6 minute read

Danijela i Sarajevo – turistgaid og tidsvitne

Eg tenker: Det eg ikkje veit om gaiden Danijela, det er verdt å vite.1

Ipåska 2019 var eg reiseleiar for ei familiegruppe på tur til Sarajevo. For at alle skulle bli kjent med sentrale delar av byen, var det lagt inn ein gaida tur til fots første formiddagen. Etter å ha studert omtale og evaluering av turselskap og gaidar på internett, hadde eg gjort avtale med Danijela. Det var eit klokt val. Med vennleg autoritet losa ho oss stødig frå hovudgater til basarkvarter, småbutikkar, gudshus, bruer og minnesmerke fram til ein avsluttande bosnisk lunsj på restaurant Dznita ved basarområdet. Undervegs gav ho oss sentrale brikker til puslespelet om den brokete historia til «Europas Jerusalem».

Advertisement

Danijela fortalte lite om seg sjølv og sin eigen bakgrunn, men vi oppfatta at ho hadde budd i byen under krigsperioden og kringsettinga 1992–95. Éin gong blei ho blank i auga. Det var da vi trefte på ein flokk barn inne i den katolske katedralen. Ho fann ut at dei var elevar frå Srebrenica, både serbarar og bosniakar, som var saman på skoletur.

Da eg sommaren 2020 leita etter mogleg bakgrunnsstoff til denne boka, kom eg over ein artikkel i Der Spiegel frå 1993 om «Dødsdans i gettoen» i Sarajevo. Den skildra

KRISTIAN HAGESTAD 69

eit bryllaup for Danijela Vukolic og Miralem Mehic.2 Ein e-post-kontakt til gaiden vår stadfesta det eg alt hadde forstått: Dette var «vår» Danijela. Ho ville gjerne stille opp som tidsvitne i eit intervju via nettet og fortelje om hendingar ho aldri nemner i rolla som profesjonell turistgaid.

Under første del av krigen budde Danijela i husværet til foreldra i bydelen Dobrinja, nær flyplassen og berre få hundre meter unna frontlina mot dei bosnisk-serbiske styrkane. Bombardementet var intenst. Leilegheita deira blei råka, og i tre månader budde dei «som mus i kjellaren». Om nettene måtte dei stundom ut på baksida av huset og gravlegge naboar, som var råka av granatnedslag eller skott frå snikskyttarar.

Tilførsel av straum, gass og vatn fall ofte ut. Blokaden førte til mangel på det meste. Aldri før hadde dei ete så mykje løvetannsalat! Mor hennar klarte også å få tak i litt grønsaker, frukt og boksemat via kjenningar frå jobben. Etter ei tid kom det i tillegg hjelpesendingar frå verdssamfunnet, som skulle skaffe dei ein matrasjon på 200 gram dagleg. Hermetikken blei stundom slengd mot huset frå pansra køyretøy. Etter kvart vart det etablert ein korridor ut frå Dobrinja; samankropne kunne dei ta seg ut av bydelen og inn til sentrum av Sarajevo. Far hennar var serbar, mora kroat. Sjølv definerer ho seg som serbar, dersom ho må velje etnisk identitet. I Jugoslavia-epoken var blandingsekteskap vanleg i Bosnia-Hercegovina, og dei kommunistiske styresmaktene oppfordra til giftarmål på tvers av etniske og religiøse grenser. I Sarajevo utgjorde blandingsekteskap om lag ein tredel av totaltalet for gifte par.3 Danijela fann seg tidleg ein kjærast utanfor den gruppa ho sjølv høyrde til, bosniaken Miralem Mehic frå ein tradisjonell muslimsk familie, som budde nær ved. Dei møttest på eit diskotek, medan dei begge gjekk på vidaregåande skole. Sommaren 1993 blei ho gravid, og giftarmål vart framskynda. Etter

70 JUGOLAND

femten månader med serbisk omleiring av byen var «grenseoverskridande» bryllaup blitt høgst uvanleg. Og slik er det framleis, snart 30 år seinare. Ei meiningsmåling har vist at berre 40 prosent av ikkje-muslimar i Bosnia-Hercegovina vil akseptere å få muslimar inn i familien.3 Enkelte muslimske leiarar og nasjonalistiske bosniakar har aktivt arbeidd mot giftarmål på tvers av dei etniske grensene, og dei har omtalt barn av slike forhold som bastardar.4 I 2019 var berre tre prosent av inngåtte ekteskap av blandingstype.5 Danijelas knappe kommentar til temaet er at dei fleste i dag «finn seg ein blome i eigen hage». Dotter hennar følger ikkje straumen, ho har ein kroat som kjærast. Sonen har funne seg ei serbisk jente.

Eit par månader før Danijela og Miralem gifta seg, blei eit anna etnisk blanda kjærastepar drepne av ein snikskyttar, da dei kryssa ei bru i Sarajevo. Serbaren Boško og bosniak-venninna Admira var omtrent jamgamle med Danijela og Miralem. Han døydde momentant. Ho blei dødeleg såra, men krabba bort til Boško og omfamna han, før ho anda ut. Dei to blei snart internasjonalt kjende som «Romeo og Julie i Sarajevo».3 «Vi er Romeo og Julie som overlevde», kommenterer Danijela.

Bryllaupet stod den 3. juli. Gjestar frå nabolaget samla seg heime hos henne midt på dagen. Det var for risikabelt å la så mange menneske gå inn hovudinngangen. Dei gjorde sin entré frå baksida av bygninga. Før dei staspynta gjestane kunne skåle for brura, måtte dei passere trekrossar på provisoriske graver ute i garden, deretter gå via verandaen og soverommet til naboen og så klatre opp ein stige til eit smalt vindauge inn til leilegheita. Venninner hadde fått tak i rosmarin og plukka blomar til brudebukett, med livet som innsats innanfor rekkevidda til snikskyttarar.

Neste etappe var sjølve vigselen. Brudeparet ønskte ikkje å involvere verken prest eller imam. I eit provisorisk samfunnshus i nærleiken, der ei raud rose i granathylse på utsida av bygninga var det

KRISTIAN HAGESTAD 71

einaste teiknet på fest, svarte Danijela og Miralem ja på spørsmåla frå statstenestekvinna. Så gjekk ferda vidare til familien Mehic sin bustad, der meir enn femti gjestar hylla dei nygifte. Kokka beklaga seg over at det blei feiring utan kjøt, og meinte det unge paret i det minste burde hatt tolmod til å vente med bryllaupet så lenge at tomatane på balkongen var blitt modne.

Knapt åtte månader seinare blei sonen Armin fødd. Miralem kunne ikkje vere med til klinikken inne i sentrum. Som militært personell fekk han ikkje lov til å forlate Dobrinja.

Da krigen braut ut på vårparten 1992, var Danijela meir enn halvt ferdig med eit femårig tannlegestudium. Miralem var utdanna tannlege med spesialitet i protesebehandling. Dei hadde planar om ein gong å starte ein privat tannklinikk. Slik gjekk det ikkje. «Krigen sette stoppar for livsplanane våre.» Mannen fann seg ikkje arbeid der han kunne bruke utdanninga si og enda opp som seljar i VVSbransjen. Sjølv fekk ho ikkje fullført studiet. Etter forsøk i anna arbeid prøvde ho seg i 2009 som turistgaid, og fann raskt ut at dette var jobben for henne. Men så, etter elleve år, kom koronapandemien. I juli 2020 fortalte ho meg om bortfall av alle oppdrag sidan februar og om eit liv på eksistensminimum.

Danijela har budd heile livet sitt i Sarajevo. Ho var elleve år gammal da Tito døydde, 23 år da krigen kom til byen hennar. Ho nøler når eg bed henne samanlikne livet i Jugoslavia med situasjonen i staten Bosnia-Hercegovina i dag. Men så kjem det: «Når eg tenker på barndommen, tenker eg på fred, fridom, nære relasjonar, gratis aktivitetar etter skoletid, sommarferiar, vinterferie, nasjonale høgtidsdagar med mykje gøy; betre på alle vis. I hovudsak var Jugoslavia ein sterk føderasjon og eit blomstrande land. Tito var ein stor leiar. Han prøvde å halde oss saman og verne om brorskap og einskap. Der var ingen heimlause eller personar utan inntekt. Eg skulle ønske at barna mine kunne fått eit slikt liv.»

72 JUGOLAND

Danijela og Miralem i dag. (Bakija M, Balkan Diskurs)

KRISTIAN HAGESTAD 73

På spørsmål om kva som er dei største utfordringane for Bosnia- Hercegovina i dag, kjem svaret raskt, konsist og innbite: «Halde landet saman, bli medlem av EU, verne økonomien og landet frå økonomisk krise og totalt samanbrott.» Sommaren 2020 vurderte Danijela – for første gong etter tusenårsskiftet – seriøst å forlate heimbyen og landet sitt.

1. Basert på Nils Slettemarks dikt «Guiden Ingeborg», siste vers. 2. Mayr W. Totentanz im Ghetto. Der Spiegel, 12.07.1993. 3. Crosby A. Mixed Marriages Emerge As Another Casuality Of Bosnia’s War. RadioFreeEurope RadioLiberty, 08.07.2017. 4. Radosavljevic Z, Fletcher P et al. Bosnia Screbrenica

Love Story Brings Hope. Sarajevo Times, 16.11.2012. 5. Bakija M. Love Is Always The Right Value To Fight For.

Balkan Diskurs, 27.01.2021.

74 JUGOLAND

Kosovo

Kosovo er den yngste staten i Europa. Landet har også den yngste befolkninga, medianalder er 29 år. (Foto: Torbjørn Kjosvold – Forsvaret)

KRISTIAN HAGESTAD 75

This article is from: