![](https://assets.isu.pub/document-structure/210915064705-53f80b655ce376c189893ca9a94c5018/v1/5f75f826fa380d842ea1501f88f7912a.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
10 minute read
Frå serbisk provins til «delvis anerkjent» stat
Innlandsområdet Kosovo er den einaste delen av det tidlegare Jugoslavia der majoriteten av befolkninga ikkje er av slavisk opphav. Det albanske fleirtalet meiner dei kan føre sine anar tilbake til illyrarane, nokon av urinnbyggarane på Balkan. Den serbiske minoriteten er etterkommarar av slaviske stammar, som vandra inn på 600-talet.1
SERBISK, ALBANSK ELLER BEGGE DELAR? Gjennom meir enn tusen år har det innbyrdes styrkeforholdet mellom dei to folkeslaga variert i takt med historiske hendingar, inn- og utflyttingar og etter kvart skilnader i fødselstal. På 1300-talet var det truleg klart serbisk fleirtal i Kosovo. Frå rundt år 1700 har den albanske gruppa vore størst.2 På 1900-talet fall den serbiske delen drastisk. Ved folketeljing i 1921 var den 26 prosent, i 1991 var den ti prosent. Nå utgjer serbarane om lag fem prosent av dei knapt to millionar innbyggarane.3
Advertisement
Kosovo var kjerneområdet for det serbiske storriket som eksisterte frå ca. år 1200. Stader, kyrkjer, kloster og andre bygningar frå den tida har ein sentral plass i serbisk historie og identitet. Kosovo blir ofte omtala som vogga for den serbiske nasjonen. Etter nederlaget mot det ottomanske riket i slaget på Kosovo-sletta (Kosovo Polje) i 1989 gjekk det serbiske riket i oppløysing. Frå 1600-talet konverterte dei fleste albanarane til islam, etter det oppfatta mange
76 JUGOLAND
serbarar dei som representantar for okkupantane. Da Serbia under første Balkan-krigen i 1912 jaga tyrkarane ut av Kosovo, såg serbarane på dette som ei frigjering, medan mange albanarar oppfatta det som okkupasjon.
Under første verdskrigen blei Kosovo okkupert av Austerrike og Bulgaria. Etter krigen blei Kosovo – som del av Serbia – inkludert i det nye kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar. Under andre verdskrigen blei Kosovo okkupert av Italia og Tyskland og slått saman med Albania. Nokon av kosovo-albanarane slutta seg til partisanane; andre gjekk inn i albansk-nasjonalistiske grupper, som terroriserte serbarar. Da Titos styrkar tok Kosovo i 1945, gjorde albanarar væpna motstand, og provinsen blei sett under militærstyre.
Kosovo blei styrt med hard hand frå Beograd fram til siste halvdel av 1960-talet, da ein meir liberal og desentralisert politikk overtok. Den jugoslaviske grunnloven av 1974 forsterka utviklinga. Kosovo blei ein autonom provins i Serbia med eige parlament og nesten like mykje sjølvstyre som delrepublikkane. I 1981 kom det eit skifte. Det oppstod opptøyar blant albanarane med krav om at Kosovo måtte bli eigen delrepublikk. Éin grunn til uroa var den økonomiske krisa som hadde slått inn i Jugoslavia. Den ramma særleg hardt det fattige Kosovo, der gjennomsnittsinntekta var den lågaste i føderasjonen. Uroa heldt ved utover 1980-talet. Mange albanarar blei fengsla for separatisme. Mange serbarar drog frå provinsen på grunn av forverra økonomisk situasjon og trakassering frå albansk side.4
FRÅ SERBISK TILSTRAMMING TIL NATO-KRIG Serbias president Milošević brukte uroa i Kosovo til å styrke sin politiske posisjon ved å spele på serbisk-nasjonalistiske strengar i Kosovo-spørsmålet. Den 28. juni 1989, på 600-årsdagen for slaget
KRISTIAN HAGESTAD 77
mot tyrkarane, heldt han ein kraftfull serbisk-patriotisk tale til ein million serbarar ved minnesmerket på Kosovo Polje.5 Styresmaktene i Beograd slo nå inn på ein politikk som skulle gjere det klinkande klart at Kosovo var underlagt Serbia, og som skulle motverke meir utflytting av serbarar. Kosovos autonomi blei drastisk redusert. Parlamentet og regjeringa i provinsen blei oppløyst. Albansk språk, som var blitt likestilt med serbo-kroatisk i 1974, fekk tronge kår. Den albanskspråklege avisa gjekk inn, albansk blei ikkje brukt på fjernsynet. Portforbod og unntakslover blei tatt i bruk. Oppbodet av politi og soldatar blei styrka.
Albanarane svarte på serbiske innstrammingar med sivil ulydnad og oppretting av eit albansk parallellsamfunn – «Republikken Kosova» – med eigne skolar, universitet, helsetenester, forliksråd, politiske val, parlament, president og administrativt apparat. Verksemda blei finansiert med skattlegging av kosovo-albanarar, dei som var i heimlandet så vel som emigrantar i utlandet.6 Den politiske leiaren Ibrahim Rugova (1944–2006) stod for ei konsekvent ikkjevaldsline, inspirert av førebilde som Mahatma Gandhi og Nelson Mandela. Det langsiktige målet var fullt sjølvstende for Kosovo, men han meinte det måtte komme gradvis gjennom passiv motstand og sjølvorganisering. Det eksisterte ei slags stillteiande forståing mellom Rugova og dei serbiske styresmaktene. Han fekk drive sin alternative «republikk» frå sitt kontor hundre meter frå politihovudkvarteret i hovudstaden Priština, fekk reise inn og ut av landet på serbisk pass og tale si sak i internasjonale fora. Han blei ikkje arrestert, før han blei sett i husarrest under NATO-bombinga i 1999.7
Utover 1990-talet kom det aukande misnøye med Rugovas pasifistiske line, særleg blant utolmodige unge albanarar. Geriljarørsla Kosovos frigjeringshær (UÇK) blei danna og stod offentleg fram i 1996–97. I starten bestod den av eit par hundre mann, i 1999 var talet 18000.8 Hovudtaktikken til UÇK var å slå til med bakhaldsåtak
78 JUGOLAND
Scene frå Lebane nær Priština etter NATO-bombing 1999. (Foto: Torgeir Haugaard – Forsvaret)
mot politistasjonar og militære mål. Som forventa svarte serbarane med represaliar, som stod fram som overdrivne, og som i stor grad ramma sivile offer. Som UÇK vidare hadde forventa, skapte dei serbiske motaksjonane internasjonale reaksjonar med fordømming og truslar om straffetiltak mot Serbia. I dag er gater og plassar i Kosovo fulle av minnesmerke og namn knytte til den væpna motstanden 1998–99. Namn frå den ikkje-valdelege kampen er sjeldan å sjå, og denne delen av fortida er berre kort nemnt i skolebøkene for undervisning i historie.9
Etter at dei såkalla forhandlingane om Kosovo i Ramboulliet ved Paris i februar–mars 1999 enda utan nokon avtale, starta NATO 24. mars bombekrig mot «rest-Jugoslavia». NATOS luftåtak utløyste serbisk bakkekrig mot albanarane i Kosovo. Halvannan million av
KRISTIAN HAGESTAD 79
knapt to millionar menneske blei drivne på flukt; 800000 drog til naboland, i hovudsak Makedonia (nå Nord-Makedonia), Albania og Montenegro. Dei fleste vendte raskt tilbake etter krigen.10
Utviklinga av Kosovos status etter krigen i 1999 fram til sjølvstendeerklæring og eiga grunnlov i 2008 er omtalt i neste kapittel. Det tar også opp den nye Kosovo-staten sine vanskar med å få allmenn internasjonal godkjenning, samt vanskar med medlemskap i tunge internasjonale organisasjonar. Norsk Wikipedia omtaler Kosovo som ein «delvis anerkjent republikk».11
SJØLVSTENDE – OG KVA SÅ? Valperioden for parlamentsmedlemmer skal normalt vere fire år. Valdeltakinga plar vere låg, ved parlamentsvalet i 2014 var den 40 prosent. Valordninga og det store talet på parti legg til rettes for hestehandling og intrigar om regjeringsmakt. Politisk instabilitet har gjort at det er halde val fem gonger i perioden 2010–21. Per første halvår 2021 hadde der vore fem statsministarar og seks presidentar; tre av desse har bakgrunn frå leiinga i UÇK og er tiltalte ved spesialdomstolen for Kosovo i Haag.
Det kan gå hardt for seg når det er usemje i nasjonalforsamlinga. Perioden 2015–16 var ei særleg turbulent tid med konfliktar om forholdet til naboland og EU. Opposisjonen tok sterke middel i bruk både i og utanfor parlamentet. Under ein demonstrasjon blei det kasta brannbomber mot bygninga. I møtesalen blei det fleire gonger avfyrt tåregassgranatar og brukt peparspray. Statsministeren vart møtt med laserlys, egg og vass-sprut. Paraply og gassmaske vart nyttig utstyr for delegatane.12,13 Folk flest er mindre opptatt av utanrikspolitiske problem enn av heimleg kvardagssituasjon. Før parlamentsvalet i 2019 skreiv den prislønna Priština-journalisten Jeta Xharra ein artikkel med tittel: «Det er på tide at eit val i Kosovo fører til reelle løysingar.» Hennar
80 JUGOLAND
hovudpoeng var at staten ikkje kan få orden på forholdet til naboland og EU, før det har skjedd noko drastisk med leveforholda i eige land. Xharra trakk fram låg standard i helsevesen og utdanningssystem, at 25 prosent av befolkninga ikkje har tilgang til reint vatn, og at 40 prosent ikkje har fungerande kloakksystem. Ho peikte på at landet lid under korrupsjon; politiske parti i maktposisjon har forsynt seg av offentlege middel, tilsett partifellar i offentleg verksemd og gjort seg sjølve rike. Folk treng at rettsvesenet tar vald på alvor, at standarden på mat held mål, og at det blir reagert mot arbeidsgivarar som set liva til dei tilsette i fare. Xharra hevda at 20 prosent av befolkninga forlet Kosovo i perioden 2011–19.14
Mange av momenta som Xharra trekte fram, er vel kjende frå rapportar, bøker, statistikk og nyheitsmeldingar. Andrea Lorenzo Capussela, som var leiar av økonomiavdelinga i EUs sivile representasjon i Kosovo 2008–11, meiner vestlege land mislykkast da dei skulle bidra til å bygge opp eit berekraftig samfunn etter sjølvstendeerklæringa. Særleg svikta det i kampen mot korrupsjon og organisert kriminalitet.15 Ein rapport om Kosovo frå det amerikanske utanriksdepartementet i 2019 omtalte bl.a. vald og truslar mot journalistar, korrupsjon på regjeringsnivå og åtak på etniske minoritetar.16 Sjefen for NATOs KFOR-styrke i Kosovo – generalmajor Michele Risi – beskreiv hausten 2020 dei største truslane mot tryggleiken i landet slik: etnisk spenning, korrupsjon, organisert kriminalitet, religiøs radikalisme, migrasjon og umodne institusjonar.17
Den serbiske minoriteten er utsett for trakassering. Ifølge den amerikanske rapporten frå 2019 blei det registrert 100 tilfelle i dei sju første månadene av 2018.16 Handlingar som rammar serbarar varierer i innhald og alvorsgrad: Utskjelling, graffiti, steinkasting, tjuveri, hærverk, øydelegging av minnesmerke, skade på serbiskortodokse bygningar og nedbrenning av bustadhus.18 Styresmaktene i Kosovo er sjølvsagt ikkje direkte ansvarlege for slike handlingar,
KRISTIAN HAGESTAD 81
men med sin politikk har dei bidratt til belastninga på serbarane, som når tenestepersonar, politikarar og journalistar frå Serbia blir nekta innreise.19,20 Eit anna konfliktområde har vore albanisering av namn på serbiske heilage stader i Kosovo.21 I tillegg kom ei ordning med 100 prosent toll på importerte varer frå Serbia i tida 2018–20.
Kosovo er sagt å vere det nest fattigaste landet i Europa. Verdien av eksport er berre ein liten brøkdel av importverdien. Pengar som kosovo-albanarar i utlandet sender heim, utgjer 17 prosent av BNP, internasjonal bistand står for ti prosent. Arbeidsløysa er kjempehøg, blant ungdom 18–25 år er den over 50 prosent.22 Mange har forlate landet og prøvd lykka andre stader. Dei kan ikkje reise til Schengen-området utan visum; men dei første tre månadene i 2015 kom nesten 49000 personar frå Kosovo til EU-land som asylsøkarar, fleire enn det kom frå Syria og Afghanistan til saman.23
Den oppglødde stemninga i landet etter sjølvstendeerklæringa i 2008, er for lengst borte. Det er blitt klart for alle at politiske og administrative institusjonar, nasjonalsong, flagg og lovverk ikkje er nok for å skape ei ny og betre framtid. Kanskje må UÇK-generasjonen skiftast heilt ut med yngre krefter, før Kosovo kan bli eit land der felles interesser kjem før personleg vinning, og der det kan samarbeidast på tvers av etniske og andre skiljeliner?24
Utfallet av parlamentsvalet i februar 2021 skapte ein viss optimisme. Dei to tradisjonelle styringspartia gjekk på eit klart nederlag. Partiet Vetëvendosje (sjølvråding) med mange nye kandidatar fekk 50,3 prosent av stemmene og nesten fleirtal i nasjonalforsamlinga. Blant dei ferske politikarane står utanriksminister Donika GervallaSchwarz (1971–) fram som særleg interessant. Ho er oppvaksen i Makedonia, Kosovo, Tyskland og Albania, og har varsla kamp mot politiske utnemningar til stillingar og verv.25
1. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 141–42. 2. Mønnesland S. Kosovo – bakgrunn for dagens konflikt.
82 JUGOLAND
I: Albanerne i Jugoslavia. Oslo: Utlendingsdirektoratet, s. 11. 3. Regions and territories: Kosovo. BBC News, 24.01.2012. 4. Howe M. Exodus of Serbians Stirs Province in Yugoslavia. The New York Times 12.07.1982 5. Milosevic’s 1989 speech in Gazimestan, the Field of
Black Birds (or Kosovo Polje). BBC, 30.06.1989. 6. Pula B. The emergence of the Kosovo “parallel state,” 1988–1992. Nationalities Papers, 12/2004: s. 797–826. 7. Eide E B. Fra Dayton til Rambouillet. Mennesker og rettigheter, s. 205–19. 8. Pettifer J, Miranda Vickers M. The Albanian Question: Reshaping the Balkans. London: Bloomsbury Academic, 2007: s. 176. 9. Gashi S. Kosovo – no memory of non-violent resistance. Balkan Insight, 02.07.2019. 10. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 361–62. 11. Kosovo – Wikipedia 12. Çollaku P. Kosovo Opposition MPs Tear-Gas Parliament Again. Balkan Insight, 15.10.2015. 13. More tear gas in Kosovo’s assembly; water thrown at
PM. www.b92.net/eng , 10.03.2016. 14. Xharra J. It’s Time an Election in Kosovo Brought real
Solutions. Balkan Insight, 25.09.2019. 15. Lorenzo Capussela A. State-Building in Kosovo – Democracy, Corruption and the EU in the Balkans. London: I.B. Tauris & Co Ltd, 2015. 16. 2019 Country Reports on Human Rights Practices: Kosovo.
U.S. Department of State – Bureau of Democracy, Human
Rights, and Labour, 2019. 17. KFOR commander says tensions, crime and radicalism main problems in Kosovo. N1 News, 07.10.2020. 18. Another house belonging to Serb returnees set on fire.
Beta News, 23.10.2014. 19. Kosovo nekter serbiske tjenestemenn innreise. NTB, 04.07.2019. 20. Stojanovic M. OSCE Chides Kosovo for Preventing Entry of Serbian Journalists. Balkan Insight, 19.02.2021. 21. “Strategy against attempts to rename Serb heritage”.
Tanjug, 07.10.2013. 22. 2020 CIA WORLD FACTBOOK. 23. Vermes T. EU oversvømmes av asylsøkere fra Kosovo.
ABC Nyheter, 18.06.2015. 24. Shaia M. Kosovo – ti år etter. Klassekampen, 17.02.2018. 25. Isufi P. Donika Gervalla-Schwartz: Childhood Emigrant
Becomes Kosovo’s Top Diplomat. Balkan Insight, 14.04.2021.
KRISTIAN HAGESTAD 83