5 minute read

Brua over Ibar – symbolet på ein delt by

Ingen stad er skiljet mellom den albanske majoriteten og den serbiske minoriteten i Kosovo så konkret synleg som i byen Mitrovica i nordre del av landet. Den vesle elva Ibar renn tvers gjennom byen. Ei bru som bind saman den serbiskdominerte norddelen med den langt større og albanskdominerte sørdelen av byen, har blitt symbol og indikator for spenninga mellom dei to største folkegruppene i Kosovo. Brua, gjerne omtalt som «Ny-brua», blei bygd av stål og betong med fransk finansiering i 2001. Den skulle sikre kommunikasjonen mellom dei to bydelane, men mange av innbyggarane har aldri gått over til andre sida av elva.1

«Brua minner oss kvar dag om kva som skjedde før, under og etter krigen», sa ein lokal serbisk journalist til Balkan Insight i 2017, og ho heldt fram: «På begge sider av elva Ibar har vi folk som miste eit familiemedlem eller ein venn. Vi har folk som drog frå heimane sine (på grunn av valden) og måtte starte livet på nytt ... Der er masse mistru mellom folk.»2

Advertisement

KFOR-styrken har fast kontrollpost på staden. NATO-soldatane har ikkje vore aleine om å følge med på ferdsla over brua. På nordsida heldt ei gruppe som kalla seg «bru-vaktarane» til i baren La Dolce Vita. Derfrå heldt dei oppsyn med kven som kom og gjekk. Dersom ein albanar passerte, risikerte vedkommande å få eit «Kosovo-kyss», ei skikkeleg rundjuling.3 I dag avgrensar «vaktarane» seg vanlegvis til grove kommentarar og tilrop.1

92 JUGOLAND

I 2013 besøkte eg Mitrovica. Bilutleigaren i Beograd blei alvorleg, da han fekk vite at eg ville køyre til Kosovo: «Der gjeld ikkje forsikringa!» Han slappa av da eg fortalte at bilen ikkje skulle køyre lenger enn til Nord-Mitrovica. «Da er det ikkje noko problem. Der er det jo serbarland», konstaterte han.

Da eg nådde Nord-Mitrovica seint på ettermiddagen, fekk eg stadfesta at her var det verkeleg serbarland. Kveldssola gylte kuplane på den serbisk-ortodokse kyrkja i åssida. Serbiske flagg vaia frå bygningar og lyktestolpar. Skilt på forretningar og offentlege bygningar hadde kyrillisk skrift. Serbiske dinarar blei brukte som betalingsmiddel. Mange bilar hadde serbiske nummerskilt, resten var utan registreringsplater; ingen ville ha bilskilt frå «det såkalla Kosovo», som serbarane gjerne kallar landet. I parken var det minnesmerke over kosovo-serbarar, som var drepne i samanstøytar med albanarar på 1990-talet.

Dagen etter spaserte eg over brua til sørdelen av denne siste delte byen på det europeiske kontinentet. Der sette moskear og minaretar preg på bybildet. I butikkane betalte eg med euro. I tillegg til det offisielle Kosovo-flagget trefte eg mange stader på faner med den svarte, albanske dobbeltørna på raud botn. Eg møtte også bronsefigurar av heltar frå UÇK på 1990-talet, som nå vakta folkelivet med pistol og handgranat i beltet.

I 2013 var køyrefeltet på nordsida av brua blokkert av ein diger haug med grus, stein og sementblokkar, som «bru-vaktarane» hadde plassert der eit par år tidlegare. Denne barrikaden blei fjerna sommaren 2016, men straks erstatta av ein «fredspark» med bartre, planta i digre sementpotter. Estetisk var det eit klart framsteg,

KRISTIAN HAGESTAD 93

KFOR-soldatar vaktar brua i Mitrovica.

men som blokade var det like effektivt. Trea og pottene blei tatt bort i samband med restaureringsarbeid 2016–17. Like før brua skulle gjenopnast, kom det opp ein to meter høg mur på nordsida. Ifølge lokale styresmakter skulle den verne strandpromenaden og brukast til eit amfiteater. «Berlin-muren», som den raskt blei døypt,

94 JUGOLAND

vart etter kvart tatt ned, men framleis (2021) er brua stengt for biltrafikk.2,4,1 Eit stort fleirtal av innbyggarane både i Nord-Mitrovca og tre andre kommunar nord for Ibar, er serbarar. Totalt finst det om lag 100000 serbarar att i Kosovo. Ifølge European Centre for Minority Issues (2016) held om lag tre firedelar av desse til i fire nordlege kommunar. Av resten bur mange i seks serbiske enklavar lengre sør, andre utgjer ein liten minoritet i albanskdominerte kommunar. Nord-Mitrovica er uoffisiell «hovudstad» for serbarar i landet og var utsett som sete for eit planlagt samband av dei ti serbiskdominerte kommunane. Semje om eit slikt kommunesamband var del av ein avtale som blei inngått mellom Serbia, Kosovo og EU i 2013, men førebels (medio 2021) har styresmaktene i landet sabotert dette.

Mitrovica er ingen storby. Til saman har sør- og nord-delen rundt 80 000 innbyggarar. Likevel har byen heile fire institusjonar for høgare utdanning, to offentlege universitet og to private college. Universitetsstrukturen fell inn i mønsteret med etniske skiljeliner. I sørdelen av byen finn ein «Universitetet i Mitrovica». Det blei oppretta av regjeringa i Kosovo i 2013, som vidareutvikling av ein tradisjonsrik teknisk høgskole. Undervisningsspråket er i hovudsak albansk. I studieåret 2014–15 var der 2700 studentar.5 Den klart største undervisningsinstitusjonen finn ein i norddelen av byen. Den ber det merkelege namnet «Universitetet i Priština Mitrovica». Bakgrunnen er denne: Under NATO-krigen var det 16000 studentar og 1500 tilsette som flykta og/eller blei kasta ut av det den gong serbiskdominerte universitetet i hovudstaden Priština. Med stønad frå FN og Serbia blei det oppretta ein «mellombels» serbisk filial av dette universitetet i Mitrovica. Der har institusjonen sidan blitt verande, og studenttalet har auka år for år. Undervisninga skjer på serbisk og er i samsvar med læreplanar i Serbia. Av dei ca. 10000 studentane kjem 40 prosent frå andre land, dei fleste av

KRISTIAN HAGESTAD 95

desse er frå Serbia, ein del kjem frå serbiske minoritetsgrupper i andre av dei tidlegare jugoslaviske delrepublikkane.6,7,8

Takka vere universitetet har Nord-Mitrovica eit bymiljø og folkeliv som er sterkt dominert av unge menneske. Ein vil måtte leite lenge, dersom ein skal finne eit liknande «ungdomssamfunn» nokon annan stad på Balkan. Ein del av studentane trivst så godt at dei blir buande der. Norddelen av byen får dermed eit ungdommeleg demografisk tilskott til folketal og alderssamansetning, som sørdelen saknar.6

1. Cerkini V. Kosovo: Trying for a normal life in a divided city. Deutsche Welle, 01.10.2020. 2. Morina D. Mitrovica’s Flashpoint Bridge Symbolises

Kosovo’s Divisions. Balkan Insight, 02.03.2017. 3. Popham P. “The Bridge Watchers” terrorise Mitrovica.

The Independent, 23.02.2008. 4. Bancroft I. The Symbol of Mitrovica’s Divisions. Balkan

Insight, 06.03.2020. 5. Home – Universiteti ”Isa Boletini” (umib.net) 6. Bancroft I. University Pumps Fresh Blood into North

Kosovo. Balkan Insight, 21.02.2020. 7. University of Priština – Kosovska Mitrovica – UPKM 8. Picciano N, Elbasani A. UN Shares Blame for Segregated Education in Kosovo. Balkan Insight, 28.03.2019.

96 JUGOLAND

This article is from: