7 minute read

Ein dysfunksjonell stat

Både før og under borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina 1992–95 blei fleire fredsplanar lanserte, men alle blei etter tur forkasta. Dei mislykka forsøka på å stanse krigen stod fram som kjempenederlag for FN og – ikkje minst – for EU, som i 1991 hadde gjort klart at Jugoslavia-konfliktane var ei oppgåve for Europa, ikkje for USA. Hausten 1995 sette USA seg likevel i førarsetet for å stanse krigen. Forhandlingar starta i Dayton, Ohio den 1. november. Etter tre veker var ein avtale på plass og blei formelt signert i Paris 14. desember. Dayton-dokumentet fekk slutt på den blodigaste konflikten i Europa sidan andre verdskrig. Eit anna spørsmål er om den også var eigna som verktøy for harmonisk utvikling av ein ny stat. Prisen for å få slutt på den væpna konflikten var høg. Avtalen sementerte den etniske utreinskinga som hadde skjedd under krigen. Landet blei inndelt i to store einingar. Ein serbisk republikk mot aust og nord – Republika Srpska – fekk 49 prosent av arealet. Ein føderasjon – eit fornuftekteskap – av kroatar og bosniakar («muslimar») fekk andre halvdelen. Føderasjonen var stykka opp i kantonar; seks bosniakdominerte og fire med kroatisk majoritet. Nå bur 95 prosent av serbarane i Republika Srpska, 85 prosent av bosniakane i «sine» seks kantonar og to tredelar av kroatane i «sine» fire.1 Sarajevo er den offisielle hovudstaden for nasjonen, men dei bosniske serbarane har sin eigen hovudstad i Banja Luka, den nest største byen i landet.

Når eg har køyrt bil i Bosnia-Hercegovina, har den et-

Advertisement

50 JUGOLAND

nisk-geografiske oppdelinga bydd på visse overraskingar og utfordringar. Etter grensekryssing frå Serbia, Montenegro eller Kroatia til den bosnisk-serbiske delen, har eg ikkje funne noko skilt som fortel at eg er kommen til Bosnia-Hercegovina. Derimot står det ei svær tavle som ønsker velkommen til Republika Srpska. Dersom eg frå den serbiske republikken har villa finne vegen til Sarajevo (som høyrer til føderasjonsdelen av landet), har det ikkje alltid vore lett. For det første har eg stundom treft på skilt som berre har kyrilliske bokstavar. For det andre er den gjennomgåande merkinga gjerne retta mot Banja Luka, ikkje Sarajevo. Kjem eg undervegs innom ein kroatisk kanton i Føderasjonen, kan eg få ei kjensle av at dei fleste vegar fører mot Split i Kroatia.

Dayton-avtalen fastsette full rørslefridom i heile landet for alle innbyggarane. Kor vidt dette faktisk er ein realitet, varierer. Mørketala for etnisk motiverte overgrep er truleg høge.2 Hærverk mot religiøse symbol er ikkje noko ukjent fenomen. I 1999 kom det ein eigedomslov om tilbakeføring av husvære og eigedom til den som var sosial eigar i 1991. Loven har hatt effekt. Men kva hjelper det å få tilbake huset, dersom ein i praksis ikkje får kopla seg til straum og vatn? Eller dersom ingen arbeidsgivar i området vil tilsette ein? Dayton-avtalen gav samfunnet ein komplisert, kostbar og ineffektiv struktur med tre nivå i tillegg til kommunane. Parlament, regjering og president finst ikkje berre på nasjonalt nivå, men også i Republika Srpska og for Føderasjonen. Og ikkje nok med det; i tillegg har kvar kanton både regjering og folkevalt forsamling med lovgivande makt. På nasjonalt plan roterer presidentvervet mellom medlemmene av ein troika med éin person for kvar hovudfolkegruppe. Dei tre største partia er etnisk baserte; eitt serbisk, eitt

KRISTIAN HAGESTAD 51

bosniaksk og eitt kroatisk. Oppslutninga om politiske val er rundt 50 prosent. Politikarforakt er utbreidd og tiltrua til styresmaktene låg. Den offisielle nasjonaldagen for landet er 25. november, dagen for erklæringa om oppretting av «Folkerepublikken Bosnia-Hercegovina» i 1943. I Republika Srpska feirar dei ikkje 25. november, men 9. januar, dagen for erklæringa av den bosnisk-serbiske republikken i 1992.

Fredsavtalen innebar eit omfattande internasjonalt nærvære. Militært vart stabiliteten først sikra med NATO-soldatar, frå 2004 av ein mindre EU-styrke. Ein høgkommissær med mandat frå FN har vide fullmakter i økonomiske og politiske spørsmål. Han kan jamvel oppheve politiske vedtak og avsette folkevalde politikarar som bryt med Dayton-avtalen. I tillegg til dei tre «statsdannande folkegruppene» definerte avtalen 17 minoritetar. Den som høyrer til ei minoritetsgruppe, kan ikkje stille til val som president eller parlamentsmedlem på nasjonalt nivå. Einaste utveg vil vere å erklære seg som bosniak, serbar eller kroat. Tilsvarande gjeld personar som bur i «feil» del av landet, eksempelvis ein bosniak som lever i Republika Srpska. Den europeiske menneskerettsdomstolen avgjorde i 2009 at grunnloven her er i strid med kravet om vern mot diskriminering.3 Avgjerda er ikkje følgt opp med endring av lovverket.

I 2003 kom det ein lov om felles basisundervisning i grunnskolen. I praksis skjer det likevel i stor grad segregert undervisning. Eitt skolebygg har ofte «to skolar under same tak», men foreldre kan også sende barna til «sin» skole, sjølv om vegen er lang. I Republika Srpska er skolebøker og læreplanar tilpassa det som finst i Serbia. Kroatiske barn i Føderasjonen kan bli underviste etter læreplanar frå Kroatia. Ikkje alle barn lærer begge dei offisielle alfabeta. Soga om borgarkrigen blir presentert på tre ulike måtar. Skilnader i identitet og kultur, oppfatning av samfunn og historie blir slik førte vidare til nye generasjonar.4,5,6

52 JUGOLAND

Demografisk utvikling er eit alvorleg trugsmål mot stabiliteten og berekrafta til samfunnet. Folketalet er fallande, og befolkninga blir stadig meir alderstung. Fødselstala er låge, fruktbarheit for kvinner ligg under 1,3. I 2019 vart det registrert 10000 fleire dødsfall enn det var levandefødde barn. Emigrasjonen er omfattande, større enn i nokon annan av dei sju statane frå det tidlegare Jugoslavia. I 1991 blei det registrert 4,4 millionar innbyggarar i Bosnia-Hercegovina. Ved folketeljing i 2013 var det offisielle talet 3,5 millionar. Ei undersøking av arbeidskraft i 2018 viste at reelt folketal var 2,7 millionar. Blant dei som vandrar ut, er der overvekt av yngre personar med høgare utdanning; ikkje så rart når arbeidsløysa blant velutdanna unge (20–34 år) har vore nesten 50 prosent. På nettsida European Western Balkan kunne ein i 2020 lese at dersom trendane held fram, kan Bosnia-Hercegovina komme til å forsvinne som land.1,7,8

Etter krigen har verdssamfunnet sprøyta inn store økonomiske middel i landet. Det mest iaugefallande resultatet er nybygde og restaurerte moskear, finansierte frå muslimske land. Det er vanskelegare å sjå konkrete resultat av dei pengane Vesten har investert for å stimulere økonomisk og sosial utvikling. Noregs bidrag aleine er over tre milliardar kroner. Økonomien i landet er prega av stagnasjon og karikert nyliberalisme. Pengestraum frå Vesten kan ha bidratt til korrupsjon som eit omfattande samfunnsproblem.

Bosnia-Hercegovina har vore potensiell EU-kandidat sidan 2003 og søkte formelt om medlemskap i 2016. I befolkninga er det store forventningar til kva som kan skje om dei blir med i EU, men landet står langt frå først i køen av statar på Vest-Balkan. Til det finst der for mange manglar knytte til økonomi, sosialpolitikk, arbeidsliv, rettsvesen og tryggleik.9 Innan Føderasjonen av bosniakar og kroatar er der også ønske om medlemskap i NATO, men hittil har dei bosniske serbarane motsett seg konkrete initiativ i så måte.10 Bosniakske styresmakter har knytt nære band til den tyrkiske pre-

KRISTIAN HAGESTAD 53

sidenten Erdoğan. Ved eit besøk i Sarajevo i 2018 blei han tatt mot med stor begeistring, og kritiske røyster har spurt om bosniakane lengtar tilbake til det ottomanske riket.

Forslag om å endre Dayton-avtalen er blitt stansa av uvisse om kva som da kan skje. Republika Srpska har fleire gonger truga med å bryte ut og danne sin eigen stat, eventuelt knyte seg til Serbia. Kroatar i føderasjonen har ønske om eigen delrepublikk, eventuelt å knyte seg til Kroatia. Andre regionar og minoritetar på Balkan held nøye auge med kva som skjer med Bosnia-Hercegovina. Det internasjonale samfunnet fryktar at fikling med Dayton-systemet kan få konsekvensar for fleire postjugoslaviske land.

Dayton-avtalen – «made in America» – gjorde slutt på krigen, men har vist seg lite eigna som grunnmur for eit velfungerande samfunnsmaskineri og ein felles nasjonal identitet. Systemet kan tvert om ha hemma positiv politisk, sosial og økonomisk utvikling.

1. Fidanovski K, Grbavac V. What counts in Bosnia and

Herzegovina? European Western Balkan, 07.01.2020. 2. Lakic M. Hate crimes in BiH: Underrapported and rarely prosecuted. Balkan Insight, 26.04.2019. 3. Bosnia and Herzegovina: The “Sejdic-Finci” case.

European Parliament: At a glance, juni 2015. 4. Gøttske M., Boushnak L. Skoleres i segregering. Klassekampen, 20.02.2021: s. 16–19. 5. Lakic M. Bosnian Serb Schoolbooks to Teach Same

War History as Serbia. Balkan Insight, 22.07.2019. 6. Bukovica Gundersen S. Historieundervisning som erindringsarena: Brug af historie, sprog og religion til etnisk adskillelse og konstruktion af en umulighedsdiskurs i Bosnien-Hercegovina. København: Københavns Universitet, Det Humanistiske Fakultet, 2020. 7. Judah T. Bosnia Powerless to Halt Demographic Decline. Balkan Insight, 21.11.2019. 8. Bosnia registers 10,000 more Deaths than live Births for the First Time. Sarajevo Times, 03.12.2020. 9. Kovacevic D. Bosnia Leaves Gaps in Answers to EU

Questionnaire. Balkan Insight, 4.03.2019. 10. Krupalija R. Bosniak Leader: Bosnian Serbs Will Eventually Agree to Join NATO. Balkan Insight. 28.01.2020.

54 JUGOLAND

This article is from: