12 minute read
Srebrenica – før, under og etter katastrofen
Det eneste spørsmålet jeg ville like å stille alle vennene jeg har fått etter krigen, er om de husker hvor de befant seg den 11. juli 1995. Men jeg tør ikke.
Emir Suljagi, overlevande frå Srebrenica1
Advertisement
Før krigen 1992–95 hadde få menneske utanfor Bosnia-Hercegovina høyrt tale om Srebrenica, ein fredeleg stad i den vakre Drina-dalen aust i Bosnia. Namnet kjem frå ordet «srebro», som betyr sølv; i tidlegare tider var det nemleg sølvgruver i området. I dag er Srebrenica kjent over store delar av verda, ikkje på grunn av sølv, men for det største folkemordet i Europa sidan andre verdskrig. Massakrane i juli 1995 står i ei særklasse blant bestialske ugjerningar under krigen i Bosnia-Hercegovina.
OPPTAKTEN – KONSENTRASJONSLEIR UNDER OPEN HIMMEL Da krigen braut ut i april 1992, satsa dei bosniske serbarane på å gjere Aust-Bosnia til eit reint serbisk område. Styrkane deira rykka inn i ei rekke byar. Også Srebrenica kom under serbisk kontroll, men blei i mai tatt tilbake av bosniske muslimar (bosniakar). Dette vart starten på meir enn tre år som isolert enklave i ein serbiskdominert del av landet.
Før krigen hadde Srebrenica kommune om lag 37000 innbygga-
KRISTIAN HAGESTAD 55
rar, derav knapt 6000 i bysenteret med same namn. Tre firedelar av befolkninga var muslimar.2 Frå mai 1992 kom det titusenvis av flyktningar frå nærliggande område, som var erobra av dei bosniske serbarane. I første del av 1993 var folketalet i Srebrenica nær 70000. Sjølv om mange kvinner og barn etter kvart blei evakuerte av FNs høgkommissær for flyktningar, var det primo juli 1995 om lag 42000 menneske att i enklaven.
Levevilkåra i Srebrenica utvikla seg slik at staden blei omtalt som ein «konsentrasjonsleir under open himmel». 3 Bu-forholda var usle eller ikkje-eksisterande, tilgangen på mat og andre livsviktige varer var mangelfull og til tider kritisk vanskeleg. Folk døydde av svolt. Internasjonale hjelpesendingar kom fram med uregelmessige mellomrom, når lastebilar slapp gjennom dei serbiskkontrollerte områda, eller ved slepp frå fly. Staden mangla elektrisitet, og tilgangen til reint vatn var sterkt avgrensa. Når som helst kunne det komme skott, granatar eller bomber frå serbisk hald. Hospitalet mangla grunnleggande legemiddel, amputasjonar blei utførte utan bedøving.
Ei avdeling av den bosniske regjeringshæren blei oppretta i Srebrenica med utgangspunkt i ei lokal heimevernsgruppe. Våren 1992 kom den karismatiske 25-åringen Naser Orićinn sommilitær leiar, til dagleg berre omtalt som «sjefen». Han var oppvaksen i Srebrenica, men hadde tidleg gått inn i den jugoslaviske arméen, der han bl.a. tenestegjorde i Kosovo. Han skal ei tid også ha vore livvakt for Serbias president Slobodan Milošević.2
Internt i Srebrenica-samfunnet eksisterte det ei sterk rangordning, omtalt som ei «indre beleiring». Kontroll med mottak og lagring av hjelpesendingar gav den militære, politiske og administrative leiinga nødvendige forsyningar til seg og sine. Samarbeid med smuglarar, svartebørshandlarar og gamle kjenningar på den serbiske sida skapte rom for profitt. 4,5
56 JUGOLAND
Frå sommaren 1992 til januar 1993 blei det under leiing av Orić gjennomført nattlege «aksjonar» til serbiske landsbyar med plyndring, brannstifting og anna øydelegging, mishandling og drap. I desse raida kunne det delta opptil 1500 mann, gjerne ei blanding av militært personell og sivile.6 Iblant blei fangar tatt med tilbake til Srebrenica, der dei blei torturerte og stundom myrda. Den 7. januar 1993, medan serbarane feira ortodoks jul, blei landsbyen Kravica angripen. Resultatet var omfattande øydeleggingar og mange drepne.2
Frå serbisk side er det hevda at 3500 serbarar mista livet på grunn av dei muslimske militæraksjonane 1992–93.7 I ein stor nederlandsk rapport om Srebrenica er talet på drepne serbarar meir varsamt anslått til mellom 1000 og 1200, tal for såra personar er oppgitt til 3000.8 Den franske generalen Philippe Morillon, sjef for FN-styrkane i det tidlegare Jugoslavia (UNPROFOR) 1992–93, sa seinare at han frykta serbarane ville ta revansj og hemne sine døde. 9Det er neppe tilfeldig at mange av offera for folkemordet på menn frå Srebrenica i juli 1995 blei drepne i området nær Kravica.
Dei militære aksjonane førte til at eit større landområde for ei tid kom under kontroll av bosniske muslimar. På det meste hadde dei ein samanhengande korridor på ca. 65 km gjennom det serbiske Aust-Bosnia.6 I januar 1993 slo dei bosniske serbarane kraftig tilbake, og det muslimskkontrollerte området i og rundt Srebrenica krympa drastisk inn.
I april 1993 vedtok Tryggingsrådet i FN at Srebrenica skulle vere ei av seks «sikre soner» i Bosnia-Hercegovina. Vedtaket førte til utplassering av ein FN-styrke. Først kom det soldatar frå Canada. Seinare overtok 370 mann frå Nederland. Talet var langt mindre enn estimert behov. Mandatet var også uklart. FN-styrken prøvde å demilitarisere området ved å samle inn våpen. Berre ei mindre mengde defekte eller utdaterte våpen blei innleverte. FN fekk like-
KRISTIAN HAGESTAD 57
vel i stand ei lokal våpenkvile i mai 1993. Sjølv om den aldri blei fullt respektert, verken av serbarar eller muslimar, vart det relativt roleg i området i nesten to år.2,10
På ettervinteren 1995 auka kamphandlingane. På bosnisk-muslimsk side blei det førebudd ein operasjon for å binde saman dei to enklavane Srebrenica og Žepa. Samstundes planla dei bosniske serbarane ei kraftig opptrapping. I aukande grad blei humanitære konvoiar hindra i å nå fram til Srebrenica. Oppi alt dette blei den lokale hærsjefen Orić beordra til Sarajevo av bosniske styresmakter. «Sjefen» tok i april med seg eit dusin av sine næraste menn og vendte seinare ikkje tilbake.
KATASTROFEN Natt til 6. juli starta serbarane åtak på Srebrenica. Dei møtte liten motstand. FN-soldatane sette seg ikkje til motverje. Fem dagar seinare var byen erobra, og den bosnisk-serbiske hærsjefen, general Ratko Mladić, kunne stolt vandre gjennom gatene. Fleire tusen vettskremde innbyggarar samla seg utanfor hovudkvarteret til FN-styrken, fem kilometer nord for byen. Fleire hundre klarte å ta seg heilt inn på FNs område. Samtidig prøvde tusenvis av menn, derunder folk frå den lokale hæren, å flykte gjennom skogane; dei fleste i retning mot den regjeringskontrollerte byen Tuzla. Om kvelden møtte Mladić både leiaren for den nederlandske styrken og representantar for lokalbefolkninga. Den serbiske hærsjefen lova at ingen skulle bli drepne eller skadde, så sant dei ville samarbeide. Folk som hadde søkt tilflukt inne i hovudkvarteret til FN, måtte utleverast, bortsett frå lokalt personell som arbeidde for den nederlandske styrken. Dei neste dagane blei kvinner, jenter og gutebarn under seksten år sende med bussar til Tuzla. Menn og eldre gutar blei køyrde bort i lastebilar til ukjent mål og sin endelege lagnad. Løfta frå Mladić var tvers igjennom løgn og bedrag. Talet på of-
58 JUGOLAND
fer for masseavrettingar dei neste dagane er anslått til om lag 8000. Talet inkluderer både dei som var tatt inne i Srebrenica, og dei mange som blei fanga etter å ha flykta til skogs. Avrettingar skjedde på mange ulike stader. Dei drepne hamna i massegraver. Ein del av lika blei seinare flytta til nye stader.11
ETTERSPEL, ETTERTANKE, ETTERTID I ettertid har massakren i Srebenica utløyst mange diskusjonar, kritiske spørsmål og spekulasjonar. Kvifor kom åtaket just da? Kvifor prøvde ikkje FN-styrken å hindre det serbiske inntoget og bortføringa av mennene? Kvifor sette ikkje den bosniske hæren i Srebenica seg til motverje? Kvifor reagerte ikkje verdssamfunnet straks det kom informasjon om masseavrettingar? Kvifor var den lokale hærsjefen beordra vekk før åtaket kom? Eitt innlegg i denne diskusjonen er ein dokumentarfilm frå NRK frå 2011. I den blir det bl.a. hevda at den bosnisk-muslimske presidenten Alija Izetbegović bevisst ofra Srebrenica.12 Grunnen skulle dels vere ønske om landbytte med serbarane, dels tru på at serbiske massedrap ville presse NATO til militæraksjon. Filmen vekte kritikk og sterke reaksjonar.13 Den norske Helsingforskomité klaga programmet inn for Pressens faglege utval, der fleirtalet gav klagaren medhald på eitt punkt: Filmen var einsidig i kjeldebruken.14
I 2015 hadde den britiske avisa The Guardian ein kritisk gjennomgang av opptakten til katastrofen i Srebrenica. Fire poeng i artikkelen er særleg interessante: – Ein rapport til FNs tryggingsråd i 1993 advarte om ein potensiell massakre i Srebrenica på inntil 25 000 menneske. –President Izetbegović var innstilt på ågi opp enklaven som ein nødvendig pris for fred. – Storbritannia og USA visste seks veker før det serbiske åtaket at enklaven ville falle, men valte å ofre den på vegen mot ei fredsløysing. – Frå 13. juli blei massedrapa direkte observerte via amerikansk satellittovervaking.15
KRISTIAN HAGESTAD 59
I 2003 blei det opna eit senter med minnestad og gravfelt for døde etter Srebrenica-massakren, lokalisert nær staden der FN-styrken hadde hovudkvarteret sitt. Den 11. juli kvart år er det minnearrangement med jordfesting av offer som er identifiserte siste året. Da eg var på staden i 2010, var der stor aktivitet for klargjering av 775 nye graver. Leiting etter fleire offer og nitid rettsmedisinsk innsats for identifisering blir meir krevjande for kvart år som går. I juli 2020 blei det gravlagt ni nytilkomne. Totalt er leivningane til om lag 7000 personar identifiserte.
Både FNs internasjonale krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og den internasjonale folkerettsdomstolen i Haag (ICJ) har slått fast at det skjedde folkemord (genocid) i Srebrenica juli 1995. Frå bosnisk-serbisk side er det hevda at det som hende var ein nødvendig militær aksjon, og at bosniakane opererer med overdrivne tal for drepne. Milord Dodik, den politiske leiaren for dei bosniske serbarane, har karakterisert folkemordet som ein falsk myte.16 Regjeringa i Republika Srpska oppnemnte i 2019 ein internasjonal kommisjon, som skulle gi rapport om kva som «verkeleg» hende i Srebrenica.17
I Serbia derimot vedtok parlamentet i 2010 å fordømme brottsverka i Srebrenica og gi ei unnskyldning til dei etterlatne; rett nok utan å bruke ordet folkemord. Daverande statsminister og seinare president i Serbia, Aleksandar Vučić, møtte fram til minnestaden i Srebrenica i 2015 ved tjueårsmarkeringa for massakren. Han måtte forlate plassen, da han blei møtt med steinar frå folkemengda. I november same året var han tilbake, la ned ein krans og lova fem millionar euro til utviklingstiltak i Srebrenica.18
Både ICTY-domstolen i Haag og rettsinstansar i Serbia og Bosnia-Hercegovina har behandla saker mot personar som var involverte i brottsverk i Srebrenica. Per 2020 var det avsagt endeleg dom i 47 saker. Fire personar var da dømde til livsvarig fengsel. Dei
60 JUGOLAND
andre hadde til saman fått meir enn 700 år bak murane.19 Blant dei livstidsdømde var Radovan Karadžić, den bosnisk-serbiske presidenten 1992–95. Hærsjefen Mladić, som hadde anka sin livstidsdom, fekk anken forkasta i 2021.
To av «mødrene frå Srebrenica» på gravfeltet for offera.
KRISTIAN HAGESTAD 61
Orić, den lokale hærsjefen for bosniakane, blei i 2006 dømt av ICTY til to år i fengsel for indirekte skyld i drap på serbiske sivile, men frikjent etter anke, grunna sviktande bevis. I 2017–18 var han tiltalt i heimlandet for andre drap på sivile serbarar. På ny blei han frikjent, til stor jubel for frammøtte bosniakar, men til sterke reaksjonar frå serbisk hald.20
I 2002 blei det danna ein organisasjon med namn «Mødrene frå Srebrenica» for etterlatne til Srebrenica-offera. Ei hovudsak for dei er at ikkje berre enkeltpersonar, men også FN og Nederland må stillast rettsleg til ansvar. Fleire saker er reiste for nederlandske domstolar. Søksmål mot FN er avviste i alle rettsinstansar, ettersom verdsorganisasjonen har absolutt immunitet etter internasjonale konvensjonar. Erstatningskrav mot den nederlandske regjeringa gjekk til Høgsterett, der Nederland blei kjent ti prosent medskyldig i 350 av dødsfalla. Retten fann at personar som hadde søkt tilflukt i hovudkvarteret til FN-styrken, kanskje kunne vore redda dersom FN-soldatane hadde motsett seg utlevering. I 2020 nedsette regjeringa ein kommisjon som skulle fastsette rammene for erstatning. Sommaren 2021 blei det mogleg å sette fram erstatningskrav. «Mødrene» har på si side tatt saka inn for den europeiske menneskerettsdomstolen.21,22
Srebrenica-massakren blei opptakten til sluttfasen for krigen i Bosnia-Hercegovina. NATO iverksette i siste del av august bombing av bosnisk-serbiske stillingar. USA entra førarsetet i arbeidet for å få slutt på krigen. Etter tre veker med forhandlingar i Dayton i Ohio blei fredsavtalen underskriven. Den innebar bl.a. at Srebrenica skulle høyre til Republika Srpska, den serbiske delen av landet.
Folketalet i Srebrenica er nå drastisk redusert, og den etniske samansetninga av befolkninga er endra, samanlikna med det som var tilfellet før krigen. Ved folketeljinga i 2013 var innbyggartalet
62 JUGOLAND
i kommunen 13400. Seinare har det falle ytterlegare; i 2017 anslo ordføraren talet til rundt 7000. Fleirtalet var i 2013 framleis bosniakar, men deira del var redusert til 54 prosent, og inne i byen var serbarane i fleirtal. I 2016 fekk Srebrenica for første gong serbisk ordførar.23 I bykjernen er det kort avstand mellom den gjenreiste moskeen og den serbisk-ortodokse kyrkja, men spenninga mellom dei to folkegruppene ligg latent og kjem stundom opp til overflata, som da det vinteren 2020 dukka opp plakatar med hyllingsbilde av general Mladić og teksten «Der var ikkje noko folkemord».24
I 2020 – på FNs internasjonale fredsdag 21. september – blei det avduka eit fredsmonument i sentrum av Srebrenica. Motivet er nøytralt; leikande barn på ein jordklode, som er halden oppe av to kraftige nevar. Ordføraren understreka at det bevisst var utforma utan referanse til hendingane under krigen. Monumentet skal ikkje vere ein stad for nedlegging av minnekransar, men eit symbol for fred, sameksistens og tru på framtida.25 Framtida vil vise om intensjonen til ordføraren kan overleve i skuggen av dei harde historiske realitetane.
1. Suljagi E. Srebrenica – Notater fra et helvete. Oslo:
Cappelen Damm, 2010: s. 179. 2. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –
Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:
Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 228 – 33. 3. Muslimovic A, Rovcanin H. Srebrenica – Hell on Earth.
Balkan Insight, 10.07.2019. 4. Suljagi E. Srebrenica – Notater fra et helvete. Oslo:
Cappelen Damm, 2010: s. 36–38. 5. IBID: s. 146. 6. IBID: s. 66–71. 7. Kahrs K. Muslimer begikk grusomheter. Aftenposten, 23.07.2001: s. 5. 8. Srebrenica: Reconstruction, Background, Consequences and Analyses of the Fall of a “Safe” Area. Amsterdam: NIOD (Netherlands Institute for War Documentation), 2002: s. 716. 9. Tunander O. Spill med menneskeliv. Klassekampen, 16.05.2011: s. 16. 10. Suljagi E. Srebrenica – Notater fra et helvete. Oslo:
Cappelen Damm, 2010: s. 95–96.
KRISTIAN HAGESTAD 63
11. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –
Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:
Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 234–47. 12. Byen som kunne ofres. NRK Brennpunkt, 26.04.2011. 13. Borchgrevink Aa. NRK som historieforfalsker. Aftenposten Kultur, 30.04.2011: s. 10. 14. Huseby Jensen M. NRK fikk omfattende kritikk av PFU.
Journalisten, 20.10.2011. 15. Hartmann F, Vulliamy E. How Britain and the US decided to abandon Srebrenica to its fate. The Guardian, 04.07.2015. 16. BiH’s Presdidency Chairman accuses Bosniaks of Construction of Myth about Srebrenica. Sarajevo Times, 14.04.2019. 17. Republika Srpska appointed Israeli Historian to head the Commission on Crimes committed in Srebrenica.
Sarajevo Times, 08.02.2019. 18. Toè R. Serbian PM Pledges Cash to Rebuild Srebrenica. Balkan Insight, 11.11.2015. 19. Husaric A, Kuloglija N. Muted Commemoration to Mark
Srebrenica Genocide 25th Anniversary. Balkan Insight, 11.06.2020. 20. Muslimovic A. Bosnians Ethnically Divided Over Naser
Oric’s Acquittal. Balkan Insight, 30.11.2018. 21. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –
Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:
Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 249–51. 22. Brkanic D. “Mothers of Srebrenica” File Euro Court
Complaint Against Netherlands. Balkan Insight, 21.01.2020. 23. Spaic I. Srebrenica’s First Serb Mayor Tries to Escape the Past. Balkan Insight, 22.03.2017. 24. Posters of General Ratko Mladic all over Srebrenica.
Sarajevo Times, 11.01.2020. 25. Husaric A. New Srebrenica Peace Monument Sparks
Dispute in Bosnia. Balkan Insight, 21.09.2020.
64 JUGOLAND