, tar vi med ei kort eksempelsamling: - September 1992: 81 sivile serbarar på flukt frå landsbyen Donji

Vakuf blir drepne av kroatiske styrkar. Ingen er hittil straffa for ugjerninga.8 - Juli 1992: 69 serbarar blir drepne av bosniakar i landsbyen

Zalasje nær Srebrenica. Ingen er hittil straffa.9 - April 1993: Om lag 120 sivile bosniakar – derunder 11 barn – i landsbyen Ahmeći blir drepne av kroatar.10 - September 1993: 27 sivile kroatar, derunder kvinner og barn, blir drepne av bosniakar i landsbyen Uzdol.11 - Juli–september 1995: Minst 55 bosnisk-serbiske soldatar, som er tatt til fange, blir drepne av mudjahedinsoldatar i den bosniske armeen. Fleire av fangane blir halshogde.12 - 1992: I området ved Konjic – mellom Sarajevo og Mostar – blir serbarar av bosniakske og kroatiske styrkar utsette for mord, internering, valdtekter, tortur og anna mishandling. Det blir sett fyr på eigedommar og den ortodokse kyrkja. Før krigen budde det over 6000 serbarar i området, i dag er talet om lag 300.13

I 2010 blei ein mann frå Bosnia-Hercegovina dømt i Noreg for krigsforbrytingar, den første dommen i ei slik sak her i landet sidan rettsoppgjeret etter andre verdskrigen. Rollefordelinga i saka illustrerer det kompliserte forholdet mellom dei tre hovudgruppene under borgarkrigen. Mannen som blei dømt, var bosniak, men han arbeidde i 1992 for kroatar i ein fangeleir for serbarar.14

Eg er glad i den lyse sida av Bosnia-Hercegovina, men overgangen mellom den lyse og den mørke kan vere glidande. I 2007 var eg for første gong i Višegrad i Republika Srpska. Eg var på utkikk etter ein stad å overnatte og hadde fått

48 JUGOLAND

tips om Vilina Vlas, ein idyllisk stad på ein ås litt utanfor byen. Der blei eg tatt hjarteleg imot av resepsjonsdama, som beklaga sterkt at denne helga hadde dei ikkje ledige rom. Seinare fann eg ut at femten år tidlegare brukte paramilitære serbiske tsjetnikar – med støtte frå lokale styresmakter – staden som kombinert fangeleir, torturstad og tvangsbordell med bosniakske kvinner. Nå lever etablissementet vidare som eit fredeleg hotell og spa-senter.

1. Andrić I. Fortellinger fra Bosnia. Oslo: Solum forlag 1993: s. 158–73. 2. Banac I. The National Question in Yugoslavia: Orgins,

History, Politics. New York: Cornell University Press, 1984: s. 367. 3. Velkonja M. Separation and Political Intolerance in Bosnia-Herzegovina. College Station: Texas A&M University Press, 2003: s. 141. 4. Hoare, M A. Genocide and Resistance in Hitler›s

Bosnia: The Partisans and the Chetniks 1941–1943.

New York: Oxford University Press, 2006: s. 13. 5. Rogel, C. The Breakup of Yugoslavia and the War in

Bosnia. Santa Barbara: Greenwood Publishing Group, 1998: s. 48. 6. Trigg J. Hitlers hellige krigere – muslimske frivillige i

Waffen–SS. Oslo: Vega forlag, 2013. 7. Andenæs U. Hitlers hellige krigere. Aftenposten Kultur, 28.04.2013: s. 2–3. 8. Trifkovic M. Forgotten Victims: Bosnian Serb Refugee Convoy Ambushed While Fleeing. Balkan Insight, 09.11.2020. 9. 28 Years have passed since Killings of Serbs on St.

Peter’s Day in 1992 near Srebrenica. Sarajevo Times, 12.07.2020. 10. Mojzes P. Balkan Genocides: Holocaust and Ethnic

Cleansing in the 20th Century. London: Rowman & Littlefield Publishers, 2011: s. 174. 11. Dizdarevic E, Husaric A. Bosnian Army Battalion Commander Jailed over Killings of Croats. Balkan Insight, 04.06.2021. 12. Kuloglija N, Tausan M. Bosnian Army Ex-Commander

Convicted of War Crimes. Balkan Insight, 22.01.2021. 13. Muslimovic A. Bosnia Tries Ex-Fighters for Crimes

Against Humanity in Konjic. Balkan Insight, 08.05.2020. 14. Staude T. Krigsforbryter dømt til fengsel. NRK, 13.04.2010.

KRISTIAN HAGESTAD 49

This article is from: