![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
4 minute read
Snikskyttarane i Sarajevo
Våren 2001 var eg for første gong tilbake i Sarajevo etter krigen i Bosnia-Hercegovina. Fem år etter avslutninga av den 1425 dagar lange omleiringa var resultatet av bombardementet framleis skremmande tydeleg. Mange bygningar var skadde eller øydelagde. Min vert og kollega køyrde meg til restane av eit rekkehus vest for sentrum og fortalte at her budde han før krigen. Heile husrekka var nå eit tomt murskal med gapande hol.
På turen følgde vi hovudgata Zmaja od Bosne og passerte Hotel Holiday Inn, som var pussa opp etter krigsskadane. Ein opptakt til omleiringa av Sarajevo fann stad i dette området. Den 5. april 1992 gjekk det her eit demonstrasjonstog for bosnisk einskap med brodd mot dei nasjonalistiske politiske partia. Demonstrantar blei møtte av skott frå snikskyttarar i hotellet, der den bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadžić hadde mellombels hovudkvarter. Det har vore hevda at folk som sprang unna, møtte krysseld frå snikskyttarar som høyrde til bosnisk spesialpoliti.1 To kvinner blei drepne. Dagen etter var det nye demonstrasjonar med ny skyting, og seks blei drepne. Utviklinga vidare gjekk frå vondt til verre. Den 2. mai hadde serbarane kringsett byen.
Advertisement
Området nær Holiday Inn forblei ein farefull stad under heile krigen. Hovudgata her fekk tilnamnet snikskyttaralléen. Det kom opp varselskilt med teksten «Pazete sniper» – «Sjå opp for snikskyttarar». Ifølge FN blei 225 menneske drepne i dette området. Talet på skadde var over tusen.
KRISTIAN HAGESTAD 65
Målsettinga med kringsettinga og bombardementet av Sarajevo var å bryte ned infrastruktur og psykologisk motstandskraft. Granatar og bombekastarar gav mest massive skadar og kosta flest liv. Men dei mange snikskyttarane var minst like frykta. Medan det tunge skytset råka tilfeldige offer, dreiv snikskyttarane målretta avliving av enkeltpersonar éin for éin.
Både serbarane og regjeringssida hadde sine snikskyttarar. Måla for kulene omfatta langt meir enn soldatar på andre sida av fronten. Mødrer, barn og gamle blei offer for skarpskyttarar med kikkertsikte. Måla blei valte slik at drapa skapte mest mogleg belastning for dei overlevande. Offer kunne vere den svakaste i gruppa, den vakraste i jenteflokken, eller kjærasteparet Admira og Boško på veg over Vrbanja-brua.
«Eg kastar ikkje bort to kuler, når eg kan klare meg med éi. Drep eg barnet, øydelegg eg også mora», skal ein bosnisk-serbisk snikskyttar ha uttalt. Han var ikkje den einaste som skrytte av bedriftene sine. Ein nitten år gammal bosniak fortalte korleis han brukte å skyte frå det ramponerte regjeringsbygget mot bydelen Grbavica i søraust, som var under serbisk kontroll. Han nytta sivile offer som lokkemat for å få fram soldatar. Skaut han ei gammal dame, dukka det opp militært personell for å hjelpe henne, og så kunne han ekspedere nokon av dei.2
Ein radioreportasje under krigen presenterte den kvinnelege snikskyttaren med tilnamnet Strijela («pila»). Ho var knapt tjue år gammal og studerte journalistikk da krigen braut ut. Ettersom den unge studenten var kjent for å vere ein framifrå konkurranseskyttar, blei ho kalla inn til teneste for regjeringssida. Sjølv var ho bosnisk serbar, men ville delta i forsvaret av heimbyen sin.3
I romanen «Cellisten i Sarajevo» har Steven Galloway dikta vidare på soga til Strijela.4 Ein overordna bosniak vil teste lojaliteten hennar. Ho blir tatt med til den øydelagde toppetasjen i regjeringsbyg-
66 JUGOLAND
get for å vise kva ho duger til. Her får ho raskt ein serbisk soldat i siktet. Men nei, får ho vite, han skal ikkje skytast. Målet er ein gammal mann lengre opp i åsen. Ho nektar å lyde ordre. Dermed er lagnaden for romanfiguren fastsett. Forteljinga sluttar med at ho ei natt kort etter blir vekt av støveltramp i trappa opp til gøymestaden sin.
Snikskyttarane var i stor grad lokale folk. Ikkje sjeldan kjente dei personar som var blitt offer for skott frå andre sida; ein nabo, ein skolekamerat eller eit familiemedlem. Slike opplevingar verka som drivkraft til å svare med same mynt eller vel så det. «Skyt dei ein av våre, skyt vi ti av dei», uttalte ein av skyttarane.
I dag er det få eller ingen som skryt av prestasjonane sine som snikskyttar den gongen. Mange slit med mentale etterverknader. Den serbiske psykiateren Senadin Ljubičić har fortalt om alvorlege psykiske problem hos personar med fortid som skarpskyttarar i Sarajevo. Over tid er mange blitt heimsøkte av vonde draumar og indre bilde. Kjensle av skyld og skam kan verke lammande. Avisa Belgrade Insight fortalte i 2012 om «Predrag O», som tok livet sitt alt i år 2000. Av avskjedsbrevet gjekk det fram at han hadde drepe ei ni år gammal jente. Ei natt opplevde han at ho kom tilbake og spurte: «Kvifor gjorde du dette?» Seinare gjesta den uskyldige jenta han gong på gong.2
Talet på snikskyttarar som var aktive på dei to sidene under omleiringa, er ikkje kjent. Ingen har blitt dømde for handlingar dei utførte som snikskyttarar i Sarajevo. Juridiske og ballistiske ekspertar meiner det vil vere nesten umogleg å bevise at éin bestemt skyttar stod bak drapet på eitt bestemt offer. Like vanskeleg vil det vere å fastslå om den drepande kula kom frå ein snikskyttar eller var eit tilfeldig streifskott.
KRISTIAN HAGESTAD 67
1. Eriksen J-M, Stjernfelt F. Hatets anatomi (svensk utgåve). Stockholm: Ruin, 2004: s. 62. 2. Sorgu A. Legion of faceless Snipers escape their
Crimes. Belgrade Insight, 29.06.2012: s. 1 og 6. 3. Skarpskyttarar I Sarajevo. Sveriges Radio P1 Dokumentär, 10.06.2010. 4. Galloway S. Cellisten i Sarajevo. Oslo: Libretto forlag, 2009.
68 JUGOLAND