10 minute read

Kosovo, Krim, Catalonia – kven får lov å bryte ut?

Iperioden 1991–2008 måtte Europa-kartet gong på gong teiknast om. I løpet av sytten år kom det femten nye statar. Oppløysinga av Jugoslavia låg bak sju av nyskapningane, seks av desse var tidlegare jugoslaviske delrepublikkar. Den sjuande staten – Kosovo – hadde ein meir spesiell bakgrunn og tilkomst.

Under krigane knytte til oppløysing av Jugoslavia oppstod det mellombels vidare oppsplitting av fleire tidlegare delrepublikkar. I Kroatia eksisterte den serbiske republikken Krajina 1991–95. I Bosnia-Hercegovina hadde kroatane republikken Herceg-Bosna 1991–94, og serbarane oppretta sin Republika Srpska (RS) i 1992. Ingen av desse tre «landa» blei internasjonalt anerkjente, men RS lever vidare som den serbiske delen av Bosnia-Hercegovina.

Advertisement

KOSOVO – «UNNTAKET» Kva som skulle skje med Kosovo-provinsen i Serbia, var eit meir komplisert spørsmål. I juli 1990 erklærte «parlamentet» for den albanske majoriteten i provinsen sjølvstende. Ei folkeavstemming i 1991 – med internasjonale observatørar – gav 99 prosent tilslutning til kravet om sjølvstyre for Kosovo. Serbarane (og andre minoritetar) boikotta avstemminga. «Landet» fekk den gongen inga internasjonal anerkjenning. I 1991 oppretta EF (i dag EU) ein kommisjon for å vurdere organisasjonen si haldning til nye statar frå det tidlegare Jugoslavia. Resultatet blei eit prinsipp om at delrepu-

84 JUGOLAND

blikkar som hadde brote ut av føderasjonen, kunne godkjennast; men ikkje område med provinsstatus. Det innebar eit nei til Kosovo.

Etter NATOs bombekrig mot «rest-Jugoslavia» i 1999 vedtok Tryggingsrådet i FN ein resolusjon om at Kosovo i ein overgangsperiode skulle administrerast av FN, men ha lokalt sjølvstyre. Resolusjonen gav rom for ulik tolking når det gjaldt status for provinsen på lengre sikt. På eine sida understreka den «suverenitet og territorial integritet for den føderale republikken Jugoslavia» (Serbia og Montenegro). På andre sida omtalte den «substansiell autonomi og meiningsfull sjølvadministrasjon» for Kosovo.1 I 2005 blei den tidlegare finske presidenten Martti Ahtisaari (1937–) utpeikt som FNs utsending for internasjonale forhandlingar om framtidig status for provinsen Kosovo. I 2007 la han fram ein plan for overgang til såkalla «overvaka sjølvstyre». Serbia motsette seg dette, og Russland blokkerte for at Tryggingsrådet fatta vedtak i tråd med Ahtisaaris opplegg.

Den 17. februar 2008 vedtok nasjonalforsamlinga i Kosovo med stort fleirtal å erklære seg som uavhengig stat. Representantar frå etniske minoritetar boikotta avstemminga. To månader seinare blei det vedtatt grunnlov, som innebar overføring av makt frå FN til regjeringa i Kosovo. Denne gongen var vestlege land raskt ute med å godkjenne republikken Kosovo som eigen stat; Storbritannias vedtak kom alt 18. februar, Noreg kom etter 28. mars.

Serbia meinte at Kosovos sjølvstendeerklæring var i strid med folkeretten og tok saka til den internasjonale folkerettsdomstolen i Haag (ICJ). Under høyringar i domstolen blei det frå Noreg og andre vestlege land hevda at Kosovo var eit særtilfelle på grunn av serbiske menneskerettsbrott mot albanarane, og fordi FN-styret med stor autonomi hadde vart lenge. Derfor skulle lausrivinga ikkje skape «smitteeffekt». ICJ konkluderte i 2010 med at sjølvstendeerklæringa ikkje var i strid med folkeretten, fordi internasjonale lover ikkje

KRISTIAN HAGESTAD 85

har forbod mot å erklære sjølvstende; men kjenninga tok ikkje stilling til om erklæringa var folkerettsleg lovleg, og om Kosovo var ein fullverdig stat.2,3 Fleire kommentatorar uttrykte frykt for at avgjerda kunne inspirere separatistar både i Europa og andre delar av verda.3,4

Alt før avgjerda i Haag hadde nesten 70 land anerkjent Kosovo som sjølvstendig stat. Fram til 2013 auka talet til godt over hundre. Det kom påstandar om «kjøp» av anerkjenning gjennom bestikking. Den rike forretningsmannen Behgjet Pacolli, som ein periode var utanriksminister i Kosovo, skal ha hatt ei sentral rolle i den samanhengen.5 Rundt 2015 starta Serbia ein motkampanje for å få land til å gjere om godkjenningsvedtak.6 Ifølge Serbia var status i 2020 at 18 land hadde trekt tilbake godkjenninga av Kosovo, at 92 land opprettheldt den, og at situasjonen var uklar for fem land. Styresmaktene i Kosovo opplyste at staten var godkjent av 97 land. Kosovo har ikkje oppnådd medlemskap i FN eller FN-tilknytte organ som UNESCO; heller ikkje Europarådet, OSSE eller Interpol (den internasjonale organisasjonen for kriminalpoliti-samarbeid).

KRIM – EI ANNA SAK? I 2014 var turen for utbrott kommen til ein annan del av Europa. Krim hadde frå 1954 vore provins i Ukraina, men hadde før den tid høyrt til Russland. Framleis var russisk morsmål for 77 prosent av befolkninga, elleve prosent talte krimtartarsk og ti prosent ukrainsk.7 Krims utbrott blei utløyst av hendingar på nasjonalt nivå i Ukraina. Hovudstaden Kiev vart i 2014 åstad for politisk uro, demonstrasjonar og blodig opprør med fleire hundre drepne. Den demokratisk valte russisk-vennlege presidenten måtte gå av, og parlamentet vedtok at russisk ikkje lenger skulle vere offisielt språk i landet på line med ukrainsk.

Under oppstanden i Krim blei den ukrainske leiinga i provinsen

86 JUGOLAND

avsett. Opprørarane fekk militær støtte frå Russland. I den påfølgande ordkrigen med Vesten kunne Russland ta i bruk Vestens eige vokabular; bruken av militærmakt blei framstilt som ein «humanitær intervensjon» for å verne Krim-borgarane mot eit forskottert «folkemord».

Omveltinga skjedde nesten utan tap av menneskeliv. Ifølge NRK-korrespondent Hans Wilhelm Steinfeldt mista éin ukrainsk soldat og éin russar livet.8 Den 16. mars blei det gjennomført folkeavstemming om kor vidt Krim skulle bli ein del av Russland eller vere ukrainsk. Frammøtet var 83 prosent. Det første alternativet fekk tilslutning frå 97 prosent av dei som stemte. Krim vart deretter den 22. delrepublikken i den russiske føderasjonen.

Internasjonalt utløyste hendingane i Krim massiv fordømming og omfattande sanksjonar mot Russland frå land innan EU, NATO og G7-landa. Vestlege media var sterkt kritiske til omveltinga på Krim. Eitt unntak var den franske avisa Le Figaro, som samanlikna Vestens haldning til sjølvstendeerklæringane frå Kosovo i 2008 og frå Krim i 2014. Konklusjonen blei at reaksjonane frå Vesten bar preg av dobbeltstandard. Le Figaro etterlyste også at vestlege journalistar, som i 2008 rapporterte om gledesscener frå Priština og Prizren i Kosovo, nå gjorde det same frå Sevestapol og Simferopol i Krim.9

Året etter at Krim reiv seg laus frå Ukraina, utførte det tyske gallupfirmaet GfK ei meiningsmåling i Krim. Spørsmålet var om folk framleis støtta innlemminga i Russland. Heile 82 prosent svarte «ja, absolutt», 11 prosent svarte «ja, stort sett», to prosent svarte nei.10

Professor Geir Ulfstein – ved «Senter for forskning om internasjonale domstolers legitimitet» ved Universitetet i Oslo – har i si bok om folkerett kommentert forholdet mellom Kosovo og Krim sine vedtak om lausriving:

Men det faktumet at flere vestlige land anerkjente Kosovos rett til

KRISTIAN HAGESTAD 87

selvbestemmelse, gjorde det mindre troverdig å nekte Krims befolkning tilsvarende rett ... Mangel på prinsipiell begrunnelse for å støtte Kosovos selvbestemmelsesrett gjør at tilsvarende rett for Krims befolkning fremstår som politisk, ikke folkerettslig.11

Ulfsteins vurdering er i tråd med synspunkt frå Michael Wood, tidlegare folkerettsrådgivar i det britiske utanriksdepartementet.12

OG KVA MED CATALONIA? Same året som Krim reiv seg laus frå Ukraina, spissa det seg til i ein annan autonom provins i eit anna europeisk land, Catalonia i Spania. Dei katalanske styresmaktene gjennomførte i november 2014 ei «symbolsk», ikkje-bindande folkeavstemming om framtida for provinsen. Av dei som røysta, ønskte 81 prosent at Catalonia skulle bli ein sjølvstendig stat. Hausten 2017 vart det utlyst ei ny – og nå «reell» – folkeavstemming om sjølvstende. Den spanske regjeringa og grunnlovsdomstolen – med støtte frå EU – stempla avrøystinga som ulovleg, og det blei sett inn føderalt politi for å hindre gjennomføringa. Trass i brutal politivald fann folkeavstemminga stad. Eit klart fleirtal av dei som stemte, gjekk inn for sjølvstende, men valdeltakinga var låg.

Den 27. oktober 2017 erklærte det katalanske parlamentet at provinsen skulle bli ein uavhengig stat. Da greip den spanske regjeringa inn, oppløyste parlamentet i provinsen, innførte mellombels føderalt styre og skreiv ut nyval. Valet i desember 2017 gav igjen fleirtal av sjølvstyretilhengarar blant representantane i det katalanske parlamentet. I 2019 dømde spansk høgsterett dei sentrale politiske leiarane bak folkeavstemminga og lausrivingsvedtaket i 2017 til fengselsstraffar frå ni til tretten år.

Spania er blant dei fem EU-landa som av innanrikspolitiske årsaker ikkje har godkjent Kosovo som sjølvstendig stat, og som har stått mot sterkt press internt i unionen for einskapleg haldning til

88 JUGOLAND

spørsmålet. Det spanske synet har heilt frå 2008 vore at den einsidige sjølvstendeerklæringa frå Kosovo var i strid med prinsipp om territorial integritet og internasjonal lov. Under diskusjonar i EU om potensielle medlemsland på vest-Balkan har Spania motsett seg å vurdere Kosovo på line med andre land i regionen. Etter spansk syn må EU sjå på Kosovo som ein autonom provins i Serbia.13

Etter som situasjonen i Catalonia tilspissa seg, demonstrerte Spania tydelegare motstand mot Kosovo-staten. Da den spanske ambassadøren til NATO i 2017 skulle på eit offisielt møte ved ein base for KFOR-styrken i Priština, sette han som vilkår at representantar for styresmaktene i vertslandet Kosovo – inkludert statsministeren – ikkje skulle bruke titlane sine, berre namn. Han bad også om at medlemmer av Kosovos tryggingsstyrkar ikkje skulle bere uniform.14 Både i 2018 og 2020 truga Spania med å boikotte møte mellom EU og land frå Vest-Balkan, dersom Kosovo skulle delta på line med andre statar i regionen.15,16

Utviklinga i Catalonia blei følgt med stor interesse i land frå det tidlegare Jugoslavia. I dei to delrepublikkane som først braut ut, Slovenia og Kroatia, kritiserte framståande politikarar og akademikarar Spanias fengsling av katalanske leiarar.17 Det var ikkje tilfeldig at katalanske styresmakter i 2019 opna eit kontor i Kroatias hovudstad Zagreb for å styrke banda mellom Catalonia og land på Vest-Balkan.18

FRYKTEN FOR PANDORAS ESKE Det var ikkje berre dei etablerte statane frå det tidlegare Jugoslavia som nøye følgde med på kva som skjedde i Catalonia. Draum om sjølvstyre eller overflytting til ein annan stat lever fleire stader på Balkan. I den nord-serbiske provinsen Vojvodina, med ein stor ungarsk minoritet, dukka det i 2017 opp graffitiar med katalanske flagg og teksten «Vojvodina=Catalonia». I den kroatiskdominerte

KRISTIAN HAGESTAD 89

delen av Mostar sørvest i Bosnia-Hercegovina blei det heist banner med flagga til Catalonia og den tidlegare utbrytarstaten Herceg-Bosna (1991–93), med teksten «Lykke til. Vi er den neste». Presidenten i Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina har fleire gonger truga med å halde folkeavstemming om lausriving. Den albanske majoriteten i Preševo-dalen sør i Serbia ønsker å bli inkludert i Kosovo. På andre sida vil fleirtalet i dei fire serbiskdominerte kommunane nord i Kosovo høyre til Serbia.

Våren 2021 blei det kjent at eit «ikkje-eksisterande» dokument om grensejusteringar på Balkan hadde sirkulert i EU-systemet eit par månader. Opphavsmann blei sagt å vere Slovenias statsminister Janez Janša. Dokumentet foreslo oppdeling av Bosnia-Hercegovina. Mesteparten av Republika Srpska skulle gå til Serbia, mesteparten av dei kroatiskdominerte områda til Kroatia. Ein serbiskdominert del av Montenegro, nordlege Kosovo og ein bit av Nord-Makedonia skulle også gå til Serbia, som til gjengjeld skulle akseptere at resten av Kosovo blei innlemma i Albania.20 Da dokumentet blei offentleg kjent, vart forslaga raskt og massivt avviste både frå EU-hald og frå statsleiarar på Balkan. Det finst ingen enkle svar på spørsmålet om kven som skal få lov å bryte ut frå ein stat. Til gjengjeld finst det desto fleire spørsmål: Burde EU ha halde fast på prinsippet frå 1991, at berre delrepublikkar kan bryte ut frå ein føderalstat, ikkje provinsar? Var det naivt av Vesten å tru at den kunne «fikse opp» i Kosovo, utan at det ville inspirere andre separatistar? Kvifor måtte Vesten vurdere Krim totalt annleis enn Kosovo? Vil eventuelle nye utbrottsstatar eller grensejusteringar – spesielt på Balkan – opne ei Pandoras eske med talrike nye krav om lausriving eller overføring til annan stat?

1. United Nations Security Council Resolution, 10.06.1999. 2. Andreassen TA. Kosovo-problemet ikke løst. Aftenposten, 24.07.2010: s. 16

90 JUGOLAND

3. Lederskribent. Uviss fremtid. Aftenposten Kultur, 25.07.2010: s. 2. 4. Court settles legal question of Kosovos independence, but not the political issue. The Christian Science Monitor, 22.07.2010. 5. Musliu V. Kosovo: We Didn’t Bribe Maldives for Recognition. Balkan Insight, 11.03.2009. 6. Ker-Lindsay J. Intensifying Battle Over Kosovo’s Recognition is Futile. Balkan Insight, 04.09.2019. 7. Fakta Krim. Aftenposten del 1, 12.03.2014: s. 14. 8. Bjerke O. Krim og Kosovo – ei jamføring til allmenn ettertanke. Klassekampen, 30.05.2017. 9. Buissn J-C. Kosovo-Crimée : deux poids, deux mesures? Le Figaro, FigaroVox, 17.03.2014. 10. The Annexation of Crimea to Russia. Opinion Poll. Global Research, 12.03.2012. 11. Ulfstein G. Hva er folkerett? Oslo: Universitetsforlaget, 2016. 12. Milanjovic M, Wood M. The Law and Politics of the

Kosovo Advisory Opinion; Introduction. Oxford: Oxford

University Press, 2015: s. 3. 13. Spain says Kosovo can only join EU as a region of Serbia. www.b92.net/eng , 01.02.2018. 14. Spanish NATO ambassador to Haradinaj: Don’t call yourself PM. www.b92.net/eng , 02.11.2017. 15. Spain vetoes summit declaration because of Kosovo. www.b92.net/eng , 23.04.2018. 16. Spain threatens boycott of Zagreb summit over Kosovo. N1 News, 29.01.2020. 17. Vladisavljevic A. Actors in Yugoslavia’s Collapse

Voice Solidarity with Jailed Catalans. Balkan Insight. 13.12.2019. 18. Catalonia Opens Regional Office in Zagreb. Total Croatia News, 03.03.2019. 19. Subasic K. Catalan referendum stirs up Balkan nationalists hopes. AFP News, 10.10.2017. 20. Dragojlovic M. Slovenian media publish «non-existent» non-paper on redrawing of borders in Western Balkans.

Independent Balkan News Agency, 15.04.2021.

KRISTIAN HAGESTAD 91

This article is from: